Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Førde
Kjentfolk
 

   

 
Multikunstnar og lettmatros
Tekst og foto: FSF
Publiseringsdato: 30.11.2002

Oddvar Torsheim er ein av dei mest mangfaldige av Sogn og Fjordane sine mange kunstnarar. Ikkje berre skildrar han liv og lagnad til norske kvinner og menn med karakteristisk strek og penselstrøk. Han har også omsett Beatles og Bob Dylan til nynorsk og sjølv sunge tekstane inn på cd-plater. 


KUNST OG BÅTKULTUR. 
Tidlegare lettmatros Oddvar Torsheim med boka som kom til Fylkesbaatane sitt 125-årsjubileum i 1983. 
Han har måla omslaget, med både nattrutebåtar og ekspressbåtar. 

Til liks med Jakob Sande har Oddvar Torsheim vore sjømann i sin ungdom. Under Suez-krisa i 1950-åra segla han i utanriksfart som messe- og byssegut på ein gammal kolbåt. Og sommaren 1967 var han lettmatros på Fylkesbaatane sin store nattrutebåt «Sognefjord». 

I 1967 var Oddvar Torsheim student ved kunstakademiet i København. Den sommaren fekk han seg sommarjobb som lettmatros på M/S «Sognefjord», som då gjekk i rute mellom Bergen og Årdalstangen. Alt var stengt når båten kom til Årdal og til Bergen seint om kveldane, og kunststudenten la seg opp pengar. - Det var litt av ein sommar. «Sognefjord» gjekk gjennom Straumane til og frå Bergen. Der var det trongt, og eg var ikkje høg i hatten når eg stod til rors. Skipsførar Alf de Lange stod saman med meg på brua og ville vite kva kunst var. 

Lysa på Årdalstangen såg ut som Las Vegas når vi kom innover fjorden i mørkret, kan Torsheim hugse. - Eg vil ikkje seie at eg var den perfekte sjømann, men det gjekk ganske godt. Men eg var ein dårleg vinsjmann. Ein gong eg køyrde vinsjen skulle eg hive opp ein palle med tjue kasser pils frå lasterommet. Men eg var for snar med eine hendelen på vinsjen, slik at pallen trefte lukekarmen under og alt ramla ned. 20 meter av lasterommet vart skumlagt. - Du er pikade farleg du! sa båtsmannen. 

Til India som messegut 
Men Oddvar Torsheim har segla på større hav enn Sognefjorden. Hausten 1956 fekk han seg hyre på Bergens-båten «Ingerto» som messegut. Då var han 18 år og arbeidde ved Bahus Møbelfabrikk i Os. «Ingerto» var ein 32 år gammal dampbåt som var ombygd til oljefyring og som gjekk i kolfart mellom Svalbard og Kiel i Tyskland. - Eg gløymde å seie frå til mor mi kva båt eg hadde mønstra på. 

Ho kom på hyrekontoret i Bergen og trudde at eg var under sørlege himmelstrok. Der fekk ho vite at eg var på Svalbard, fortel han. 

Om bord på «Ingerto» fekk Torsheim oppleve det klassiske sjømannslivet, medrekna orkan på Biskaya. Båten hadde fleire ekstraturar, mellom desse ein frå Gdynia i Polen til Bombay i India. Hausten 1956 var Suez-kanalen stengd på grunn av den konflikten som vart heitande Suez-krisa. «Ingerto» måtte dermed gå rundt heile Afrika, og turen til India tok 62 døgn. I Bombay vart båten liggande ein ekstra månad på grunn av at masta knekte. Då dei gjekk attende til Europa var Suez-kanalen opna att. Kanalen var full av vrak og skrot, og det var så vidt «Ingerto» kom seg gjennom. 
- Eg har aldri vore så vettskremd og aldri ledd så mykje som då eg var om bord i den båten. Aldri har eg opplevd slike fantastiske forteljarar og stand up-komikarar som der. Alle om bord var svarte av kol og såg ut som dei brukte sminke. Men kjeft fekk eg for at det ikkje var reint i messa. Donkeymannen sølte ein gong ut to kasser med klissete vin som eg aldri fekk vekk. Men eg jobba så godt eg kunne og avanserte til byssegut. Eg ville ikkje ha vore utan den tida. Eg trur du har godt av å komme ein tur til sjøs. Der er du nøydd til å passe jobben din og nøydd til å tilpasse deg andre, seier Oddvar Torsheim. 


FRU PYTON. 
Her er fru Pyton i Oddvar Torsheim sin umiskjennelege strek - 
dama som gav namnet til ei av utstillingane hans i Bergen. 

Frå bysse til kunstskule 
I nesten eit år segla han utanriks med «Ingerto». Då fekk han eit telegram medan dei var i Det Indiske hav som fortalde at han hadde fått plass ved Bergens Kunstskole. Det var faren som hadde søkt om plass for han, og dette vart starten på kunstnarkarrieren til Oddvar Torsheim. 

Lettmatros-jobben på «Sognefjord» sommaren 1967 var den siste vanlege jobben han hadde. I 1970 kom han attende frå København til heimbygda Naustdal, og to år seinare busette han seg i Halbrendslia i Førde. Der har han sidan budd og arbeidd som biletkunstnar, med utsyn rett ned på skipsverftet i Førde. Han har hatt mange utstillingar både i inn- og utland fram gjennom åra, arbeida hans er innkjøpte av mellom andre Nasjonalgalleriet, Norsk Kulturråd og Dansk Kulturråd, og han har utsmykka sjukehusa i Førde og Ålesund og dessutan skular. 

Ein del av kulturen 
- Fylkesbaatane er ein del av kulturen i Sogn og Fjordane og ein del av dei gode barndomsminna mine, seier Oddvar Torsheim. Han har følgt både «Framnæs» og «Hornelen», det første og det tredje av dampskipa til selskapet, som begge gjekk ut av flåten i 1951. Han hugsar då M/S «Sunnfjord» - søsterskipet til «Sognefjord» - kom til Naustdal for første gong i 1949. Masse folk møtte fram på kaia for å sjå det nye flaggskipet til Fylkesbaatane den gongen. 

I 1983 hadde Fylkesbaatane 125-årsjubileum. Då gav selskapet ut ei jubileumsbok som Norvald Tveit førte i pennen. Oddvar Torsheim har laga både omslaget og forsats og baksats i starten og slutten av denne boka. 

Beatles og Bob Dylan 
Sjølv om målinga har vore hovudsaka for Oddvar Torsheim dei siste tiåra, har han også gjort nokre «terapeutiske sidesprang», som han kallar det. Han treng å arbeide med fleire ting, føler han. Såleis tok han til å omsetje og framføre Beatles-songar. Kven hugsar ikkje «Larris tok ein farris» - Torsheim sin versjon og tolking av «Obladi-oblada»? I 1992 kom cd-en «Nynorskens skog» der han sjølv både syng og spelar Beatles-songar i nye arrangement saman med blant andre dottera Jorunn. I 1998 kom han med ein ny cd bygd på Bob Dylan sine tekstar og melodiar; «Tur-retur blues». 
- Bob Dylan både syng og målar, men eg synest han syng best. Det same gjeld Pavarotti. Dotter mi har god songstemme, medan eg har godt fråspark. I hausten 2001 har ho fått plass ved musikkhøgskulen i Oslo, etter å ha studert musikk i London tidlegare, kan han fortelje. 

Ny utstilling og bok 
Hausten 2001 var Oddvar Torsheim aktuell med ei ny kunstutstilling. Den fekk namnet «Fru Pyton’sjungel-syner», og var å sjå i Galleri Parken i Bergen fram til 25. november. Her synte han rundt 50 større og mindre bilete som han har laga dei tre siste åra. 

Hausten 2001 kom det også ei bok om Oddvar Torsheim. Det var forlaget Skald i Leikanger som gav ut boka, som heiter «Tvisynt tvilar - eit portrett av Oddvar Torsheim». Den er laga av journalisten Katrine Sele og fotografen Oddleiv Apneseth, som har følgt kunstnaren nært i åtte månader. 
- Eg trur ikkje eg vert matros fleire gonger, sjølv om det var ei utmerka tid. No får eg berre henge i og måle, seier multikunstnaren Oddvar Torsheim i Førde. 
------------------------------------------------------------ 
Kjelde: FSF - Fjord og kyst nr. 3 - 2001 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal