Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Aurland
Attraksjonar
 

 

 
Attraksjonar
Foto: Scandion

Dramatisk naturlandskap, mange spennande aktivitetar og attraksjonar gjer Aurland kommune til eit populært reisemål. Enten du kjem med eigen bil, buss, tog eller båt - så har du lett tilgjenge til det som Aurland kan by på. 

Flåmsbana
Den mest spennande jernbanestrekninga i Scandinavia. I drift heile året.

Flåmsbanemuseet AS
Opplev den spennande historia til Flåmsbana gjennom tekst og bilder. Ope heile året.

 

Nærøyfjorden - på Unesco si verdsarvliste
Nærøyfjorden er den villaste og vakraste av sidearmane til Sognefjorden.

Aurlandsdalen
Fotturløype frå høgfjellet, gjennom trongt, vilt og vakkert dalføre til Vassbygdi.

Aurlandsvegen
På Stegastein 6 km frå Aurlandsvangen står ei ny panorama utsiktsplattform. Plattforma ligg 650 m.o.h., går 30 meter ut, og har ei høgd på 13 meter.

Otternes bygdetun
Gardstun mellom Aurland og Flåm med 27 hus bygd i klynge og i ei rekkje.
Dei eldste husa er frå 1600-talet.

Styvi Gardsmuseum
Reiskapssamling, informasjon om landskapsvernområde og postferdsla 1647 - 1909.

Rallarvegen
Sykkeltur på den gamle anleggsvegen Haugastøl - Finse - Flåm.

Eldhuset
Presentasjonslokale for produksjon av geitost.

Rallartoget
Rallartoget finn du på kaien i Flåm i sommarhalvåret.

Aurland Skofabrikk
Her blir den vidgjetne "Aurlandsskoen" laga og seld.

Galleri Vinjum
Galleriet stiller ut den store testamentariske gåva etter Aurlandskunstnaren Johannes Vinjum.
Ulike utstillingar heile året. Fotoarkiv og slektsopplysningar.

Dei magiske kvite grottene i Gudvangen
Frå 1. juni til 31. august kan du få omvisning inne i dette kvite Anortosittfjellet.

Flåm Panorama
Viser panoramafilmen "Livet ved fjorden" til ulike årstider dagleg - heile året.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no