Gulen i gammal og ny tid 
 Tekst: Scandion
Ivar Kleiva var forfattar av den første
bygdeboka «Gulen i gammal og ny tid» som kom ut i 1973. Med
fiskebåten «Gunnar» kom han, saman med kona Frida og
dei tre borna, til Gulen i august 1946 for å ta fatt som skulestyrar
på Dalsøyra 4. delte skule. 
 Gards- og ættesoga for Gulen fortel om 116 gardar
og om lag 860 matrikulerte bruk og noko over 100 husmannsplassar. i tidsrommet
frå kring år 1600 til 1996.
 Foto av Ivar Kleiva på 90-årsdagen med kongens
fortenestemedalje i sølv.
 Samfunnsinteressert 
 Ivar Kleiva var f. 17. mai 1903 i Eidsdal på Sunnmøre.
Han var svært samfunnsinteressert og i Gulen vart det 25 år
i kommunestyret, formannskapsmedlem i mange periodar, medlem av skulestyret,
formann i folkeboksamlinga, i Gula lærarlag, Gulen Arbeidarparti,
Gulen Mållag, ungdomslaget «Fridom»; og ikkje minst:
I 20 år var han dirigent for songkor, m.a. Dalsøyra songkor.
Kleiva er heidra med kongens fortenestemedalje i sølv for sitt samfunnsnyttige
arbeid gjennom mange år. 
 Med si store interesse for soge og folkeminne, vart han
etterkvart oppteken av Gulen si fortid, gjorde opptak til ei skriftnemnd,
og i 1967 fekk han fri frå lærargjerninga for å skrive
ei gards- og ættesoge for Gulen. Ho kom ut i 3 band i 1973. 
 Ivar Kleiva hadde god hjelp av notater samla av Karl Larsson
Birknes, eller Karl Gåta, som han kalla seg i mogen alder. Karl var
f. 6. januar 1875 og døydde 6. mai 1940. 
 
  
 
 Foto av Karl Gåta framfor gamlehuset på Byrknes. 
Alt i 1895 tok Gåta til å skrive dagbok -
ikkje berre om dagsens store og små hendingar, men og opplysningar
av mange slag, og gardar og ætter i Gulen, Solund og Brekke. Han
hadde tankar om å få til eit bygdearkiv for Gulen, som deretter
kunne være kjelde for ei bygdebok. I dette arbeidet, så og
seie utan noko godtgjerdsle, nytta han kvar ledig stund så lenge
han levde. Han skreiv av mange tusen sider i arkiva; kyrkjebøker,
folketeljingar, matriklar, skattelister, og mangt og mykje anna. 
  
 Ivar Kleiva skriv i forordet at utan dette kjempearbeidet
til Gåta hadde det vore uråd å skrive ei så utførleg
og heilsleg bygdebok for Gulen. 
 Karl Gåta rakk og å skrive ei ruvande skulesoge
for Gulen - frå dei eldste tider til kring år 1900. Manuskriptet
er diverre bortkome, men ein del av innhaldet finst likevel enno, spreidd
i nokre av dagbøkene hans. 
 Etter at Karl Gåta døydde i 1940 kjøpte
Gulen Herad samlingane hans, men arbeidet med bygdeboka låg nede
til kring 1950. Då vart Ivar Kleiva oppmoda frå det nyskipa
Gulen Sogelag om å ta opp att innsamlingsarbeidet, først med
registrering og utfylling av samlingane etter Karl Gåta, og sidan
med å samle meir tilfang som trongs. I 1967 vart Kleiva oppmoda av
Gulen Formannskap til å skrive ei gards- og ættesoge for «det
gamle Gulen». 
 2. og reviderte utgåve 
 Arbeidet med 2. og reviderte utgåve av bygdebøkene
for Gulen tok til som eit kommunalt prosjekt i mai 1995. Gulen kultursogenemnd
var styringsgruppe for prosjektet - med Andreas Grinde som leiar. 
 Det nye tilfanget spenner over eit tidsrom på om
lag 30 år og bøkene kom ut i 1996. Mange bilete er komt med,
dei fleste frå kommunen sitt fotoarkiv. 
 ------------------------------------------------------------ 
 Bilete og kjelde: Bygdebøkene «Gulen i gammal
og ny tid» og Kultursogeskrift 1994.   |