Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Aurland
Kyrkja
Undredal kyrkje

 

   
Undredal kyrkje
Forfatter: Undredal sokneråd
Foto: Scandion

Undredal Kyrkje er ei bordkledd stavkyrkje frå 1147 - og skal vera den minste i Skandinavia som endå er i bruk. Kyrkja var først bygd som kapell og bar namnet St. Nicolai Kapell. 

Bygda med dei ville fjell og bratte lier heiter Undredal, den vesle grenda ved Aurlandsfjorden som er ei av dei fire sokna i Aurland prestegjeld. 
 
Dette vesle samfunnet Undredal har si eiga kyrkje, men har prest saman med dei andre sokna i kommunen. 
Kyrkje har ingen kyrkjegard, og Undredal kyrkje har difor gravplass ved Vangen kyrkje i hovudsoknet. 
 


Fram til 1859 var Undredal og Nærøy ei sokn. Då blei Nærøy skild frå og fekk kyrkje reist på Bakka. 

Undredal kyrkje er ei av dei eldste i landet,og skal væra den minste i Skandinavia som framleis er i bruk. 

Ved reparasjon av taket for nokre år sidan fann ein årstalet 1147 innskore i ein takstol. Ein trur difor at kyrkja er bygd eller teken i bruk det året. 

Kyrkja var først bygd som stavkyrkje og bar då namnet St. Nicolai Kapell. Eit anna gamalt årstal finn ein i jordeboka Bergen Kalvskinn. Der står det skrive at soknepresten i Undredal, Pål Bårdson, var utnemnd til biskop i Nidaros i 1321. 

I gamle skrifter har ein funne at kyrkja hadde ei større omvøling i 1722. Ein reknar med at ho då vart ombygd til slik ho står i dag. 

Kyrkja har omlag 40 sitjeplassar. Ljosekruna med dei fem utskorne dyrehovuda kan vera frå mellomalderen. Ein gamal kneskammel ber årstalet 1647. Kanskje er han ei gåve til 500 års jubileet. 

Preikestolen har årstalet 1696. Dei to ljosestakane av messing som står på alteret, er frå året 1702. Kalken er minst like gamal. 

På veggen i kyrkja heng det eit døypefat av kopar, pryda med ei løve i botnen. Fatet er til å setja i ein bøyle som til bruk vert hengd på sida av ein av dei fremste kyrkjestolane. 

Den eine av klokkene i kyrkja er frå mellomalderen og heng no nede i skipet. Av dei to som heng i klokketårnet vart den eine støypt i Bergen i 1824. Den andre, som er av nyare dato, har inskripsjonen "Herre gjer meg til reidskap for din fred". Kyrkja i Undredal er av dei få i landet der ein står inne på kyrkjegolvet og ringjer. 

I 1962 vart kyrkja restaurert. Minst tre lag overmåling vart vaska bort, og ein fann att den gamle limfargedekoren som hadde vore gøymd i lange tider. Veggane er stort sett dekte med måla rankar, og det kvelva taket med stjerner og figurar. 

Under den eldste målinga har ein på dei berre veggstavane funne innrissa særmerkte bilete. Mellom anna kan ein tyda ein mann med øks, eit fabeldyr og ymse symbolske teikn som høver godt med Undredal-kyrkja sin høge alder. 

Enno reknar ein med at ho gøymer løyndomar som ventar på å bli granska. 

Det gamle gardshuset i Undredal er nok lite i seg sjølv, men det er ein stor kultusrskatt og vel verd ei vitjing. Kyrkja er verna. 








 

   
Prestane i Aurland etter reformasjonen 
Nemnd 1563 Herr Henning 
Nemnd 1565 Mads Mortenssøn 
Nemnd 1567 Thomas Pederssøn 
1587 - 1611 Morten Madssøn 
1612 - 1614 Jakob Mand 
1616 - 1623 Ole hanssøn Skaaning 
1623 - 1649 Christen Jenssøn 
1649 - 1679 Henrik Reiersen Urdahl 
1679 - 1705 Jørgen Finde 
1705 - 1715 Thomas Scheen 
1715 - 1735 Svend Scheen 
1737 - 1743 Hans Carsten Atche 
1744 - 1749 Peder Thomassen Lund 
1750 - 1754 Otto Sundby 
1754 - 1784 Jens Kristian Brun 
1784 - 1800 Magnus Wigeboe 
1800 - 1839 Ole Aabel 
1840 - 1846 Kjell Andreas Bugge 
1846 - 1856 Henrik Chr. Borchgreving 
1858 - 1868 Johan Henrik Allum 
1868 - 1884 Hermann Diderik Rolland 
1884 - 1924 Eilert Patrick Juul 
1924 - 1939 Thorstein Gunnarson 
1939 - 1949 Bernhard August Rudjord 
1949 - 1972 Sverre Adelstein Aarseth 
1972 - 1977 Leif Thingnes 
1977 - 1983 Ivar Molde 
1983 - 1989 Olav Hove 
1989 - 1996 Egon Askvik 
1997 - Åse Kristin Nøkling Aagaard 
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no