Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Samferdsle
Vegar

 

    
Dingjavegen
Tekst: Leif Nyhammer. Foto: Scandion.
Publiseringsdato: 26.05.2007

Dingjavegen blir den kalla på folkemunne, men den heiter fylkesveg Sollibotn - Dingja. Vegen vart opna på fredag 11. mai 2007 med stor jubel og mykje folk samla i Sollibotn under snorklyppinga. 

Endeleg vart bommen, kjettingen med lås, vekke, og bilane kunne køyre kor tid dei vilde. Dingja fekk med vegen, 3 mil kortare veg til ekspressbåtkai og kommunesenteret Eivindvik. 

Eivindvik er fast arbeidsplass for mange i Dingja. Dei får også kortare veg til Bergen over Sløvåg. Gardane Mjånes, Navdal og Tjuvik har også fått vegutløysing, og glad kan dei vere. 

Den nye vegen har ikkje vore heilt lett å byggje. Entreprenør Magne Hope med maskiner og godt mannskap har løyst denne oppgåva frammifrå godt til rett tid og til rimeleg pris. 

Det har vore nemt ei vegnemd som har vore med i arbeidet for å få denne vegen til. Dei fleste namn på dei som har vore med i denne vegnemda, har ikkje alltid kome fram. Det har i grunnen vore to vegnemder. Den første oppstod på eit møte i Eivindvik Næringssamskipnad i november 2003. Då var 12 mill. på fylkeskonto, øyremerka Dingjavegen, i faresonen. Fylkesutvalet vilde bruke desse 12 mill. på andre vegprosjekt. 

6 personer, Åse Lene Vatne, Magne Vatne, Bjørn Vold, Oddfinn Nyhammer, John Helge Gullaksen og Leif Nyhammer reiste til Leikanger på fylkesrådsmøte 20. november for å prøve overtale politikarane om ikke å ta pengane vekk frå kontoen merka Dingjavegen. Resultatet av reisa vart at desse 12 mill. framleis vart ståande på kontoen. Einar Thune vart med i nemda etter at dei kom att frå Leikanger. 

Framover i 2004 arbeidde denne nemda med å få fri grunn frå grunneigarar der vegtraseen skulle gå. 18. november 2004 var det folkemøte i Dingja om vegen. Der møtte mange frå Dingja og nærområdet + ordførar Trude Brosvik og varaordførar Halvard Oppedal. 

Pengane vart hovudtema på dette møtet. Entreprenør Magne Hope kunne byggje vegen for ca. 19 mill. På fylkeskontoen stod det 12 mill. og 7 mill. mangla. Ny nemd vart utnemd på møtet, Tor Leif Mongstad, Per Vold, Einar Thune, Magne Vatne, Sigvald Kidøy og Leif Nyhammer. Denne nemda skulle prøve å samle inn 3,2 mill. frå bedrifter og private. Resten, 3,8 mill. måtte løyvast av kommunen skulle alt gå i orden. 

Ordføraren klarte å få kommunepolitikarane med på å løyve desse 3,8 mill, og ein kunne då tru at finansieringa var i orden. Fylkestinget på Leikanger spikra fast dei tidlegare nemte 12 mill. etter mykje diskusjon. Det var den 20. november 2004, då heile Dingja var på "pinebenken" i mange timar før fylkestinget sa endeleg ja til Dingjavegen 30. november. 

Mange bedrifter og private gav i dei dager mykje pengar, men det vart for lite og tida var knapp. Skulle vegen kome i arbeid måtte pengane på "bordet" snart og fort. Nemda tok då kontakt med BKK om forskotering av 3,2 mill, og det gjekk i orden. Nemda kunne berre takke og bukke for at BKK vilde hjelpe eit distrikt i Gulen med å få veg. 

Eit nytt problem med vegfinasieringa kom fram ved nyttår 2005, vegen kom til å koste 20 mill, og ekstra kommunestyremøte måtte til for å løyve 1 mill. Møtet var 13. januar 2005, og ekstraløyvinga gjekk heldigvis i orden. 

Endeleg var alt klart for vegstart, og den vart 30. mars 2005. Etter vel 2 års anlegstid, var vegen ferdig. Det har vore knuter på tråden mange gonger. Ordførar Trude Brosvik har vore sterkt med i kampen like fram til vegopning. 

Vegnemda for vegen er ikkje oppløyst sjølv om vegen er opna. Sjølv om vel 70 personar og bedrifter har gjeve pengar til vegen, vantar framleis nesten halve summen nemda gjekk inn for å samle inn, og heile forskotbeløpet er heller ikkje tilbakebetalt. 

Nemda er takksam dersom nokon vil hjelpe til med å få resten innbetalt. Mandag ringde eit firma at dei ville ha eit kontonummer dei kunne sende inn pengar på, og det gleda nemda stort for kvart bidrag dei får inn. 

Køyr ein tur på nyevegen og sjå den fine naturen på vegen. I sær ein sumarkveld er utsikta frå vegen fager og fin der ein ser Lihellene med Solundlandet i bakgrunnen ved solnedgang. 

----------------------------------------------------------- 
Eivindvik 14.05.07 
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal