Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

    

 
M/S «Manger»
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 02.12.2006

I stråland sol og varmt sommarver - kanskje den einaste verkelege sommardagen dette året - vart snøggbåten «Manger» døypt og overteken av BNR ved A/S Fjellstrand Aluminium Yachts i Omastrand, torsdag 12. juli 1979. 

Ved verkstadkaien låg nybygget flaggprydd og skinande, og ei mengd folk var samla for å ta del i høgtida eller berre bivåne storhendinga. Skulemusikken på staden spela, og feststemninga var på topp då fru Inger Andersen føretok dåpshandlinga og gav båten namnet «Manger». 


M/S «Manger». Foto: H. Runderheim 

M/S «Manger» er på 194,6 br. reg. tonn, og har ein passasjerkapasitet på 189 personar. Han kosta nær på 8,9 mill. kr. - og farten, med 2x 12cyl. 4T DM (MTU, Friedrichshafen), 2400 bHK, er på mellom 23 og 24 knop. Leveringsdagen stemde heilt med kontrakten, noko selskapet sjeldan har vore ute for ved andre nybygg. 

Etter dåpshandlinga vart det overlevering og flaggskifte ute på fjorden. Driftssjef Lars Tungesvik frå A/S Fjellstrand Aluminium Yachts leverde båten, og ordførar i bedriftsforsamlinga - Mons R. Mjelde - tok imot han på selskapet sine vegne. Deretter leverde Mjelde skipspapira til fyrsteførar på «Manger», kaptein Hjalmar Vindenes. 

For full fart bar det så ut Hardangerfjorden, framom Varaldsøy og Snilstveitøy, gjennom Luksundet, og fram til Godøysund - der det var duka til festmiddag. 

Kl. 22.00 om kvelden bar det attende til Bergen, og no med snøggbåten M/S «Manger». I den lune og fine sommarkvelden - under ein raudgul måne som saman med fyrlyktene kasta gylte strimer på sjøen - vart heimturen reine eventyret. 

Dagen etter vart båten presentert for presse, kringkasting, kommunale tillitsmenn, representantar for dei tilsette i selskapet, og elles ein del andre gjester. Denne dagen var også verguden mild, så det vart ein strålande tur i vårt eige distrikt. 

Etter eit par dagars trim og prøvekøyring vart snøggbåten sett inn i rute mellom Bergen - Frekhaug og Knarvik. Besetninga ombord var fire mann på kvart skift, og offiserane var desse : 

Kaptein Hjalmar Vindenes (fyrsteførar) 
Kaptein Sigmund Lygre 
Kaptein Ingard Sørhaug 
Maskinsjef Magnus Husebø (fyrstemaskinsjef) 
Maskinsjef Atle Bogen 
Maskinsjef Einar Støldal. 

Informasjonen er henta frå BNR-Nytt nr. 2-3 - 1979 

Vidare historikk 
1994: Juli: Ommålt: 200 BT, 60 NT 
1995: Selt til Ningbo Huagang Co. Ltd., Ningbo, PRC. Omdøpt YONG DA 
2005: Framleis i fart. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal