Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

   

 
D/S «Masfjord» - den hvite svane
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 26.11.2006
 
Etter at D/S «Masfjord» forliste og sokk ved Duesund natt til 3. februar 1944, var Lindaas - Masfjorden Dampskipslag i ei særs lei knipe når det galdt båtar for å halde oppe rutetilbodet i distriktet vårt dei første etterkrigsåra. 

D/S «Lindaas» hadde vore i okkupasjonsmakta sine hender under krigen, og måtte byggjast heilt om før han vart sett inn att i rute. 

I selskapet si møtebok frå 18. juli 1945 kan vi lesa fylgjande: 

SAK 1. 
Ein hev i dag fenge D/S «Sæter» på hand for kr. 210.000,- levert i Trondheim i den stand båten er. 
Avgjerdsla innan i morgon kl. 16.00, elles går båten til annan kjøpar. Etter å ha tenkt grundig over saki finn direksjonen ikkje å kunna lata båten ganga frå seg, men vil godta tilbodet. 

SAK 2. 
Ein vart samd um at den nyinnkjøpte båten skal heita «Masfjord». 


D/S «Masfjord» den tid båten heitte «Sætre» og var «Den hvite svane». 

Båten var bygd ved Stettiner Oderwerke i 1925 og fekk namnet «Stubbebkammer», og hadde i likskap med Amerikalinja sine båtar to skorsteinar. 

I boka «Fjordbåtens saga» står det å lese at : «Nå brukte «Sætre» imidlertid ikkje begge skorsteinene. Bare fra den forreste kom det røyk. Den aktre skorsteinen ble etter sigende brukt som vanntank». 

I 1930 kom båten til Noreg kjøpt av Dampskipsselskapet A/S Asker, Røken og Hurum, og dei gav båten «Sætre». 

Då båten var kvitmåla vart han kalla «Den hvite svane», og var i nokre år selskapet sitt flaggskip. 

I september 1939 overtok marinen båten, og han fall i fienden sine hender i april 1945. Båten vart send nordover og gjekk under heile krigen i troppetransport, og var i svært dårleg stand då Lindaas - Masfjorden Dampbåtlag kjøpte han. Etter ei større vøla ved Mjellem & Karlsen kom båten i drift i 1946, men då med ein skorstein. 

I 1953 vart båten seld til Johan Ness, Smørsund, som døypte han om til «Aalfjord», og sette inn motor. 

I 1968 vart båten på ny seld, og denne gongen til Erling Solheim, Haukøy i Tysfjord, og i 1974 til Styrk Fjortoft, Førde i Hordaland. 

I 1975 kjøpte Harald Blikø, Levanger, båten og døypte han om til «Blikøgutt». 

I 1976 vart han på ny seld, no til P/R H. Sørensen, Harstad, og i 1979 til P/R Mathiassen Mek, Verksted, Harstad. 

Dette vart endelykta. For i sjøfartsdirektoratet sitt kartotek står det - Kondemnert i 1979, så siste eigaren hogde truleg opp den tidlegare «Masfjord», som traffikerte fjordane våre dei fyrste sju - åtte etterkrigsåra. 
 

-------------------------------------------------------------------- 
Informasjonen er henta frå BNR- NYTT nr. 2 - 1989 
Kjelder: Fjordbåtens saga og «Skipet» nr. 2/1989. 
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal