Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Bremanger
Attraksjonar
 

 

  
Grotlesanden
 Foto: Bente Matre.
 
Grotlesanden ligg i Ytre Bremanger på vestsida av øya Bremangerlandet og vest for tettstaden Hauge. Opne svaberg rundt den 2 km fine sandstranda, ved den vesle bygda Grotle, gjev området eit unikt særpreg. 

Grotlesanden er populær i sommarmånadane. I mange år var sandstranda ein lokalt bevart løyndom, men er no ein del av Bremanger sin profilering som reisemål. Ved sida av Kalvåg, er den ein av dei mest sentrale attraksjonane. Sjølv om stranda er mest brukt i finvêr om sommaren, er området òg ein attraksjon uvêr.
 
Kjelde: wikipedia.org.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no