Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Vågsøy
Lokalhistorie
 

    

   
Frå Hamburg til vestnorsk fyr
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 14.01.2003

- Mange har spurt oss kvifor i all verda vi har busett oss på Kråkenes. Det har å gjere både med lyset her og dei store skiftingane i hav og himmel. Sjølv om vinden og elementa er sterke, er her harmonisk og fredeleg. Lufta er så rein. Du ser og merkar forskjellen når du før har budd i ein storby. 


TYSKE VERTAR. 
Bettina Vick Bickhardt og Thomas Bickhardt er turistvertar på fyret på Kråkenes, ytst på den mest stormfulle delen av norskekysten. (Foto: FSF) 

- Dette kystområdet har ein kombinasjon av hav, strender og grøne marker som minner om Irland og Skottland. Særleg når mild luft kjem inn frå havet med lukt av tare og salt. 
Så seier tyske Bettina Vick Bickhardt og Thomas Bickhardt, som har flytta frå Hamburg og slått seg til som turistvertar i den vesle bygda Kråkenes ytst mot det stormfulle Stadhavet. 

Her har dei pussa opp det gamle fyranlegget, der dei i dag har både overnattingstilbod, møtelokale og kafé. Dessutan driv dei ulike kurs - mellom anna terapikurs mot søsjuke. 

Rundt 25 menneske bur i dag i Kråkenes-bygda, som ligg lengst ute mot nordvest på øya Vågsøy. På austsida av øya ligg den kjende fiskerihamna Måløy med bru over til fastlandet. Frå Måløy er det 22 kilometer bilveg over to høgdedrag fram til Kråkenes. Utsikten over kystlandskap og hav er fantastisk både frå vegen og frå Kråkenes, som er den mest verharde staden på heile norskekysten rekna i stormdagar pr. år. Ein stormdag her kan vere litt av ei oppleving, berre ein held seg på trygg avstand frå bølgene som kan slå langt oppover land. 

Havørna avgjorde
Thomas Bickhardt har både sjømannsskule og universitetsstudium i psykologi. Han er eigentleg frå Hannover, men har budd lenge i Hamburg, der han også dreiv eit firma som arrangerte skireiser. I barndomen var han med familien på ferie i Noreg. Seinare vart han kjend med Øystein Rakkenes frå Vågsøy, som i 1986 tok han med på biltur i heimkommunen. 


KRÅKENES FYR når naturen er på sitt mektigaste med storm og svære bølger som slår like opp til fyret. 
(Foto: Thomas Bickhardt) 

- Vi køyrde også ut til Kråkenes. Då tenkte eg at dette er plassen for meg. Eg var attende til Kråkenes eit par gonger, for vi søkte Vågsøy kommune om byggjeløyve for eit hytteanlegg på øya Silda. 

Kommunen spurde om vi ikkje heller ville bruke eit av fyranlegga i Vågsøy som var automatiserte og stod tomme. Eg sende søknad om eit turistprosjekt våren 1994, og fekk det godkjent. Då eg fekk kontrakten om leige av Kråkenes fyr til endeleg signering, overnatta eg på fyret. 

Eg hadde kontrakten liggande på kjøkenbordet medan eg åt frukost, og var veldig usikker på om eg skulle skrive under eller ikkje. Då flaug det ei havørn forbi rett utanfor vindauget. Så skreiv eg under, kan Thomas fortelje. 

Den nye leigetakaren på Kråkenes fyr fekk mykje å gjere. Fyranlegget var då utan telefon og sikker straumforsyning, oppsamla regnvatn var einaste vasskjelde, og assistentbustaden ved fyret var sterkt til nedfalls. Men Thomas gjekk i gang, sette i stand og pussa opp bygningane og fekk bora etter vatn. I dag har fyret ein god brønn med mineralhaldig vatn som dei også tilset kolsyre og sel på flaske som Fyrvatn! 


KYSTLANDSKAPET ved Kråkenes minner om Irland og Skottland. (Foto: Thomas Bickhardt)

Dei første åra budde Thomas Bickhardt på Kråkenes i sommarhalvåret og i Hamburg i vinterhalvåret. Bettina Vick Bickhardt er utdanna som bioingeniør, og kom første gong til Kråkenes sommaren 1996. 

Sommaren etter arbeidde ho på fyret, og sidan 1995 har ho og Thomas budd på Kråkenes heile året. Dei var då dei einaste som budde på eit norsk fyr utan å vere fyrvaktarar. 

No bur dei i eit leigd bustadhus i bygda. I september i fjor gifta dei seg på fyret dei er blitt så glade i. 

Kafé, kurs og overnatting 
I assistentbustaden ved Kråkenes fyr har Bettina og Thomas no overnattingsplass for 12 personar. For to år sidan starta dei kafé i sjølve fyrbygningen, der Bettina byr på vaflar, kaker og kaffi, og fiskesuppe om hausten. I år har dei pussa opp andreetasjen på fyret, som no er blitt eit nytt ovenattingstilbod som dei kallar «bryllaupssuiten». Kaféen er open frå 1. mai og ut oktober, men overnattingstilbod har dei heile året. 

Kråkenes fyr er blitt eit dagsturmål og ein møtestad for mange menneske i området. Det er smågrupper frå utlandet, og spesielt frå Tyskland. Østerrike og Sveits, som står for dei fleste overnattigsdøgna. Dei kan vere på Kråkenes opptil tre veker. - Du må vere på Kråkenes meir enn ei veke for å oppleve alle skiftingane i naturen. Og tida går litt saktare her, seier dei to. 

Vertane på Kråkenes fyr driv også ein variert kursaktivitet. Dei held mellom anna kurs i tysk og i fotografering. Thomas er nemleg også fotograf. I fjor haust kom ei praktbok med tittelen «Havlandet» med tekst av Øystein Rakkenes og foto av Thomas Bickhardt. I ord og bilete fortel boka om kystområdet frå Kalvåg til Stadlandet og menneska som bur her. 

Eit ganske spesielt kurstilbod på Kråkenes fyr er eit 3-4 timars kurs mot sjøsjuke. Dette starta Thomas med alt i Hamburg. 
Som sjømann hadde han sett at dei fleste vart kvitt sjøsjuke etter tre dagar, og han meinte at sjøsjuke måtte kunne overvinnast på kortare tid. Kursdeltakarane lærer korleis dei skal forholde seg for å unngå sjøsjuke, mellom anna giennom balansetrening. 
- Her på kysten har vi ikkje attraksjonar som dreg store turistgrupper, slik som fjordane. Men aktivitetspotensialet her er ein god del større. Her er plass å røre seg på; vi kan kombinere båtturar og fjellturar, vi kan drive med riding, golf, fjellklatring og havrafting. Vind har vi rikeleg av, og då kan vi dra til ei strand og fly med drake, seier Thomas Bickhardt. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal