Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Bergen
Lokalhistorie

 
  

 
Bergen
( 02.06.2006) Foto: Scandion

Sagaen fortel at Olav Kyrre grunnla Bergen som kjøpstad omkring 1070. Byen vaks på denne tida fram som ein viktig handelsplass for fisk nordfrå. 

Staden låg lagleg til både for fartøy som kom med tørrfisk frå Nordland, og for handelsskutene frå utlandet. 

Fram til 1299 var Bergen Noregs hovudstad, då denne funksjonen vart flytta til Oslo. 

Ut gjennom mellomalderen spela Bjørgvin, som byen då heitte, ei viktig rolle som bispesete og kroningsby, og kongen budde gjerne der. 

 
Frå midten av det 14. århundre hadde tyske handelsmenn, hanseatane, herredømme over byen og handelen, men ein sjølvstendig norsk borgarstand vaks fram, tok makta og gjorde i det 17. århundre Bergen til Noregs og Damnarks største handels-og sjøfartsby. 

Byutviding 
I 1877 vart Korskirkens og Domkirkens land sogn - som omfatta Sandviken, Møhlenpris, Nygård, Lungegården og Kalfaret innlemma i Bergen. Årstad kommune vart innlemma frå 1916. I 1921 vart Gyldenpris overført frå Laksevåg. Fyllingsdalen vart overført frå Fana i 1955. 
Den store kommunesamanslåinga kom i 1972, då dei tidlegare kommunar Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart slutta saman til ein kommune som fekk namnet Bergen. Frå samme tid vart det slutt for Bergen å være eige fylke. 

Areal og geografi 
Bergen ligger på 60° 23`36¨ nordlig bredde og 5° 20`6¨ østlig lengde (spiret på Domkirken). 

Bergens totalareal er 465.3 km², der landarialet er 445.1 km² 
Innbyggjarar pr. km² landareal: 506 

Kommunen er inndelt i 8 bydelar og utgjer 4 prosti som igjen er inndelt i 21 prestegjeld (25 menigheiter). Frå og med 1. juli 2004 vart bydelsadministrasjonane lagt ned. 

I dag er Bergen den nest største byen i Noreg med 242 158 innbyggjarar (2006). 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal