Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Prisar/Utmerking
Fortenestemedalje

 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 


Kongens fortenestemedalje i Gulen kommune 

Kongens fortenestemedalje vart stifta i 1908 av kong Haakon 7. til belønning for fortenester innan kunst, vitenskap og næringsliv, samt for utmerka forhold i offentleg teneste. Medaljen vert utdelt i gull og sølv. 

2006 
Bedriftseigar Hans Harry Wergeland, Dalsøyra, er tildelt kongens fortenestmedalje i gull. Medalje og diplom vart utdelt av fylkeslege og assisterande fylkesmann Petter Øgar ved ei tilstelling laurdag 18. november 2006.

2002 
Magnor Midtun fekk Kongens fortenestemedalje i sølv for mange års arbeid både i frivillig arbeid, yrkesliv og som folkevald. Midtun har også lagt ned eit stort arbeid i sogeheftet «Eivindvik før og no» og for å få markert Gulatinget. 

2000 
Eldbjørg og Olav Molde får kvar sin Kongens Fortenestemedalje i sølv for deira trufaste misjonsarbeid i heimbygda Dalsøyra. 
I juni reiste dei til hovudstaden og Slottet for å takka HM Kong Harald for medaljane. 

1964 
Ludvik Benjamin Kjellevold (f. 8/2 1889 - d. 9/11 1971) var i Amerika i åra 1909 - 1914. Han dreiv landhandel i Lavik frå 1915 til 1920 då han overtok garden på Kjellevoll. I 1921 vart han handelsmann og nokre år seinare postopnar og d/s-ekspeditør på Dalsøyra. Ludvik fekk i åra framover ei mengd tillitsyrke - og var ordførar i fleire periodar frå 1947 til 1963. Han la også ned mykje arbeid i Vestlandske Salslag og Bergensmeieriet for å betre salssamyrke for bøndene. For innsatsen sin fekk han m.a. heidersteiknet for Noregs By og Herredsforbund i 1959, og Kongens fortenstemedalje i 1964. 
 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal