Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kyrkjer
 

      

   

Festskrift i anledning Gulen kyrkje 125 -års jubileum i 1988. 
Tekst : Magnor Midtun

Kyrkja ho er eit gamalt hus, stend om enn tårni mun falla. 

Kyrkja vår har no stått på tuftene sine i 125 år. Før denne har det stått fleire andre kyrkjer. Det eldste skriftlege vitnemålet om kyrkje her er frå 1327 (oldbrev av 14. juni 1327 i Diplomatarium Norvegicum), men det har nok stått kyrkje her lenge før, truleg heilt attende til den fyrste tida det vart bygd kyrkjer i landet vårt. 
 
Det ser ut som om granskarane ser Eivindvik som ein svært gammal kyrkjestad. Truleg har folket i eit stort område hatt sin samlingsstad og sin heilagdom her også langt tilbake i heidensk tid. 

   
KROSSANE
Dei to steinkrossane står som dei eldste minna om innføringa av kristendomen, og den fyrste kyrkja kom nok også kort tid etter kristninga. Ho vart mest truleg reist der den gamle hovstaden låg. Olav Den Heilage er sett i samband med reisinga av kyrkje her. 

Bildet t.v. syner den angliske steinkrossen i krossteigen. Bildet t.h. syner den keltiske krossen ved kyrkjegardsporten. Begge krossane er omlag 1000 år gamle. 

OM GULEN PRESTEGJELD 
Det er sagt at dette prestegjeldet er eitt av dei eldste i landet. Kyrkja her er fram gjennom tidene i offentlege protokollar nemnd som hovudkyrkje. Hovudkyrkjene vart bygde etter påbod frå kongen (statsmakta), og hadde høgare vern og rang enn andre kyrkjer. Straffa for fredsbrot i ei hovudkyrkje var t.d. at fredsbrytaren vart dømd fredlaus, medan det i såkalla -høgendekirker- gjekk av seg med bøter. 

Namnet på prestegjeldet var Eivindvik heilt fram til det ved kongeleg resolusjon av 17. mai 1890 vart endra til Gulen. Prestegjeldet femnde i si tid om det som var -gamle- Gulen kommune (før kommunesamanslåinga i 1964), med Lavik, Bø og Brekke som annekssokn. Solund var delt mellom Askvoll og Eivindvik prestegjeld. Delar av Utvær tinglag låg direkte under Eivindvik hovudsokn, medan ein annan del tilhøyrde Husøy kapell, som igjen var annekskyrkje under kyrkja i Eivindvik. Kva tid hopehavet starta, veit me ikkje, men det er svært gammalt. Lavik og Bø vart fråskilde ved kongeleg resolusjon av 18.12.1807. Brekke vart lagd til Lavik ved kongeleg resolusjon av 24.4.1858, og siste kyrkjelege hopehavet med Solund vart løyst opp ved kongeleg resolusjon av 22.10.1887. Brekke sokn er no igjen ein del av Gulen prestegjeld, som ei fylgje av kommunesamanslåinga i 1964. 

GAMLE KYRKJA 
E. Bjordø, Ålesund, har skrive ein del om -Eivindvik Kirke-. Boka hans har vore den viktigaste kjelda for meg. 

Bjordø skriv at gamlekyrkja, som stod her før noverande kyrkje, vart bygd rett før år 1600. Denne kyrkja hadde plass til 350 menneske. Ho skifte eigar fleire gonger, og vedlikehaldet svikta nok litt på slutten. Dertil vart kyrkja for liten. Dette hadde fleire av prestane peika på i meldingane sine til biskopen. Særleg hadde den kjende presten, prost og stortingsmann og den fyrste ordførar i kommunen, Niels Griis Alstrup Dahl, gått sterkt inn for å få bygd ny kyrkje. Frå reformasjonen var det Kongen som hadde ansvaret for kyrkjene, men frå ca. 1720 og framover vart mange kyrkjer selde på offentleg auksjon, truleg for å skaffe pengar til krigføring. Kyrkja i Eivindvik vart seld 15.11.1723 til magister Nicolai Stabel for 129 riksdaler croner. Stabel var då prest her. Med i handelen fylgde 3 av gardane til kyrkjegodset, Lid, Knarvik og Grimstad. Kongeskøytet er datert 12.8.1724. Siste eigaren av kyrkja før ho vart seld tilbake til -Eivindvig menighed, var sokneprest Daae i Fana. Enkja etter han, Edvardine Daae, skreiv under skøytet 22.10. 1862. 

Denne kyrkja vart riven og seld på auksjon 15.juni 1863 etter -rekvisisjon frå Eivindvig kommunestyre . Auksjonsforretninga vart styrd av R. Haugland med Lasse J. Sande og Mikkel Rørtveit som vitne. Det var 480 salsnummer, som gav i alt 298 speciedalar og 19 shilling, og kyrkja vart spreidd rundt i præstegjeldet. 
Far til Bjordø har fortalt om ein seglskutemodell, ein fullriggar, som hekk under kyrkjekvelven. Når kyrkjedørene vart opna og det kom litt trekk i lufta, blafra det i segla, og skuta svinga litt i taua ho hekk i. - Har andre høyrt om denne skuta? Kanskje det kan la seg gjere å spore henne opp og få henne på plass i den kyrkja som står no? 

SEGNA OM DØRSTOLPANE 
Det er sagt at på ein av dørstolpane i gamlekyrkja stod innhogd årstalet 1600 og bokstavane T.V. 
Segna seier at då Olav Den Heilage skulle samle folk til å byggje kyrkje i Eivindvik, kom bodet også til ein høvding i Virkesdal, ein kjempekar som heitte Torstein. Det var midt i slåttonna, og Torstein gjekk og slo då han fekk bodet frå kongen. Han vart sint og tok så hardt i at ljåen laga store fôrer i marka. 
Fôrene var synlege i fleire mannsaldrar. Stykket der han gjekk og slo, heiter -Torsteinslette- den dag i dag. 
Då meste sinnet hadde gjeve seg, gjekk han til skogs og hogg eit stort tre. Stokken av treet tok han med seg til Eivindvik, og han svor på at om ikkje denne stokken vart nytta til dørstolpe i kyrkja, ville han ikkje gjere eit hogg meir på Olav si kyrkje. Kongen tok med glede imot den prektige stokken, som vart tilhogd og sett inn som dørstolpe i kyrkja. Tradisjonen vil setje denne dørstolpen i samband med stolpen med innhogd T.V. som det vert påstått stod i den kyrkja som vart riven i 1862. 

KYRKJA WESTERLUND SÅG 
Anna Elisabeth Westerlund, vide kjend for sine synske evner, var her i april 1983. Ho meiner at den fyrste kyrkja her kom alt i 11. hundreåret, og kan altså godt ha vorte reist av Olav Den Heilage. Det var ei lita, svært enkelt bygd trekyrkje med jordgolv og mest ingen sitjeplassar. Folk måtte stå. Taket var óg av tre, av brune, truleg tjørebreidde fjøler. Det var ikkje ei stavkyrkje. 
Kyrkja var svært kald, og folk stod inne med mykje klede på seg. Ho hadde våpenhus og ein liten 8-kanta altarring. Denne fyrste kyrkja vart ikkje godt motteken av folket. Dei hadde vanskar med å godta den nye trua, og dei øydela kyrkja Det vart så sett opp ei ny, også ho var av tre. I denne kyrkja var det oppvarming ved at dei hadde glødande kol i jernfat. Kyrkja vart stelt med og utbetra, og jordgolvet vart bytt ut med tregolv. Etter reformasjonen vart kyrkja endra. Seinare forfall ho meir og meir, og vart til slutt i dårleg stand. Westerlund såg mellom anna taklekkasje. 

Det vart arbeidd hardt for å få ny kyrkje. Til slutt vart kyrkja riven, og den kyrkja som står i dag, kom i staden. Kanskje den kyrkja Westerlund fortel om fekk ei større ombygging på 1600-talet, og at dørstolpen med innhogd T.V. faktisk er teken vare på heilt frå den fyrste kyrkja som Olav Den Heilage reiste? 

NY KYRKJE ? 
Ny lov av 24. september 1851 hadde reglar om kor stor ei kyrkje skulle vere i høve til folketalet i prestegjeldet. Denne lova sette fart i bygginga av nye kyrkjer rundt i landet. Ein annan ting som nok óg skunda på reisinga av ny kyrkje i vårt prestegjeld, var at Dahl døydde i 1852. Folk hadde stor vørnad for han, og dei ville gjerne heidre hans minne ved å få reist ei ny kyrkje slik han gjekk så aktivt inn for. 

PLANANE TEK FORM 
Kyrkjesaka vart handsama i kommunestyret 2 gonger i 1851 og vart ein hyppig og aktuell post på kommunestyremøta i åra framover. Det vart ei stor, vanskeleg og kostbar sak. Den gamle kyrkja skulle avhendast, og den nye skulle finansierast. Løyve skulle innhentast - det var mange instansar saka måtte gjennom. 

Reglane i lova av 24.9.1851 tilsa ei kyrkje på vel 800 sitjeplassar for vårt prestegjeld. Soknepresten, Meyer, hadde i sine utgreiingar gjort merksam på dette, men kommunestyret søkte likevel om å få byggje for berre 700 plassar. Dei søkte vldare om at kommunen -uden udgift for sig må erholde tegninger og overslag udarbeidet ved dette Departements foranstaltning-. Det heiter vidare at både soknepresten og prosten - har erklært at en kirke som indredes til 700 pladse under enhver omstendighed vil være fuldkommen tilstrekkelig for den kirkesøgende almue-. 

Ved kongeleg resolusjon av 22.12.1860 vart det gjeve løyve til å byggje kyrkja med 700 plassar. Kostnadene med teikningar og overslag vart også dekka. Det heiter at -det i medhold av lov av 25. februar 1860 nådigst tillates at en ny kirke beregnet til 700 pladser oppføres i Eivindvig prestegjeld hovedsogn, og vidare: - .. .departementet ved offentlig regning ved Bygningsinspektøren har ladet utarbeide vedlagde tegninger og overslag til en kirke av den ved resolusjonen fastsatte størrelse-. 

Kommunestyret hadde på møte i Fonnevik 1.april og 14.juni 1862 godteke teikningane med små endringar. Presten vart pålagd å få fram oversikt over kvar ein kunne få billegast tømmer fram. 
Grunnarbeidet skulle gjerast på dugnad med arbeidslag på 6 mann dagleg. -For ikke mødende bliver at udrede 36 s. daglig pr. mand, 2 dager pr. gårdmann og 1 dag pr. plassmand. 

BYGGINGA TEK TIL 
Alf Sæternes seier etter far sin, Anders Vassvik Sæternes, at det var ein Lars i Livra som stod for utskytinga av stein til grunnmuren. Lars fortalde at presten bad han om ikkje å skyte så tidleg om morgonane. Presten ynskte ikkje å bli uroa så grytidleg. Men alt neste morgon sette Lars av tre skot med det same han kom på arbeid. 

Kyrkja vart oppførd av byggmeister Ola Syslak frå Lindås som tok på seg arbeidet for 5560 Spdr. 

Nyekyrkja vart bygd på same tomta som gamlekyrkja stod. Det vart ei vakker langkyrkje Skipet er innvendig 19,9 m langt og 12,6 m breitt. Koret er 5 sider av ein åttekant og er 7,8 x 7,6 m. 
Våpenhuset er 4,3 x 5,10 m. Kyrkja står i retning aust-vest. 

VIGSLINGSDAGEN 
Gulen kyrkje vart vigsla 3. sundag i advent, 13.desember 1863. Det var ein stor festdag for folket i distriktet. Sjølv om vêret ikkje var det beste, vart kyrkja fullsett. Prosten i Ytre Sogn prosti, Tommas Eriksen, stod for innviinga, sokneprest Arnold Meyer forretta og det var fleire representantar for presteskapet til stades. Ein frå ytre delen av prestegjeldet som sjølv var med på vigslehøgtida har fortalt: 

- Det var lenge tvil om kyrkja vart ferdig det året. Eg var med på dugnad saman med mange andre, særleg med opprydding. Me sigla heimatt laurdags kvelden. Sundag var det gråvêr og blès friskt. Men slikt syn skulle ein vel sjeldan sjå: Det krydde av segl inn gjennom leia. I Prestesundet var det båt i båt, utanfrå og innanfrå. Kunne kyrkja verkeleg røma alle? Ja, trongt om plassen var det. Eg tykkjest enno høyre brusen av den kraftige salmesongen. Det heile var ei stor og ugløymande høgtid. (O.B. f.1841. d. 1928) 

OM INTERIØRET 
I 1897 (etter Bjordø si bok) kom det pipeorgel i kyrkja, det same som enno står der. 

Altartavla er signert C.Brun, årstalet ser ut til å vere 1872. Måleriet framstiller Jesus i Getsemane, omgjeven av engelen med kalken, og sovande apostlar i bakgrunnen. Altartavla er sett opp i vakkert utført råme i 1873. 

Dei to kyrkjeklokkene er, etter Bjordø sine opplysningar, overførte frå gamlekyrkja. Den eine er laga i Bergen i 1711 og omstøypt i Stockholm i 1821. Den andre er det inga innskrift på. 

Dei to lysekronene som heng i kyrkjeskipet, vart i 1912 gjevne til kyrkja av kong Haakon VII og dronning Maud (etter -tiggarbrev- frå Johan Klokeid). Lysekrona over galleriet meiner Bjordø truleg er den lysekrona Sr.Michel Normann gav til gamlekyrkja i 1706. 

Preikestolen og altaroppsatsen er vakkert utført arbeid av stord verd. 

JEG DØBER DIG 
I koret står ein solid døypefont av stein, truleg laga av same typen stein som dei to steinkrossane på prestegarden. Døypefonten er forma som ein terning, omlag 60 cm i firkant, med ei hole til å ha vatnet i. 

Segna seier at då kong Olav skulle døype ålmugen på Gulatinget, spente dei hardbalne sygnene fata or hendene på prestane hans. Dette ville ikkje kongen vite noko av. Han fekk då laga denne solide døypefonten som dei ikkje kunne spenne vekk. 

Anna Elisabeth Westerlund sa at denne døypefonten også stod i den fyrste kyrkja her. Han vart då nytte som sokkel til ei skål som stod oppi hola i døypefonten. Skåla var truleg av messing, og vart seinare uthamra til eit 8-kanta fat, dekorert med fôrer og klasar. Då den fyrste kyrkja vart øydelagd, 
kom døypefonten ut, og han vart ikkje påvørd før han fleire hundre år seinare igjen vart oppdaga og sett inn i den nye kyrkja. 

Bjordø meiner døypefonten vart sett inn att i kyrkja i 1905. Anders Vassvik Sæternes har fortalt son sin at det var ein prest Gundersen, han vikarierte for sokneprest Ottesen ei kort tid i 1905, som ordna med å få døypefonten inn i kyrkja. I tida rett før dette meiner Sæternes døypefonten stod ute, attmed krossen ved kyrkjegardsporten. 

OMBYGGINGA I 1938 
Til 75-årsjubileet i 1938 vart kyrkja vølt og oppussa. Innvendig vart ho ombygd og kledd med finérplater ,og orgelet vart snudd 90 grader og bygd inn. Ombyggingsarbeidet vart gjort etter utkast frå arkitekt Johan Lindstrøm, og målararbeidet etter utkast frå statskonsulent Dominicus Erdmann. 
Meister for trearbeidet var Søren K. Lie. Som fast mannskap hadde han med seg Trygve Lie, Konrad Lund, Bernt A. Lid, Kristoffer Lund og Reidar Norstein. I tillegg var det óg nokre som arbeidde der i kortare tid. Målararbeidet vart utført av målarmeister Ola A. Korsvold, Erling Korsvold og Erling Ullebø. 

OPPUSSINGA I 1963 
Tårnkjegla vart reparert i 1956, og fekk lagt på kopardekke i staden for dekke av bly. 
Ein utflytt guling gav ei pengegåve til glasmåleri i dei to vindauga i koret. Desse målarstykka kom på plass til 100-årshøgtida i 1963. Til dette jubileet vart det óg montert lyskastar til altartavla og altaret. På sørsida av kyrkja vart det bygd til dåpssakristi, noko som vart eit stort gode for dei som bar born til dåpen. Prestesakristiet vart óg ordna og oppussa. Vidare vart det utvendig montert lyskastarar som lyser opp fronten og tårnet. Den vakre kyrkja vår tek seg godt ut i flaumlyset, som var gåve frå Gulen Kraftlag. 

Til jubileet i 1963 vart det óg gjort ein del fornying av utstyret på altaret. Det kom nye lysestakar, ein del nytt altarsølv, døypefatet vart vølt og pussa opp, ny vassmugge vart kjøpt, det vart lagt teppe i koret og inni altarringen, og det kom nytt stoff på preikestolen og på altarbordet. Mykje av det nye var gåver frå utflytte gulingar. 

Utflytte bygdefolk har gjennom tidene også gjeve mange andre vakre gåver til kyrkja, mellom anna den fine altarduken og blomsterglasa på altaret, vakker biletvevnad til teppe i altarringen, trekk til bedeskammel, fire messehaklar (éin kvit, éin grøn, èin fiolett og èin raud), sølv altarkalk, disk og oblatøskje m.m. 

I åra rett før 100-årsjubileet vart det lagt inn elektrisk straum i kyrkja, og orgelet fekk elektrisk motor. Til då hadde den store orgelbelgen vorte driven med handpumpe. På høgtidsdagar med mykje folk i kyrkja, lange salmar og stor styrke på musikken kunne det vere hardt nok for belgtredaren, som oftast ein unggut. Det vart også sett opp høgtalaranlegg og lagt fram vatn til kyrkja og kyrkjegarden. 

FORNYINGA I 1980-ÅRA 
I 1982 vart høgtalaranlegget bytt ut med eit nytt anlegg, kjøpt for innsamla midlar. Same året vart det skifta kledning på vestveggen og inngangspartiet og sett inn ny hovuddør. Året før, i 1981, var det ein større reparasjon på tårnet. Ein god del av tømmeret vart skifta, ytterveggen i øvre delen av tårnet vart fornya, og det vart lagt nytt skifertak. Det gamle spiret, laga av smijern, var sundrusta. Nytt spir av messing vart laga i same form og oppsett. Kula er frå det gamle spiret. 

Det nye spiret, laga av Bernt Stendal, gratisarbeid, fekk stor ros av fagfolk. Tilbygget til dåpssakristiet og dei store reparasjonane i 1955, 1963, 1981 og 1982 vart utførde av tømrarane Magnus Kvamsdal, Mons Haveland, Einar Hope, Leif Nyhammer, Olav Brosvik og Henrik E. Haveland. 

I 1986 vart det kjøpt inn nye lampettar til kyrkja. Same året vart det bygd rullestolinngang på nordsida. Ved hovudinngangen vart det sett opp handred. 

BÅREHUSET
Bårehus ved kyrkja var lenge eit stort sakn. I 1979 vart planane realiserte, og me fekk eit godt og tilhøvelag bårehus oppført attmed kyrkjegardsmuren nord for kyrkja. Huset går fint inn i terrenget. Det har torvtak, og veggen mot kyrkjegardsporten er gråsteinsmur. Huset inneheld bårerom, rullsstoltoalatt og eit pause- og kontorrom. Huset er teikna av kommuneingeniør Trygve Asbjørn Wergeland og oppført av firma Anton Olsen A/S. Ein del av kostnadene vart dekka av innsamla midlar. For å få plassert bårehuset slik det står, måtte minnestøtta over dei falne i 2. verdskrigen, flyttast ca. 20 m mot nord-vest. 

Denne støtta vart reist i 1947 og vart avduka under stort folkeframmøte 3. august av major Skåtun.
Marinesoldatar stod æresvakt. Det var 75- årsdagen til kong Haakon VII, ein fin og svært varm sundag. Kongejubileet vart markert i kyrkja under gudstenesta før avdukinga. Då var det ofring til minnesteinen, og det kom inn 700 kroner. 

SOGESUS 
Gulen har sogesus over seg. Også i moderne tid har det vorte skrive soge her. I 1985 kom nemleg den fyrste kvinnelege soknepresten i Bjørgvin bispedøme, Signe Sandberg, i teneste her i kommunen.1. påskedag hadde ho, i Gulen kyrkje, si. fyrste gudstenesta i embetet. 
 

KYRKJEFERD I GAMAL TID 
I generasjonar har folket i distriktet hatt kyrkja som samlingsstad. Hit har dei kome både i sorg og i glede, - her er mange minne gøymde. I den tida dei rodde og siglde til gudstenestene, vart det gjerne kapping mellom dei einskilde båtlaga om kven som kom fyrst fram til kyrkja. Det siste stykket fekk dei ekstra kraft av den malmfulle klangen frå kyrkjeklokkene. Folk hadde kledebyte med seg, og dei kledde seg i sin finaste stas før dei gjekk inn til gudstenesta. I tillegg til gudstenesta fekk dei óg kjennskap til lysingar og andre offentleggjeringar. Kunngjeringane på kyrkjebakken var i eldre tider mest like viktige for folket som avisene er for oss i dag. Kyrkjefolket samla seg på Borggarden etter gudstenestene. Dei hadde rikeleg med niste med seg, gav seg god tid, åt, snakka med kjende og frette nytt. Det kunne li langt på dag før dei tok på heimveg. Det er fortalt at unggutar fekk -eksersisøvelser- på Borggarden etter gudstenestene. 

Me veit at prestene dreiv mange former for samfunnsbyggjande arbeid. Til dømes dreiv Dahl, mellom mykje anna, undervisning for lærarane, han ordna med vaksinasjonar og andre lækjartenester. Det er nokså truleg at prestane nytte tida etter gudstenestene, med mykje folk samle, til ein del av dette arbeidet. Vidare veit eg at bankkasseraren fekk oppdrag som han måtte ordne ved kyrkja. -Ta med til fyrste preikesundag, lydde gjerne oppdraget frå kunden. 

KYRKJA - EIN SAMLINGSSTAD 
At gulingane er glade i kyrkja si er alle dei vakre gåvene og all den gratis innsatsen ved arbeid og innsamlingar eit godt prov på. Me er også stolte av kyrkja vår - ho er vakker og solid, fint ligg ho til, og godt tek ho seg ut. Kunne ho tala, hadde ho nok mykje å fortelje om prestar, klokkarar, kyrkjetenarar, organistar, ålmugen, vakker song, mektig musikk og om det pulserande livet gjennom slektsledd. Måtte kyrkja vår verte hegna om og stelt vel med og også framover vere ein samlingsstad - eit kultursenter - for folket. 

----------------------------------------------------------- 
Eivindvik, den 14.april 1988 Magnor Midtun

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no