Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Solsystemet
 

   

 
Kvifor er himmelen blå ?
Tekst: Scandion
01.07.08

Naturen er full av alle regnbogens fargar. Kva er då årsaka til at himmelen er blå og ikkje ein annan farge, eller veksla mellom nyansar i det store fargespekteret ?

Det er Sola som er den dominerande lyskilda i planetsystemet vårt og gir hovudbidraget til den blå himmelen på dagtid. 

Ein annan mulig forklaring kunne vore at sollyset bryt i såkalla reflekssjonståker i verdsrommet. Rett nok bryt lyset i ei refleksjonståke, men intensiteten av denne brytninga er så svak at vi ikkje kan registrere den med det blotte auga, sjølv ikkje på ein skyfri nattehimmel.

Himmelen er blå, fordi lys med kort bølgelengde vert broten meir enn langbølga lys i atmosfæren. På fagspråket vert dette kalla "Rayleigh-spredningen".

Himmelen sin blåfarge skuldast luftmolekylane som spreiar sollyset. Dersom sollyset hadde gått uhindra gjennom lufta, ville himmelen vore svart også om dagen. I rein, turr luft går den raude delen av sollyset nokså uhindra gjennom,og spreiar først og fremst den blå delen i alle retningar. Derfor er tjukke lag av luft blå når vi ser vinkelrett på solstrålane, medan lufta er raudleg når vi ser i retning av sola ved soloppgang og solnedgang.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal