Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lærdal
Lokalhistorie
 

 

              
Frønningen - frå trelast til turistar
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 19.01.2003

Vilhelm Rumohr har brukt 1990-åra til å sala om det store godset i Frønningen. No er 400 år med skogsdrift til endes i den vide bygda aust for Aurlandsfjorden. Den 50.000 mål store eigedomen tek steget frå produksjon til forvaltning og turisttilbod. 

Hjortejakta er alt organisert med sikte på å bringa inntekter. No skal brukseigaren henta fram andre sider av det samla ressursgrunnlaget, herunder den vakre fjordnaturen og den profilerte bygningsmassen. Eg ynskjer å tilpassa ei forvaltning som er meir samansett enn før, seier han. I dette biletet vil han også prøva halda på ein liten flik av den tradisjonelle skogsdrifta. Det gamle sagbruket er ikkje utegløymt i Vilhelm Rumohr sine planar. Frå sist på 1500-talet har all verksemd her vore innretta på trelast. 

Dagens brukseigar i Frønningen er den fjerde gjennom dei siste hundre åra. Han tok over eigedomen i 1982. Like fram til midten av 1990-talet dreiv han nesten utelukkande med skogen og sagbruket som ressursgrunnlag. Men då melde behovet seg for å leggja om. No skal han konsentrera seg om å forvalta jakt og fri utfalding i den vakre naturen mellom Aurland og Lærdal. 
- Eg ser føre meg bilete av eit levande Frønningen, eit breitt spekter av tilbod og attraksjonar, seier han. 


Eit sus av gamal stordom 

I sjølve Frønningen står det store 103 år gamle jugendhuset, iblanda nyklassisisme og lokalt kalla Storehuset, eit sus av gamal stordomstid. Huset er omkransa av ei rad større og mindre hus, alle med sitt særpreg. Og om ikkje det var nok, det store godset har bygningar i fleire små fjordgrender, både aust og vest for hovudhuset. På kort sikt kan Vilhelm Rumohr by på 25 senger, fordelt på sju-åtte ved sjøen, dei øvrige i hytter og i ei velutstyrt jakthytte oppe på den vide og skogkledde åsen over Frønningen. 

Planen er å dra inn Buene og Indre Frønningen i eit totalopplegg. Dei er små perler ved fjorden sommarstid, seier han. 


VEGLAUST GODS. Vilhelm Rumohr i den romslege daglegstova i Storehuset i Frønningen. 

Vilhelm Rumohr er oppteken av å verna og formidla den solide kulturen Frønningen-godset representerer. 
I planen hans inngår også bygginga av eit lite kraftverk, basert på den same naturressursen som i 1885 var grunnlaget for ei imponerande tømmerrenne frå skogen og ned, kopla mot eit saghruk. 

Inne i det store våningshuset har han rikeleg med plass. Vinterstid brukar han det store kjøkkenet og den romslege daglegstova. På fjordsida ligg tre store «beststover» på rad. 

Interiøret er slik at det når som helst kan falle inn i rekkja av herregardsperler i Toppen Bech sin tv-serie. - Eg meiner vi har noko å by folk som kjem for å finna fred og ro, seier Vilhelm Rumohr. 

Turisttilbod 
Frønningen er alt godt plassert på kartet. Lise og Peter Sundberg har gjennom Frønningen Turistservice gjort staden kjent innan reiselivet. Dei har teke imot gjester sidan 1995. Organiserte grupper etterspør Lise og Peter sine tenester nesten heile året. 
Paret har etablert ein liten idyll av ein restaurant nokre hundre meter frå butikken og hovudhuset, kloss i ferjekaien. Dei samarbeider tett med Vilhelm Rumohr i den korte, men travle jaktsesongen. 

- Målet vårt er å prøva utvida sesongen og bli sterk både på vår og haust, seier han. Og sommaren gjev seg sjølv, Fylkesbaatane er i gang att frå 15. mai med ferjeseglingane sine på sambandet Lærdal - Kaupanger - Frønningen - Gudvangen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal