Lærdalstunnelen
 
 Den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen, mellom
Nyheim i Aurland kommune og Håbakken i Lærdal kommune, er eit
viktig bindeledd på stamvegen mellom Oslo og Bergen. Sambandet er
ferjefritt og utan vanskelege fjellovergangar om vinteren. Bygginga av
tunnelen tok til den 15. mars 1995. Den 3. september 1999 var det gjennomslag,
og den 27. november 2000 vart tunnelen opna av kong Harald V og erklært
klar for vanleg trafikk.
Ein må ikkje betala bompengar for å køyra
gjennom tunnelen, slik som ein må gjennom mange andre tunnelar. Tunnelen
er en del av Europaveg 16.
 Tunnelen er delt inn i fire seksjonar, med tre store fjellholer
mellom. Fjellholene er lyssette og skal kunna gje dei køyrande ei
avveksling og letta konsentrasjonen . Om nokon skulle få problem
under køyringa er det mogleg å stoppa og ta ein pause.
 Tunnelfakta
 Lengde på tunnel: 24 510 meter
 Lengde ventilasjonstunnel: 2 100 meter
 Opningsdato: 27.11.2000
 Byggetid: 1995 - 2000
 Kostnad totalprosjekt (2000-verdi) 1050 mill. kroner
 Kostnad tunnel (2000-verdi) 930 mill. kroner
 Meterpris ferdig tunnel: 38 000 kroner
 Snunisjer: 15 stk
 Havarinisjer: 48 stk
 Årsdøgntrafikk: 1000 køyretøy
 Største timetrafikk: 400 køyretøy
 Første salve 15. mars 1995. Vegdirektør
Olav Søfteland fekk æra av å tenna lunta.
 Gjennomslag i tunnelen 3. september 1999
 Opning av tunnelen 27. november 2000
 5000 salver vart sprengt før gjennomslaget i september
1999
 For kvar salve vart det bora 100 hol (kvar salve åt
seg 5 meter inn i fjellet)
 Kvar salve sprengde ut 500 kubikkmeter fjellmasse
 For kvar salve vart det nytta 500 kg sprengstoff
 I gjennomsnitt vart det sprengt 50-70 meter på
kvar "stuff" kvar veke i drivingsfasen
 Tryggingsutstyr
 Nøtelefonar merka SOS for kvar 250 meter.
 Brannslokkingsapparat for kvar 125 meter.
 15 snuplassar for bussar og vogntog.
 Skilt med teksten "Snu og køyr ut" vert tent når
snuplassane skal brukast.
 For kvar sjette kilometer er snuplassane bygde som store
fjellhallar der vogntog kan snu utan å rygge.
 Mindre havarinisjer for kvar 500 meter.
 Eigne redningskanalar for politi, brannvesen og helsepersonell.
 Datasamband til Statens vegvesen sine vegtrafikksentralar
i Lærdal og Bergen.
 Antenneanlegg for radio P1.
 GSM-mobiltelefonsamband.
 Telje- og fotosystem som registrerer all trafikk inn
og ut av tunnelen.
 Verdens lengste tunnel
 LÆRDALSTUNNELEN 24 510 meter
 St. Gotthard (Sveits) 16 918 meter
 Arlberg (Østerrike) 13 972 meter
 Frejus (Frankrike - Italia) 12 901 meter
 Mont Blanc (Frankrike-Italia) 11 600 meter
 Gudvangatunnelen (Norge) 11 400 meter
 Kan Etsu (Japan)  11 090 meter
 Kjelde:
 vegvesen.no
 wikipedia.no  |