Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Solsystemet
 

   

 
Kvifor ser vi Månen om dagen ?
Tekst: Scandion
01.07.08

Nokre gonger kan vi sjå Månen sjølv om himmelen er heilt blå og det er midt på dagen og strålande solskinn. Burde ikkje Månen berre være synleg etter solnedgang ?

Tida då Månen står opp og går ned skiftar etter kvart som Månen bevegar seg rundt Jorda. Vi kan derfor sjå Månen både om dagen og om natta, men det må være klårvér.

Det er altså ikkje slik at Månen står opp når Sola går ned. Faktisk skjer det berre ved fullmåne, når Månen står diamentralt motsett av Sola. Fullmånen står høgast på himmelen rundt midnatt.

Ei veke etter fullmåne, når ein seier at Månen er i det siste kvarteret (halvmåne), står den først opp ved midnatt. Den kulminerar rundt klokka seks om morgonen og går ned ved middagstid. Då kan vi sjå den klårt om morgonen og formiddagen.

Ved nymåne står Månen vendt mot Sola og har skuggesida mot Jorda, slik at vi ikkje kan sjå den. I dagane før og etter nymåne kan ein sjå den smale stripa som betyr at Månen er minkande eller veksande.

Ei veke etter nymåne står Månen aust for Sola og kan sjåast som ein halvmåne. Den er no i det første kvarteret og står opp klokka 12. Den er på topp klokka 18 og går ned ved midnatt. Det er som regel denne fasen ein ser i klårt vér.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal