Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Austrheim
Tusenårsstaden
 

 

 
Tusenårsstaden i Austrheim

Kvar kommune i landet har valt sin eigen tusenårsstad. Ideen med tusenårsstader er å setje fokus på den moderne tid sine møteplassar. 

Austrheim kommune sin 1000-årsstad ligg i området bak kommunehuset og vart offisielt opna 7. juni 2006 av ordførar Ole Lysø. Rolf Sandstad, som var leiar for arbeidsgruppa for 1000-årsstaden, informerte om arbeidet og symbolikken i varden som er sett opp. Bygdefolk, barnehageborn og skuleborn var møtt fram for å få med seg opninga. Både Skulemusikk og eige samansett orkester beståande av musikkskulelærarar underheld. 

Arkitektane Mette & Morten Molden har teikna 1000-årsstaden og Haakon Aase har leia arbeidet med to flotte gråsteinsmurar som omkransar ein amfi. Det er opplyste stiar i området. 

Kjelde: Austrheim kommune

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no