Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Nordhordland
Samferdsle
 

 

    
Alværsund & Mangers Dampskibsselskab
Forfatter: Leidulv Hundvin
 Publiseringsdato: 08.11.2006

Alværsund og Mangers Dampskibsselskab vart skipa den 17. mai 1895, og bygde vidare på dampskipsselskapet som Seimstrandens Meieri skipa i 1891. 

Meieriselskapet - eller Seimstrandens Dampskibsselskab - som det vart kalla, hadde bygt sin fyrste og einaste båt i 1891. Han fekk etter mykje diskusjon namnet «Seimstrand» og han gjekk åleine som mjølkebåt frå Seim til i 1895. 

Då var det at folket i Alversund og Manger kommunar saman skipa Alværsund og Mangers Dampskibsselskab, overtok båten «Seimstrand», og bygde same året den fyrste dampbåten «Manger». Levetida hans var ikkje lang, for alt i 1910 vart han pårend av d/s «Sogn» utanfor Helleneset, og sokk der. 

Dette selskapet var det som i 1900 bygde den fyrste «Alværsund». Han var 82 fot lang, og mælte 98 BRT. Båten vart bygd ved Stavanger Støberi & Dok, Stavanger, og hadde Compound dampmaskin på 23 NHK, også levert frå same 
skipsbyggeriet. 

«Alværsund» var i selskapet si eige til i 1918, då han vart seld til A/S Yttre Midthordlanske Dampskipsselskap. Der fekk han namnet «Vatlestraumen». 

Dei åtte båten til i 1952, då han vart seld til Gerhard Midttveit, Telavåg. Då reiv den nye eigaren ut dampmaskinen og sette inn motor i han. Kor lang tid Midttveit åtte han, veit vi ikkje. Men han selde i alle høve båten vidare til Kåre Hagesæther, Leiknestangen. Han bygde båten om til lastebåt, og gav han namnet «Lystein». 

I 1972 vart båten på ny seld, og denne gongen til Oluf Thomassen, Bergen, som selde han att til partlaget Børtveit og Aga, Steinsland, i 1976. 

I 1980 vart båten seld vidare til A/S Urdal Sandkompani, Bergen, som hadde han til i februar 1981. Då vart han seld til John Voll, Buøy. 

Så den fyrste «Alværsund» vart «gamal og mett av dage», som det står skrive. Korleis det gjekk vidare med «Alværsund» veit vi ikkje. Kanske du kan hjelpe oss med opplysningar ? 

Den andre «Alversund» vart bygd ved Mjellem & Karlsen, Bergen, i 1926, også av Alværsund & Mangers Dampskibsselskab. Året etter - i 1927 - vart namnet på selskapet endra til Alversund & Manger Dampbåtlag. 

Den nye «Alversund» var 117,1 fot lang, og mælte 178 BRT. Han hadde Triple expansion dampmaskin på 53 NHK, og gjorde gode 12 mils fart. Alt under bygginga fekk båten innstalert elektrisk ljos, og han var den fyrste av selskapet sine båtar som hadde slikt. Det gjekk fram mot midten av 30-åra før dei andre fjordabåtane fekk det, og dei siste fekk ikkje ljos før i 1938. 

«Alversund» er truleg den vakraste av alle båtar selskapet har eigd. Han hadde reine vakre linjer, var stor og drektig, lasta mykje, og tok 312 passasjerar. 

I 1939 rekvirerte Den Kgl. Norske Marine «Alversund» til vaktskip. Han kom med i krigen, og då besetningen såg at han ville verta overteken av fienden, søkkte dei han ned i Valevågen den 25. april 1940. Ikkje lenge etter tok tyskarane «Alversund» oppatt. Dei reiv heile overbygget av, og nytta båten resten av krigen. 

Fyrst sommaren 1945 fekk selskapet båten att. Han vart straks ombygd, og sett innatt i rute i 1946. No hadde han fått ein storleik på 223 BRT, men tok berre same passajertalet. Dessutan fekk han ein annan overbygning enn den han hadde før krigen, slik at livbåtane vart sette ned på brudekket - bak postlugaren. 

«Alversund» vart verande i selskapet - som no hadde fått namnet A/S Bergen-Nordhordland Trafikklag - til i 1966. Då svikta kjelen, og ny kjel ville verta for kostbar. Difor selde selskapet båten til Ivar Matre i Åsane, som bygde han om til lastebåt og sette inn ny Wichmann dieselmotor på 240 BHK. Matre endra namnet på båten til «Alverstrømmen». 

Etter ein brann ombord i 1973, vart han på ny seld til Bertin Solsvik, Solsvik. Han sette båten i god stand, og kalla han «Kiloran». 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal