Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle
 

 

   
(Denne artikkelen er henta frå BNR NYTT nr. 3 1982 - og skrive av Leidulv Hundvin, tilsett i selskapet og bladstyrar for meldingsbladet. Leidulv Hundvin vart pensjonist i 1989 - etter 44 år i BNR si teneste) 

Reis i Nordhordland !
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 30.07.2005 09:42

Dette slagordet lanserte Bergen Nordhordland Trafikklag AS i andre delen av 1950-åra, og det var direktøren sjølv, Oddvar Johannessen, som var opphavsmannen til det. 

REIS I NORDHORDLAND
Slagordet vart brukt i selskapet sine lysingar og marknadsføring, og då det vart utforma var Nordhordland ein heller kvit flekk på turistkartet. 
Tidene har endra seg. Med store moderne ferjer, nye snøggbåtar, ein ageleg bilpark og eit tolleg bra utbygd vegnett ligg Nordhordland i dag ope for all reiseverksemd. 
Landsdelen er eit mangslunge og vakkert stykke Noreg. Frå nakne skjær lengst i vest til sjølve fjellheimen i aust, fjordarmar og viker med logne vatn innimellom, har Nordhordland litt av kvart å by på sjølv for ein kræsen reisande. 


Sjølv eit gamalt nedlagt meieri har sin sjarm når du finn det i Nordhordland.


Går vi litt attende i tida - om ikkje lenger enn til inngangen av 50-åra - var det Askøy, Fana, Os og Åsane som var bergensarane sitt hytte- og utferdsområde. Det var berre spreidde grupper frå «Kjenn ditt land» eller Turistforeninga som før krigen våga seg ut på det fjerne strilelandet om helgane. Bortsett frå landliggjarane då. Dei kom årleg med heile flyttelass så snart sommarferien tok til, og var der sju-åtte veker. 

Husfaren sjølv måtte nøya seg med 14 dagar, og helgane. Det var ikkje måte på kva stas det var når laurdagsbåten kom med ventande born - og ikkje mindre ventande koner. 

Sommaren var ei stor tid for selskapet. Båtane var nyoppussa og stelte, og pengane strøymde inn. Dei kom jamen vel med i ein heller slunken kasse. 

Nokre år etter krigen tok biletet til å endra seg. Det minka med landliggjarar. No var det hyttebygginga si tid som tok til. Dei som før anga «bylukt» og kom med «hjørneskeiv» kuffert, kom no med materialbuntar, ein sekk sement, eller anna byggevyrkje. 

Den eine hytta etter den andre tok til å ta form. Fyrst små og audmjuke å sjå til, seinare utvida både på lengda og breidda til dei mest vart som hus. 

Då også laurdagen vart fridag, kom det ekstra fart i utbygginga. Løner og fritid auka, og privatbilane tok til å koma. Båtferdsla minka. Dei gamle rutebåtane si tid var over. Det var ferjene og rutebilane som overtok. Og for ikkje å snakka om privatbilane, som dobla talet frå år til anna. 
 

I 1972 vart Arna, Fana, Laksevåg og Åsane lema inn i Bergen. Det vart slutt med all hyttebygging i desse tidlegare sjølvstendige kommunane. No var det dei «oversjøiske» som stod for tur, der utbygginga kom for fullt. Lenger og lenger ut frå byen måtte ein for å få lov å byggja ei hytte, og styresmaktene gjorde det ikkje alltid lett for den byggelystne, sjølv om han kunne rå seg til ein tomt. 

Vi som har arbeidd i selskapet gjennom ein mannsalder - og gjerne vel så det - har lært mange hyggelege reisande å kjenna. Vi har så og seia fylgt dei i «utbyggingsfasen», sett dei starta ny heim og lagt seg til med kone og born, vorte besteforeldre, og no teke til å verta aldrande menneske. 

Du kor mykje vi har å takka desse for. I godver og ruskever reiste dei trutt og fast, og mange godord vart veksla mellom oss og dei. 

Det har vore gode representantar og ambassadørar for byen sin, og dei har i praksis etterkome ein ordklisje som gjerne vert brukt i høgtidsame stunder: «By og land, hand i hand». 

Vi for vår del bør heller ikkje gløyma kva laget vårt står for, og kva føremål det har. I den paragrafen står det nemleg at laget sitt føremål er å driva passasjer- og godstrafikk mellom Bergen og herreda Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Radøy, Osterøy og andre herad der det høver, og herreda imellom. 

Og til alle dei som enno ikkje har fått augo opp for kva ruteområdet vårt har å by på av vakker natur - fjordar, fjell, holmar, øyar og vatn - seier vi: 

Reis i Nordhordland 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal