Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Bergen
Attraksjonar
 

 

 
Tellevik kystfort
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.07.2007

Tellevik kystfort ligg på Klauvaneset like ved Nordhordlandsbrua. Stiftinga Tellevik kystfort har sidan 1995 restaurert kulturminnet og området omkring i samarbeid med grunneigaren Bergen kommune. Området er godt tilrettelagt med offentlege parkeringsplassar og rundkøyring for bussar. 


Informasjonsskilt Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal. 

Bergen fekk under okkupasjonen ein viktig rolle som marinestøttepunkt for den tyske ubåtflåten. For å beskytte viktige militære installasjonar som verftsområder, hamneanlegg ol, vart det i 1940 påbyrja mange tunge luftvernanlegg rundt byen. 

Sommaren 1940 byrja tyskarane å lage veg ut til Klauvaneset, for deretter å starte utbyggjinga av Tellevik kystfort. Tyske, norske og russiske arbeidarar (krigsfangar) arbeida her heilt fram til frigjeringa i 1945. 

Minnesmerke Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal. 

Tellevik kystfort låg strategisk til og hadde ein viktig rolle i Festung Bergen. Etter mange år med restaurering er området i dag eit av landets best tilrettelagte og besøkte krigsminne. Tellevik kystfort er det einaste i sitt slag i Bergen - dei andre er sanert vekk. 

Når du køyrer over Nordhordlandsbrua frå Flatøy, vil du sjå Tellevik kystfort på høgre side like ved brufeste på Klauvaneset. 

Ved inngangen til Tellevik kystfort står eit minnesmerke til minne om sjøfolka i innenriksfart som mista livet på fjorden i 1940 - 1945. 

Minnesmerket er reist i regi av stiftinga Tellevik kystfort med støtte frå Sjøforsvaret og Bergen kommune - grønn avdeling. 

Under det tyske angrepet på Bergen i april 1940, vart det straks lagt ut minefelt rundt nordre Bergenshalvøy - for å hindre ein alliert invasjon frå nord. 
Minene var ein fare for den ordinære skipstrafikken på fjorden. Seinare, same år vart tre norske fartøy minesprengt. 

B/G DRAUGEN, Ålesund - minesprengt ved Morvik i Nordre byfjord, 15. juli 1940. 
M/S BOGEVIK, Fusa - minesprengt ved Morvik i Nordre byfjord, 17. juli 1940. 
M/S ARILD, Florø - minesprengt ved Steinestø i Sørfjorden, 26. august 1940. 
 

Draugen-tragedia utanfor Morvik 15. juli 1940 
Til samman seks sjøfolk omkom på fjorden - alle under dramatiske omstende mandag 15. juli 1940 då bjergingsdamparen Draugen gjekk på to miner og sank utanfor Morvik. 

Dei som omkom var: 
Kaptein Knut Berg, 53 år - Ålesund 
Matros Oscar Berg, 34 år - Ålesund 
Matros Carsten Berg, 30 år - Ålesund 
Matros Gustaf Karlsen, 26 år - Ålesund 
Dekksmann Olaf Lie, 50 år - Tomrefjorden 
Stuert Godthart Aasen, 44 år - Ålesund 

4 sjøfolk vart redda i land av lokalbefolkningen. 

Kjelde: Informasjon på Tellevik kystfort. 


Kommandosentralen på Tellevik kystfort. Betongkonstruksjonen stod ferdig vinteren 1944 og var utstyrt med ei 7.500 kilos stålplate i taket over standplass. Her var det til ei kvar tid 10 offiserar og menige på jobb for å overvake og passe på skipstrafikken. 
Foto: Terje Opdal. 


Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal. 


Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal. 


Reupenschlepper - Ost, tysk køyretøy spesialutvikla i 1943 som trekkvogn for tungt artelleri for dei veglause områda på austfronten. Foto: Terje Opdal. 


Tellevik kystfort. Denne artillerigranaten har ein diameter på 40,6 cm og representerer det største artilleriet som har vore brukt her til lands. Foto: Terje Opdal. 


Tysk lyskastar med speildiameter på 150 cm - modell Siemens & Schuckert og Krupp AG, produsert i 1943. Totalvekt 2100 kg. Rekkevidde horisontalt på 14000 meter. Foto: Terje Opdal. 


Fransk og tysk feltkanon. Foto: Terje Opdal. 


Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal. 


Tellevik kystfort. Foto: Terje Opdal. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal