Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kyrkjer
  

    

 

Brekke kyrkje
Foto: Scandion. 
Tekst: Johannes J. Takle, Bodil Bjørlo Takle og Signe Sandberg. 

Arbeidet på den nye kyrkja tok til 11/2 1862, og om hausten same året var kyrkjebygget ferdig. Den 19. november 1862 vart kyrkja vigd av prost Thomas Erichsen. 

Johannes J. Takle, Bodil Bjørlo Takle og Signe Sandberg har skreve festskrift i anledning Brekke kyrkje 125 -års jubileum 15. november 1987. 

Festskrift i anledning Brekke kyrkje 125 -års jubileum 15. november 1987
 
 
Frå den fyrste kristne tida har kyrkja vore eit kultursentrum. Ut frå den gjekk det store misjons- og oppsedingsarbeidet som skulle vende det norske folk frå -heidensed og krig og gru til kjærleiksferd og kristentru. 

Kyrkjene i Brekke har óg hatt del i dette arbeidet. Kyrkja var Guds hus og heilagdom som stadig minte folket om kva Guds vilje var med oss menneske. Prestane skifte, men kyrkja stod der. Ættled etter ættled kima klokkene ut over bygda - kalla på gamal og på ung. Frå vogga til grav var ho den trygge heim og kvilastad der ein kunne finne trøyst og få leggje syndebøra av. Her kom ein i nært samfunn med Gud gjennom Ordet, ved dåp, konfirmasjon og nattverd. Heim og huslyd fekk her si vigsle. Og nær inntil kyrkja vart dei avlidne lagde til kvile. 

I dag står ikkje kyrkja lenger åleine i det kristne oppsedingsarbeidet. Særleg har skulen vore ein god hjelpar. Elles har ymse lag og misjonsforeiningar arbeidd truge gjennom mange år. 

DEI ELDSTE KYRKJENE 
Fyrste gongen soga fortel om ei kyrkje i Brekke, er i 1327. Det var Risnefjardar kirkja - ei stavkyrkje. Kva tid denne kyrkja vart riven, fortel ikkje soga noko om. Det ser ut til at det har vore to kyrkjer i Brekke på denne tida, Risnefjardar kirkja og Haugland capella. Den siste hadde prestebustad og gravplass på Haugland. 
Det er elles namn som tyder på at det kan ha vore kyrkjer i gammal katolsk tid både på Oppedal, Asheim og i Ynnesdal. 

I 1594 vart det bygt endå ei kyrkje nær der kyrkja i dag står. Det var berre ei lita kyrkje med plass til 130 menneske, medan ho etter folketalat skulla ha plass til 300. I 1856 vart den gamle kyrkja seld av A. Dåe i Bergen til Brekke herad for 400 spd. Kyrkja var då heilt til nedfalls. 

PLANLEGGING, NY KYRKJE 
Stiftsdireksjonen påbaud at anten måtte kyrkja utvidast, eller det måtte byggjast ny kyrkje før tre år var gått. Den 6/10 1856 vedtok heradstyret at ny kyrkje skulle byggjast, og i 1861 var alt greitt til bygging. Tilsagn om lån på 3000 spd. f rå Opplysningsvæsenets fond, dagsett 14/12 1861 var 
motteke. I 1861 vart også kyrkjegarden utvida, og det var på dette stykket den nye kyrkja fekk plassen sin. Den gamle kyrkja vart ikkje riven før i 1863 - året etter at den nye kyrkja var reist. 

Under skriftekammerset i den gamla kyrkja var eit gravrom som vart kalla -Den Holckske begravelse. Alt som var i dette gravrommet, vart grave ned i ei stor sams grav. Denne grava er truleg under sakristiet i den nye kyrkja. 

ARBEIDET TEK TIL 
Arbeidet på den nye kyrkja tok til 11/2 1862, og om hausten same året var kyrkjebygget ferdig. Den 19. november 1862 vart kyrkja vigd av prost Thomas Erichsen. 
Kyrkja er bygd av byggmeister Anders Basteson Isdal, Hamre i Nordhordland, etter teikning av stadscondukteur Grosch. Entreprenør var visstnok Askild Åse, óg frå Nordhordland. 

Kyrkja er ei såkallla langkyrkje. Skipet er 16,8 m langt og 10,2 m breitt. Koret har same breidd og er 5,10 m langt. Kyrkjeskotet er i alt 4,6 m langt. Frå fyrst av var det berre èi trapp opp til galleriet, og derifrå trapp opp til tårnet, der dei to klokkene er. Klokkene vart flytte frå den gamle kyrkja over i den nye. Men i 1946 vart den største klokka støypt om att på grunn av ein skade ho fekk natta til 1. januar 1940. 

Arbeidet med grunnmur, understøtte og framføring av byggjeemne vart gjort med pliktarbeid. Alt det andre, så nær som klokkene, altartavla og noko dreia traleverk kosta 3845 spd.109 1/2 sk. Kyrkja har 390 sitjeplassar. 

ALTARTAVLA 
Plassfolk, tenarar og kårfolk la pengar saman og kosta altartavla. Ho kom på 137 spd.24 sk. 
Altartavla er måla av A. Askevold i 1862 og syner Jesus i Getsemane. Tavla var ikkje ferdig samstundes med kyrkja, så ei lita tid stod ein stor kvit kross på altarbordet i staden. Denne krossen står no i siderommet ved orgelet i andre høgda. 
Nedst på altartavla stod skrive: -Se det Guds lam som bærer verdens synd (Joh.1, 29). Over kyrkjedøra stod: 
- Forvar din fod når du går til Guds hus (Fork.4,17.) I 1927 vart målforma på desse orda ombytt til nynorsk av Torkel T. Asheim. 

Kjøpmann Ola Hatteberg på Lovisendal, Brekke, dreie dei to store kulene på sidestolpane i kordøra, og tralane frametter galleriet, rundt altarringen o.m. For dette skulle han og huslyden hans ha fremste stolen på galleriet, men på det vilkår at han skulle ta opp i stolen til seg -storfolk- som kom til kyrkja. 

Seinare fekk gardbrukarane óg eigne stoler. Stolane vart tiletla såleis at det var éin eller to gardar om kvar stol. Nokre stoler bakarst i kyrkja var frie. 

TÅRNET 
Tårnet i kyrkja såg annleis ut frå fyrst av. Det var spirbygt og høgt, men smalt og veikbygt. Det er svært vindhardt der kyrkja står, så tårnet svaga mykje i hardvêret. Tårntak og kledning kom snart or lage og kunne ikkje haldast tette. 

I 1882 bad formannskapet departementet om løyve til å rive ned tårnet og byggje det lågare og i eit anna skap, etter teikning dei sende med. I 1884 skreiv dei att og sende ny teikning med. Den teikninga vart godkjend med små brigde, og tårnet vart bygt om. 

OMNAR 
I 1901 vart det kjøpt to omnar og sett inn i kyrkja. Dei var både vakre og dyre, men ikkje gode nok. 
Det vart ofte mykje røyk, men lite varme å kjenne. I 1933 vart det kjøpt nye, store omnar, og røykleiinga vart ordna annleis enn før. No kunne ein ha site godt og varmt, om ikkje kyrkja hadde vore gisen. 

ORGEL 
Folk tok til å orde frampå om at det hadde vore gildt med orgel i kyrkja. Etter opptak av fråhaldslaget på Asheim gjekk fråhaldslaga i heile sokna saman og skreiv til heradstyret i 1918 og ba det velje ei nemnd som skulle samle pengar til kyrkjeorgel. I 1930 hadde dei samla 6436 kr. Dei lånte så om lag 2000 kr. Dette lånet tok kommunen på seg sidan. Orgelet vart kjøpt hjå orgelbyggjar Jørgensen i Oslo. Det vart tinga til å vere slik på skap at det høvde til altartavla. Galleriet måtte byggjast noko fram, så orgelet kunne få plass der. Nyårsdag 1931 vart det teke i bruk for fyrste gong ved ei gudsteneste. 

Dei pengane som provianteringsrådet hadde til gode frå verksemda si, vart sette av til eit orgelfond i 1928. Rentene av fondet skulle gå til å løne orgelspelaren i kyrkja. 

FRÅ BOKMÅL TIL NYNORSK 
16.mai 1926 vart Landstad salmebok ombytt med Nynorsk salmebok etter oppmoding frå mållag og ungdomslag i bygda. Ho vart nytta fyrste gongen konfirmasjonsdagen i 1926. Soknepresten, Th. Grahl-Nielsen, gjekk same dagen over til å bruke nynorsk i gudstenestene sine. Straks etter vart altarbøkene óg innførte på nynorsk. Nokon strid innan kyrkja valda ikkje dette. Dei prestane som har vore her seinare, har mest alle tala nynorsk. 

OMBYGGINGA I 1930-ÅRA 
Bygdefolket mislika at kyrkja vart ståande med det låge tårnet. Etter kvart som husa kringom på gardane vart opp-pussa og måla, reiste det seg eit krav om å få eitt vakrare tårn på kyrkja att. Likeeins ville ein ha eit anna interiør og gjere kyrkja tettare og lognare med panel og måling. 

Den fyrste verdskrigen vart årsaka til at arbeidet ikkje vart sett i verk før i trettiåra. Soknerådet vende seg til heradstyret, som sa seg viljug til å bere kostnaden. 
Det vart vald ei nemnd, der lærer Mons Hjelmå var formann. Arkitekt Norevik frå Kyrkjebø vart teken til rådgjevar, og planen hans vart fylgd og fullført i 1939. 

Fyrst måtte tårnet vølast. Dinest ville ein ha eit rom på kvar side av kyrkjeskotet. Det eine skulle nyttast til rom for dåpsborn og møterom for soknerådet, det andre til likrom. Ein fekk óg ei trapp til opp til galleriet. 

Tårnet kom opp att i si fulle høgd, tekt med kopar. På sørsida vart det sett inn nye glaskarmar og ny bordkledning. Likeeins måtte skifertaket leggjast om på denne sida. Nye takrenner av kopar vart óg lagde opp. 

Inne i kyrkja vart benkene på begge sider dregne noko fram på kyrkjegolvet, slik at ein fekk ein gang ved veggen på kvar side. Benkene vart óg endra så dei vart laglegare å sitje i. Dinest vart kyrkja panelt frå kvelving til golv. Kunstmålar Mons Breidvik var med og sette fargane på kyrkja innvendig. Som den gode brekkesokning han var, gjorde han dette gratis. 

INVENTAR 
Etter kvart har det kome mykje utstyr i kyrkja. Noko har vore kjøpt inn, medan andre ting er gåver. 
Det vart kjøpt inn eit veggteppe, vove av Emma Breidvik. Dette heng på veggen til venstre for altartavla. Kyrkja har óg fått som gåve av Emma Breidvik eit anna veggteppe, som heng til høgre for altartavla. Mons Breidvik har teikna det bibelske motivet, og ho har sjølv vove det. 

Marta M. Asheim har vove og gjeve eit antependium med Kristus-symbol. Teppet rekk rundt heile altarbordet. Ho har óg gjeve eit mindre teppe, som ligg på golvet framfor altarbordet. 

Til bruk ved nattverden fekk kyrkja eit sett med 50 serkalkar av sølv. 

Dei to utskorne brurestolane i eik er laga av Ola Hjelle, Os, medan Bjarne Hjellum har laga to andre stolar til kyrkja. 

Brekke bondekvinnelag tok opp arbeidet med å skaffe ljosekroner til kyrkja, og dei stod for innsamlinga av pengar til dette. Til hundreårsjubileet var dei to vakre ljosekronene komne på plass. 

Av andre gåver som kom til hundreårsjubileet, kan vi nemne to sølv blomstervasar og ein voven messehakel i dobbeltvev i kvitt og raudt. Brekke Sparebank gav desse gåvene. 

Bergljot Nikolaidtr. Oppedal (Haugland) gav ein altarduk i hardangersaum, og Borghild Oppedal (f.Asheim) gav ein altarduk i lin med filert bord rundt, og dessutan ein løpar til altarbordet. 

Elles vart det kosta teppe på golvet og lagt inn elektrisitet i kyrkja til hundreårsjubileet. Omnane vart tekne bort og lagra i kjellaren på Solli. 

Seinare, i 1969, vart det sett opp flaumljos på kyrkjegarden. Flaumljoset kosta kr 2885. Av dette gav banken kr 2600.. 

DØYPEFONTEN 
Av gåver som er komne inn seinare, nemner vi ein linduk med svartsaumbord, til bruk på døypefonten. Duken er ei gåve frå Synneva Bøe (f.Bjordal). Mønsteret er laga etter ei gammal dåpsbleie. 

Døypefonten er slik han har vore sidan kyrkja vart bygd. Han har eit hol i midten, slik at vatnet kan tømmast direkte i grunnen etter bruk. Slik skulle det vere etter gammal skikk. 

YMSE 
For innsamla midlar og gåver frå banken fekk Brekke bondekvinnelag i 1974 kjøpt inn to store femarma ljosestakar, og i 1980 ei mugge til dåpsvatnet, alt i messing. 

Lesepulten i kordøra er ei gåve frå Alv O. Oppedal. 

I 1979 vart det kjøpt inn 15 konfirmantkapper, og i 1981 fem til, for til saman kr 3143. Dette vart betalt av soknekassa. 

I 1983 vart det sett opp høgtallaranlegg i kyrkja. For dette måtte soknekassa ut med kr 24332. 

Ny liturgi vart innført 1. sundag i advent 1978. 

17/11 1985 vedtok soknemøtet etter gudstenesta med 34 mot 4 røyster å føre inn Norsk Salmebok i kyrkja. Seinare vart 110 salmebøker kjøpte inn. Dei vart tekne i bruk ved gudstenesta 2. juledag same året. 

KYRKJEGARDEN 
Kyrkjegarden er mykje omvyrdsla. Han er óg utvida på nytt. Ein gråsteinsmur som er lagd rundt, er til stor prydnad for staden og kyrkja. I 1987 tek arbeidet til med ny utviding av kyrkjegarden ned mot ferjekaia. 

JUBILEUM 1987 
125-årsjubileet 15.november 1987 vart høgtida med festgudsteneste i Brekke kyrkje. Vidare var det middag, utstilling og program på Brekke skule. 

Elevane ved Brekke skule har trykt eit temahefte til jubileet om -Bygdefolk på kyrkjeveg . Her er mykje verdfullt stoff samla. 

Til 125-årsjubileet i 1987 har Brekke kyrkje fått eit katafalkteppe frå Brekke Ungdomslag, til bruk ved gravferder. 

Gulen kommune har gjeve ein benk til dåpsrommet. 

Som jubileumsgåve frå bygdefolket er innkjøpt ein voven messehakel, grøn med applikasjonar, laga av Tone Moe.

PRESTAR OG HJELPEPRESTAR SOM HAR GJORT TENESTE I BREKKE KYRKJE 1862-1987 

1862-1968: 

Thomas Erichsen 
Andreas Nicolai Hesselberg Møller 
Wilhem Frimann Koren Christie 
Lars Werner Oftedal 
Torleiv Farnes 
Peder Hersleb Birkeland Borch 
Carl Peder Østbye 
Thor Birkeland Grahl-Nielsen 
Charles Ring 
Olav Bugge Nundal 
Jens Gottfred Førsund 
Anton Strøm Nielsen 
Gudtorm Kallhovd 
Nils Trengereid
Sverre Riisøen 
Konrad Oudenstad 
Johannes Holten 
Monrad Kristoffer Taule 

Etter samanslåinga med Gulen prestegjeld 1/4 1968: 

Gunnar Selvik 1968-1972 
Olav Georg Rossabø 1972-1984 
Signe Sandberg 1985- 

KLOKKARAR 
Lasse Ellingsen 1855-1873 
Nils Olsen Solheim 1874-1877 
Anders Olsen Engen 1877-1884 
Mons Henrikson Oppedal 1884-1919 
Mons Hanson Takle 1919-1943 
Mons Hjelmå 1943-1947 
Sverre Aas 1947-1952 
Gunnvald Torvik 1953-1954 
Anders Kvamme 1954-1955 
Ole Hallaråker 1955-1956 
Alf Gjerde 1956-1958 
Johannes J. Takle 1958-1986 
Arne Kjelby 1986- 

ORGANISTAR 
Nyttårsdag 1931 vart orgelet vigsla og teke i bruk. 

Håkon Ivarson Haugland 
Lars Isakson Tynning 
Målfrid M. Takle 
Brynhild H. Takle 
Harald H. Takle, slutta 14/11 1971 etter 25 års teneste. 
Kristofer Tveit 1971- 

JUBILEUMSTANKAR 
Gulen november 1987 
Signe Sandberg, sokneprest i jubileumsåret. 

-Me er Guds hus og kyrkje her, bygde av levande steinar.. 

Slik syng vi med N.F.S. Grundtvig. Om det enn er kyrkjehuset som samlar oss til jubileum, så veit trua at -Herren, vår Gud i hus ei bur, som dei kan byggja med hender .

Kyrkja er altså ikkje fyrst og fremst huset, men folket, kyrkjelyden som samlar seg for å be og lovprise, og dele Guds ord og dei heilage sakramenta. 
Korleis kan ein då likevel verte glad i eit hus? Eg trur det heng slik saman: Kyrkjehuset som samlar bygdefolket, hjelper oss til å sjå samanhengen. Både framover og attende i tida er det slik: Vi er ikkje åleine i tilværet, vi er i lag med dei som gjekk før oss og dei som kjem etter oss. Frå bibelsoga veit vi at Gud handlar med heile folk. Kyrkjehuset hjelper oss til å kjenne oss som Guds folk. 
Men samstundes er det slik at vi så ofte går i flokk. Så mange lydar og inntrykk fyller kvardagen. Kvar kan den einskiikle finne ro til å møte Gud?
Her hjelper kyrkjehuset oss endå ein gong. Det fine rommet med den høge takkvelvingen grip fysisk tak i oss og minner oss om det viktigaste i livet: Å finne nåde hjå Gud. 

I garnmal tid møttest bygdefolket i kyrkja. Det var gildt å få fri frå arbeidet heime, og høgtidsamt å samlast til gudsteneste. I dag slit ikkje folk fysisk slik som før. Likevel har alle sitt å stri med. 

Utfordringa ved eit kyrkjejubileum er å sjå framover. Kan kyrkja - som Guds folk - gå inn i det neste årtusenet som eit byggverk av levande steinar? 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no