Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Kulturminne
 

   

   
Utstilling av gamle økser (biler)
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 31.03.2006
 
For å auka kunnskapen om og styrka vernet av dette spesielle kulturminnet som på strilamål vert kalla for bilo, lagar eg no ein nettutstilling som syner både mengde og variasjon. Dei fleste bilene er i privat eiga og det vert difor berre opplyst sånn omtrentleg kva området bilene er frå, t.d. Osterfjorden, Masfjorden, Austfjorden , Sørfjorden, Voss o.l. 

Utstillinga er basert på ei blanding av private og offentlege kulturminneregistreringar eg har gjort i Nordhordland og Voss dei siste 10-15 åra. Hausten 2005 organiserte og planla eg bile-registrering for Stiftelsen Bryggen i Bergen og dei eksemplara som då vart registrerte inngår såleis i denne utstillinga. Eg har og vitja Voss folkemuseum og sett litt på bilesamlinga deira slik at desse og kan synast fram i utstillinga. 

Det viser seg å vera vanskeleg for eigarane i dag å vita kven som har smidd bilo og alderen på ho. Nokon av bilene er prega med årstal og bokstavar. Andre er meir og mindre pynta og dekorerte og atter andre er fri for merking og dekor. Dersom nokon kjenner att eit av mønstra, veit om smedar som har smidd biler, har ei smedhistorie eller har lyst å visa fram bilo si i denne utstillinga, så er det berre å kontakta meg på arhoy@online.no 


Bila nr. 1 - Ytre Osterfjord, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt skaft. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 2 - Indre Osterfjord, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt skaft. Opphaveleg skaft som på nr. 3. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 3 - Ytre Osterfjord, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt skaft, kopi av gamal skafttype frå Indre Osterfjord. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 4 - Ytre Osterfjord, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt skaft. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 5 - Austfjorden, Nordhordland. Ukjend smed. Gamalt, litt skeivt kort skaft. Dekor og inskripsjon: 1856 H.E. Foto. Arne Høyland. 


Bila nr. 6 - Ein fjellgard i Masfjorden, Nordhordland. Ukjend smed. Gamalt ? litt skeivt langt skaft. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 7 - Lurefjorden, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt beint skaft. Dekor: XX...... Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 8 - Osterfjorden Ytre, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Gamalt skaft. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 9 - Austfjorden, sørsido, Nordhordland. Om smeden: Eigaren seier dette om smeden og bilo: Da kan vera han oldefar so har laga ho. Han var i læra i Bergen og han hadde smia her heima på garden. Oldefar kom her i 1868, va den fuste so sette seg te her, han rydda bruket her, kom frå Almelid i Modalen. Kan henda bilo kjem frå Modalen ?? Alder: siste halvdel av 1800 ?? Ingen dekor eller påskifter. Foto:Arne Høyland. 


Bila nr. 10 - Austfjorden, sørsido, Nordhordland. Ukjend smed og alder. Dekor. Ingen påskrift. På den eine sida av øksekjeften ligg ikkje stålet slett med bladet. Det kan tyda på at bilo opphaveleg kan ha vore smidd for å berre brukast på eine sida, altså den slette sida. (nederste bilete) Foto: Arne Høyland.


Bila nr. 11 - Indre dalstrok, Masfjorden, Nordhordland. Lokal smed ?? Alder: 1873. Påskrift : MRSH. Skaft: gamalt, litt skeivt for å koma betre til med bilo. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 12 (Snikkarbila) - Indre dalstrok, Masfjorden, Nordhordland. Same lokalitet som bile nr. 11. Smed og alder ukjend. Gamalt skaft. I Masfjorden har dei hatt nokre økse som enkelte informantar har kalla for ”Båttnøks” som m.a. vart brukte når dei øksa tønnebotnar for sal. Eg kan ikkje med sikkerheit sei at dette er ei botnøks, men forklaringar eg har fått kan tyda på at dette er Masfjorden si botnøks. Dette namnet har eg førebels berre registrert på tre gardar i Masfjorden. Andre stader i Nordhordland har eg og høyrd ordet snikkarbila brukt om denne øksetypen. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 13 - Austfjorden, Nordsido. Masfjorden. Nordhordland. Smidd på heimegarden? Ukjend alder. Nytt skaft, truleg kopi av det gamle. Klypp frå intervju med eigaren: På dette bruket har det vore fleire generasjonar med smedar, både oldefar og bestefar til Birger lagde navrar. Smio er i kjellaren på stovehuset ved sida av grua. Dei var m.a. kjende for å smi gode navrar. Birger og faren var bygningssmenn. Dei bygde her i området. Det var og bygningsmenn på nabobruket. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 14 - Austfjorden, Nordsido. Masfjorden. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Spesiell dekor som går att på fleire biler, truleg same smeden eller smedslekta som har smidd desse bilene som har lik dekor. Jamfør bile nr. 7. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 15 - Osterfjorden, ytre strok, nordsido. Nordhordland. Eigaren trur bilo kan vera heimasmidd. Alder ukjend. Gamalt og beint kort skaft. Ingen dekor eller påskrift. Dette er ei av bilene som vart dokumentert av tømrarar frå Bryggen i Bergen hausten 2005, d.v.s. ho vert teikna opp, vegd, målt og fotografert. På den måten får dei meir kunnskap om biler frå Nordhordland som kan ha vore nytta under bygginga av Bryggen. I dag krev Riksantikvaren at freda bygningsmiljø som t.d. Bryggen skal vedlikehaldast med materialar og verktøy av gamal lokal type. Det betyr og at tømrarane ved Bryggen skal bruka biler av vestnorsk type, gjerne av Nordhordlandstypen sidan folket frå Nordhordland har vore dominerande som bygningsfolk i Bergen. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 16 - Lindåsområdet. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Ingen dekor eller påskrift. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 17 - Fensfjorden indre, sørsido. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Nytt skaft. Dekor av same type som bile nr 7 og 14. Inga påskrift. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 18 - Osterfjorden, indre strok, nordsido. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Påskrift : …..IO. Vanskeleg å tyda, nokre av teikna manglar, kan det t.d. vera 1810 ??? eller forbokstavane til eigaren ??? Skaftet er gamalt og av lang type og det er uvanleg mykje utlagt til eine sida, d.v.s. uvanleg skeivt. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 19 - Lurefjorden, nordsido. Nordhordland. Ukjend smed og alder. Dekor: Ser ut til å vera ein variant av bile nr. 7, 14, muligens lik nr.17, truleg smidd av same smed eller smedfamilie. Foto: Arne Høyland. 


Bila nr. 20 - Bolstadfjorden, Nordhordland. Ukjend smed. Alder: Påskrift 186….. Vanskeleg å tyda siste talet. Skaftet er gamalt, langt og beint. Foto: Arne Høyland. 

FLEIRE BILER PÅ SIDE 2
 


 
 
 
 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal