Aurland
kommune 
 Tekst og foto: Scandion
 Opretta
som eigen kommune i 1837
  Kommunenr:
1421 
  Fylke:
Sogn og Fjordane 
  Administrasjonssenter:
Aurlandvangen 
  Flatevidde:
1488,7 km² 
  Folketal:
1695 (2008) 
  Målform:
Nynorsk 
Dramatisk naturlandskap og mange spennande aktivitetar
gjer Aurland til eit populært reisemål. Med bil, buss, tog
eller båt har du lett tilgjenge til naturen som Aurland, Flåm,
Gudvangen og Undredal byr på. Turisme, service, transport og produksjon
av elektrisk kraft er i dag dei viktigaste næringsvegane.
 Om ein går tilbake til 1773 - så gjekk faktisk
hovudvegen mellom Bergen og Oslo gjennom Aurland. Ruta var inn Nærøyfjorden
og opp Nærøydalen.  Og i dag går stamvegen mellom
landets to største byar også gjennom Aurland, ein veg med
gul midtstripe og fleire lange tunnelar.
 I 1940, etter 20 års arbeid, kom det første
toget på Flåmsbana i drift. Den einaste jernbana i Sogn og
Fjordane og ein av dei største turistattraksjonane i landet.
 Vegsamband til resten av fylket kom då vegen over
fjellet til Lærdal stod ferdig i 1967, ein veg som no er ein stor
turistattraksjon der reisande har eit fantastisk utsyn over bygd og fjord.
På vinterstid var Aurland framleis isolert, inntil vegen austover
til Hol i Hallingdal kom i 1974, - eit resultat av ei omfattande kraftutbygging.
Seinare kom ferjefritt samband mellom Bergen og Oslo ved Flenja- og Gudvangatunnelen
i 1991- og opninga av Lærdalstunnelen i 2000.  |