Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Aurland
Gard og grend
 

 

 
Flåm
Tekst: Scandion (10.07.08)

Flåm kan tilby dramatiske kontrastar mellom fjord og fjell til alle årstider. Frå idyllisk fjordlandskap langs Aurlandsfjorden med stupbratte fjell, via brusande fossefall til snøkledd høgfjell. Klimaet er relativt mildt og tørt. I vinterhalvåret er det lite snø nede i låglandet, og ein sjeldan gong legg det seg is på fjorden.

Gode kommunikasjoner gjer at Flåm i dag er eit knutepunkt, lett tilgjengelig enten du reiser med bil, båt, tog eller buss.  Kjem du med tog til høgfjellsstasjonen Myrdal og reiser vidare med Flåmsbana, får du oppleve den brattaste og mest spennande jernbanestrekninga i Europa. 
 

Rundturen "Norge i eit nøtteskal" går heile året og undervegs kan du stoppa ein eller fleire dagar. Dei heilårsopne overnattings- og serveringsbedriftene tek gjerne i mot deg.

Flåm Cruise Havn, som opna i mai 1999, er ei av Noregs største målt i antall skipsbesøk. Kvar sommar legg over 130 cruiseskip til kai, og turistar frå alle verdenshjørner stig iland i den gjestmilde bygda for å ta del i naturopplevingar det ikkje finns maken til i heile verda. Naturbaserte aktivitetar, mange nærliggjande attraksjonar, spennande kultur og historiske tradisjonar, - gjer Flåm til eit perfekte feriemål for heile familien! 

Foto: Visit Flåm / Fotograf: Per Eide.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no