Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

    

 
D/S «Austrheim»
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 27.11.2006

D/S «Austrheim» vart bygd ved Mjellem & Karlsen i 1913 og seld i 1952. D/S «Austrheim» var ein skaprsiglar av dei sjeldne. Når han etter vårpussen skifta over til metallpropell, var han ikkje god å fylgja. 

Dessutan hadde han eit handplukka mannskap som sette heile si ære i å halda båten i så god stand som mogeleg. Det seier noko når fleire av dei stod om bord i over 25 år, og ein av dei - som var ungkar - knapt gjekk i land sjølv på dei sjeldne fridagane sine. 


D/S Austrheim på Vågen i Bergen. 

D/S «Austrheim» hadde triple dampmaskin på 40 NHK, og kunne ta 235 passasjerar. 

Mange av dei eldre lesarane vil nok med gleda og vemod minnast den smekre båten, som med sine reine og vakre liner pløgde fjordane våre gjennom tett på 40 år. 

Båten gjekk mykje i Hundvin - Lindås - Austfjordruta. 

D/S «Austrheim» vart i 1952 seld til Edvard og Hans Paulsen i Kopervik. Dei bygde båten om til lastebåt og sette inn motor, og gav han namnet «Slottheim». Dei fekk diverre liten glede av båten, då han forliste og sokk på Skudefjorden i 1957. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal