Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

     

 
M/S "Melanddrott"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.07.2004

I 1948 fekk Alversund & Manger Dampbåtlag AS ein praktfull tilvekst til ein ellers så travel flåte av fjordabåtar. Sjøbussen M/S "Melanddrott" blei levert frå A/S Stord. 

Båten var på 229 tbr. og målte 115,8 x 19,8 x 9,0 fot. Motoren, levert av British Auxiliaries Ltd. (Polar) var opprinneleg bygd i 1941. Då den viste seg å være i svært god stand, fekk den plass i nybygget. Motoren, som var på 500 BHK, ga båten ein fart på 12 knop. 


M/S "Melanddrott" 

"Melanddrott" blei straks sett inn på den travlaste ruta til Nordhordland, Bergen-Frekhaug-Salhus-Isdalstø-Kvamsvåg, der den i tillegg til dei mange fastbuande - frakta ei mengde hyttefolk til og frå landstaden. 

Den gongen brukte ein båt, og det kunne ofte vere politikontroll ved landgangen for å sjå til at ikkje båten tok fleire passasjerar enn sertifikatet tillet. 

I 1951 blei Alversund & Manger Dampbåtlag AS slått saman med Lindås-Masfjorden Dampbåtlag AS. Det nye selskapet fekk namnet Bergen Nordhordland Trafikklag AS. 

"Melanddrott skifta skorsteinsmerke, men held fram i den travle farten inn og ut Byfjorden - til og frå Nordhordland. Båten var vakker å sjå til, og med romsleg plass i salongane var det ein svært ettertrakta båt å reise med. 

Utviklinga, med nye vegar og store ferjer på sambandet Steinestø - Knarvik, gjorde sitt til at antall reisande med dei vanlege rutebåtane vart mindre, og den eine etter den andre av båtane forsvann. 

I 1974 kom turen til "Melanddrott". Båten sette kurs mot vest, til England, der kjøparane ominnreidde den til flytande pub og gav den namnet "Ferry boat inn". 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal