Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

  

 
«Bruvik» seld
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 05.11.2006

Laurdag den 20. oktober 1979 vart den siste av BNR sine kombinerte rutebåtar seld, og ein lang tidsepoke med slike er til ende. 

Vi skal ikkje gå nærare inn på båten. Men alle som hadde si vandring rundt Vågen såg at «Bruvik» vart liggjande der, sjølv om vi hadde hatt avskilstur med han i midten av juli månad. 

Båten var ikkje så lett å avhenda. I den fyrste tida melde det seg mange kjøparar. Avisene skreiv mest dagleg om sal, utan at dette vart røyndom. Så vart båten liggjande, og det såg mest ut til at han ville overvintra ved Strandkaien. 

Men brått snudde det seg. Nurmes-Marina, Nurmes i Finland - dei same som kjøpte «Flatøy» - melde seg som kjøparar. To dagar tok det, så var handelen i orden. Båten gjekk for kr. 450.000,-, så vi trur at båe partane hadde grunn til å vera tilfredse. 

Tidleg om føremiddagen den 20. oktober vart det finske flagget heist ombord i «Bruvik». Då dette var ein laurdag - og store folkemengder hadde si vandring rundt Torget og Strandkaien - var det mange som stoppa opp og tok båten i augnesyn for siste gong. Pressa møtte også fram og tok bilete, og det same gjorde mange av bisnarane. 

Men det drygde og gjekk før finnane vart ferdige til å gå. I siste liten trekte ein av den nye eigaren sine folk seg, og vi måtte i ei snøggvende finna ein ny mann. Så fyrst kl. 15.07 vart trossa løyst, og «Bruvik» seig stilt og roleg ut frå Strandkaien. 

Anten det no var straumsjø som var årsaka - eller at båten rett og slett ikkje ville dra frå byen og landet - det veit vi ikkje. Men i alle høve gjorde han fleire freistnader på å koma opp att til kaien før han lystra ordre, og vende baugen ut Vågen. Med tre håse og såre ul i fløyta tok han avskil med Bergen, medan nordvesten sende sure haglelingar og stor sjø for å hindra og seinka avgangen. Ingen svara på avskilshelsinga. Hamna og byen var daud og laurdagstom. 
Dei som ikkje måtte vera ute i ruskeveret hadde longe teke vegen heim til seg og sine. 

Storm og ruskever fylgde han også ned etter kysten. Før «Bruvik» var komen til Koppervik hadde 3-4 ruter vorte innslegne. Fyrst måndag morgon kunne han dra vidare, og i fint stilt ver bar det over havet og til Danmark, der det vart eit lite opphald. 

Fredag den 26. oktober kl. 15.00 nådde «Bruvik» finsk hamn, og folka våre kunne ta seg attende til Bergen. Det var skipsførarane Skaar og Brandal, og maskinsjefane Bogen og Pettersen som stod for leveringa. Dei var det som frå selskapet si side tok det siste avskil med båten. 

«Bruvik» har gjennom 30 år vore ein tru slitar i Sør- og Osterfjorden, og dei siste åra mellom Bergen og Knarvik. Tenesta hans er slutt hjå oss. Eit kapittel i laget si soge er til ende. Men for «Bruvik» tek ei ny tid til. Og denne vil han få saman med ein annan av dei tidlegare båtane våre - «Flatøy» - som no går under namnet «Vinkeri II». 
-------------------------------------------------------------- 
Artikkelen er henta frå BNR- NYTT nr. 4 - 1979 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal