Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Solsystemet
 

   

 
Lyset frå verdsrommet
Tekst: Scandion
02.07.08

Med verdas største kikkert har astronomane fotografert galaksar som ligg milliardar av lysår borte. Bileta viser dei altså slik dei såg ut for milliardar av år sidan.

Ja, sjølv lyset av den spiralgalaksen som er vår næraste nabo i verdsrommet har vore på veg i over to millionar år, og vi ser den slik som den var før det enno fantest menneske på jorda.

Vårt melkeveisystem er berre ein av verdsrommet sine milliardar galaksar. Dei kan være spiralforma som vår galakse, kuleforma, elliptiske eller heilt uregelmessige. Vår galakse inneheld ca. 100 milliardar stjerner, og sett utanfrå har den diskosform. Tverrmålet er 100 000 lysår, og den største tjukkelsen er 10 000 lysår. Utanfor vår galakse, i mange millionar lysårs avstand, ligg tallause andre galaksar.

Ei stjerneklår vinternatt kan vi skue djupt ut i verdsrommet. Kanskje ser vi vår næraste nabo månen som nymåne, og kanske ser vi planeten Mars, stjernebildet Tyren og ei stripe av den skimrande Melkeveien. Alt vi veit om verdsrommet har lys og radiobølgjer fortalt oss.

Lyset brukar omlag eit sekund frå månen til oss, og det kryssar planetsystemet på ein dag. Men frå den næraste stjerna har lyset brukt 4 år. Vi seier at stjerna er fire lysår borte. Når vi ser på stjernehimmelen ei vinternatt, får vi inntrykk av at stjernene ligg svært tett. Men faktum er at dei ligg ufatteleg spreidd. Avstanden mellom dei må målast i lysår.

Eige lys
Stjernene lyser med eige lys, og er soler - som vår eiga sol. At dei ikkje ser meir lyssterke ut enn planetane, skuldast at dei er mange millionar gonger så langt borte. Stjernene i eit stjernebilde kan synast å liggje i same plan, men dei ligg som regel i svært ulik avstand frå oss.

Reflekterande lys
At vi kan sjå månen endå den er kald og mørk, skuldast at den kastar sollyset tilbake. Ved nymåne står den mellom sola og jorda, og vi ser berre ei smal stripe av den solbelyste sida. Ved fullmåne ser vi heile den sida som vender mot jorda.

Planetane sender heller ikkje ut eige lys, men reflekterar berre sollyset. Mars kretsar omkring sola utanfor jordbana, og vi ser derfor alltid ein stor del av den solbelyste sida. Merkur og Venus kretsar derimot mellom jorda og sola, og viser derfor faser på same måte som månen.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal