Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Austrheim
Samferdsel
 

 

  
Sikker seglas langs haustmørk kyst
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 12.11.2002

Korleis opplever du ein ekspressbåttur i høst- og vintermørket frå brua på båten? Korleis navigerar kaptein og styrmann fartøyet sikkert fram i trange og mørke farvatn ? Bli med ein tur frå Bergen mot Nordhordlandsbrua - gjennom Straumane og "lysløypa" mot Fensfjorden og vidare til Gulen. 

Haustmørket har lagt seg over Vestlandet. Ute bles det nordvestleg stiv kuling med snøbyger. Søndagens ekspressbåtrute frå Bergen til Nordfjord er klar for avgang klokka 20.35. 

Kaptein og styrmann sit på brua og har alt vent seg til mørkret. Instrumenter og navigasjonshjelpemidla er sjekka og innstilt, og forstyrrande lys er blenda ned då fartøyet sig ut av Vågen. I salongane sit til saman 178 passsasjerar. 

Ekspressbåten er komen opp i full fart og set kursen utover mot Nordhordlandsbrua. Snøen laver ned, og med motvind og 36 knops fart vert seglasen overvåka på radar og DGPS — det vil sei datastyrt satellittnavigasjon. Ein får kursen rett i seglingsmedet på radaren ved hjelp av racon som er plassert på Nordhordlandsbrua. Racon sender eit signal som viser på radarskjermen og er eit verkelig godt navigasjonshjelpemiddel. 

«Lysløypa» 
Snøen har letta noko, vinden likeeins sidan ein går indre lei nord gjennom Straumane. For å følge med at ein er skjerpa, sit dei to navigatørane på brua, samt maskinsjefen som passar på fartøyets 5.500 hestekrefter, og småsnakkar. Radioen er på for å høyre værmelding og nyheiter.

Båten er no i trangt farvatn, som er vorte noko heilt anna enn før seglingsmerkinga. På strekninga opp til Sognefjorden har ein nemlig fått den såkalla «lysløypa». På holmar, utsette nes og strategiske punktar har Kystverket plassert indirekte belysning (veglys), og oppgradert leia med fleire blinkar. 

Seglasen går sin vante gang nordover, heile tida etter visuell og instrumentell navigering. Ein har sine med og merker. Kapteinen må tenkje tilbake på ein skøytemann, som kan hende hadde lege for lenge i indre havnebasseng i Bergen. Då han skulle heim att styrte han etter noko som han trudde var ei fyrlykt - men som i staden var gamle «Stavangerfjord» ved Marsteinen fyr på veg til New York. 

Fensfjorden 
Ekspressbåten er kommen opp til Fensfjorden, har akkurat passert Hageskjær lykt, og då også gitt beskjed til Fedje trafikksentral, som overvaker Fensfjorden, Mongstad og inn- og utsegling der. Ein får bekrefta og samtidig vite kva slags trafikk det er i området. Ved innsegling til kai på Fonnes må ein fylgje ekstra godt med, samtidig som ein har nordvestkulinga å ta omsyn til ved kai. 

På nordsida av Fensfjorden blinkar Vikingnes lykt og viser retning for seglasen mot neste stopp, Mjømna. Dette området er også ganske trangt, så her har ein også plassert indirekte belysning og fleire blinkar på holmar og skjær. 

Innkomst og avgang frå Mjømna går som vanlig. Passasjerane som går i land seier god natt og fortsatt god reise. Mannskapet kjenner stort sett dei fleste som reiser, og dei kjenner mannskapet. 

Ekstrastopp 
På veg videre nordover mot Krakhella kjem matrosen opp på brua med beskjed om at ein av passasjerane er blitt dårlig. Over høytaleranlegget spør ein om det finnst helsepersonell ombord. Det gjer det. Ein sjukepleiar er med, og ho fryktar at passasjeren har hjarteproblem. Kontakt vert oppretta med lege i Eivindvik, og ein besluttar å gå til Sollibotn for å ta legen ombord. Navigatørane korrigerar seglasen sin dit. Ein legg seg i sving for å gå gjennom Kippersundet. og kursar mot Folefoten lykt. 

Farvatnet her inne er mørkt, så lyktene og blinkane er særleg gode å ha. Lege kjem ombord i Sollibotn. Diagnosen var rett. Snart er legebåt rekvirert og på veg mot Bergen med passasjeren. Ekspressbåten har førstehjelpsutstyr ombord og folk blant mannskapet som har opplæring i førstehjelp. 

Ekspressbåten set kursen nordover mot Krakhellesundet og Klauva lykt. Seglasen nordover sundet går forbi Laskeneset blink og Seglsteinen lykt mot Kraksnova ..... og vidare i si rute til Selje. 
----------------------------------------------------------------------------------- 
Utdrag frå artikkel i Fylkesbaatane sitt blad - "Fjord og kyst" 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no