|  Eigersund
kommune Foto: Scandion
  Oppretta
som bykommune med noverande grenser 01.01.1965 
  Kommunenr.:
1101 
  Fylke:
Rogaland 
  Administrasjonssenter:
Egersund 
  Flatevidde:
429 km² 
  Folketal:
13 850 (2008) 
  Målform:
Bokmål
 Kommunenamnet Eigersund kjem frå Eikundasund. Eikund
betyr øya som er rik på eikeskog og høyrer til blant
dei eldste stadnamn i Noreg. Skipsleia mellom Eigerøy og Eigersund
har gitt namnet til både byen Egersund og kommunen Eigersund. 
 Eigersund kommune fikk sine noværende grenser 01.01.1965,
då dei tidlegare kommunane Egersund, Eigersund og Helleland samt
kretsane Grøsfjell og Gyadalen i tidligare Heskestad kommune blei
slegne saman til ein bykommune. 
 Byen Egersund, som er kommunesenteret, ligg ved den naturlege
hamna mellom Fedafjorden og Boknafjorden - ei trygg hamn der skipstrafikken
alltid har funne ly. 
 Byen har eit omfattande gågatenett, - og i dei mange
gamle bygningane i sentrum finn ein spesialforretninger av ulikt slag.
Verdt å sjå er panelarkitekturen i sein-empire
stil, spesielt i Strandgata.
 Egersund hamn er landets største fiskerihamn. Investering
i nye kaianlegg gjer at hamnen held sin posisjon som ein viktig del av
regionen sin infrastruktur.
 Egersund feira 200-år som by i 1998.
 Eigersund, saman med kommunane Bjerkreim, Lund og Sokndal,
utgjer regionen Dalane.
 Kjelde:
eigersund.kommune.no
 |