|  Leikanger
kommune Foto: Scandion
  Oppretta
som eigen kommune i 1837 
  Kommunenr.:
1419 
  Fylke:
Sogn og Fjordane 
  Adm.senter:
Hermansverk 
  Flatevidde
185 km² 
  Folketal:
2 178 (2008) 
  Målform:
Nynorsk
 Leikanger ligg mellom fjord og fjell i hjartet av Sognefjorden
og er den 4. største fruktkommunen i landet med 80.000 frukttre.
Leikanger er den kommunen i Norge med høgast gjennomsnittstempratur
i året. Gjennomsnittleg årsnedbør er 997 mm. 
 Tettstaden Leikanger er administrasjonsstad for Leikanger
kommune og administrasjonssenter for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkesmannen
i Sogn og Fjordane held til i Statens hus Sogn og Fjordane, som vart opna
av Moderniseringsminister Morten Andreas Meyer i mai 2005. Tettstaden Leikanger
er vaksen saman med tettstaden Hermansverk, som tilsaman har kring 1900
innbyggjarar. 
 |