Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle i Nordhordland
Fjordabåtar

   

 
MF «Fedjefjord»
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 09.11.2006
 
Motorferja «Fedjefjord» er bygd ved verkstaden Astilleros Zamakona S.A. Bilbao, Spania og overtaking og dåp fann stad i Bergen 2. november 2001. Ferja går i rute mellom Sævrøy i Austrheim kommune og Fedje. 

Levert som «Fedjefjord» for Bergen-Norhordaland Rutelag ASA, Bergen i september 2001. 
Overtatt av HSD Sjø AS, Bergen i april 2002. 

MF «Fedjefjord» har byggenr. 496 og er bygd under tilsyn av og i høve til byggereglar frå Det norske Veritas og Sjøfartsdirektoratet. 

Ferja er registrert i NOR (Norsk ordinært skipsregister). 

Ferja har passasjersertifikat for fart i samband der ho ikkje passerer opne havstrekningar på meir enn 25 n. mil. 

MF «Fedjefjord» er ei pendelferje, bygd for diesel-elektrisk framdrift og har følgjande vitale mål: 
Lengde: 63,55 m 
Breidde: 13,70 m 
Djupgåande: 3,99 m 
Gjennomkøyringshøgde: 5,00 m 
Brutto tonnasje: 2.232 tonn 
Framdrift: 13 knop 
Motorytelse: 2136 kilowatt 

Ferja har ein kapasitet på 130 passasjerar og 42 bilar eller fire trailerar. Billastkapasiteten er på max. 220 tonn. 
Overfartstid: 30 minuttar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal