Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Kjentfolk
Ingvald Eidsheim

 

 
Ingvald Eidsheim
Tekst : Scandion (03.01.2009)

Ingvald Olsen Eidsheim (1909-2000), frå Eknesvågen i Lindås, var eit framståande medlem av Shetlandsgjengen under andre verdskrig. 

Han gjorde først teneste ombord på minesveiparar rundt Island, deretter blei han nestkommanderande på basen i Scalloway, før han blei skipssjef på KNM "Hitra" med 43 vellykka, men farefulle turar mellom Shetland og Noreg i perioden 1943 til 1945.

Eidsheim blei ein av dei høgast dekorerte allierte sjøoffiserane frå andre verdskrig. Han er mellom anna tildelt Krigskorset med sverd (1946), den engelske DSO-orden, og den amerikanske Medal of Freedom. 

KNM "Hitra" var, saman med KNM "Hessa" og KNM "Vigra", tre små amerikanske ubåtjagarar som i august 1943 blei frakta over frå USA til Skottland, modifisert og kom under norsk kommando den 26.oktober. KNM "Hitra" hadde sin første tur til Noreg og Skorpesundet på Sunnmøre den 17. november 1943.

Seld for ei krone
Etter krigen blei dei tre stolte skipa brukt ein periode i kystoppsyn og kystvakt, med stasjon i Marvika, Kristiansand. I 1953 gjekk dei i opplag i Marvika og her vart dei avhenda i 1959. 

KNM "Hitra" blei "seld" for kr. 1,- til Croftholmen Sjøguttskole ved Brevik - og brukt i 3 år til undervisning i sjømannskap. Deretter fekk skipet ulike private eigarar - før det i 1968 blei kjøpt av porsgrunnsmannen Ingemann Nordfjellmark for kr. 600,-. Hitra låg då i Karlskrona i Sverige. Nordfjellmark hadde planar om å montere 2 stk. lokomotivmotorar kvar på 3000 hk. som han hadde kjøpt for kr. 4.000,- frå det svenske jernbaneselskapet. Dette prosjektet vart aldri realisert - for i mellomtida hadde 2 svenske ungdomer opna botnventilane så skipet sokk. Det ville koste 18.000,- svenske kroner å heve det, så Nordfjellmark let Den svenske Marine overta skipet.

Ubåt redda Hitra
Eit hell i uhellet gjorde at KNM Hitra blei funne utanfor Karlskrona i Sverige i 1982. Som vi huskar så gjekk ein sovjetiske ubåt i Whisky-klasse på grunn utenfor Karlskrona. Denne saka fekk stor mediadekning, og ved eit tilfelle blei Hitra filma på TV,  med berre baugen over vatnet. Skipet var i ein svært dårleg forfatning, men til alt hell - dei originale motorane blei tatt i land frå alle skipa før dei "enda sine dagar". 

Like etter ubåtaffæren fekk norske "Farmand" brev frå ein svensk marinemann som gjorde merksam på at den norske nordsjøbussen "Hitra" låg halvt nedsøkkt utanfor Karlskrona, ikkje langt frå skjeret som den russiske ubåten var stranda på.

"Eit sørgeleg syn"
Tidligare skipssjef kommandørkaptein Ingvald Eidsheim og bestyrar på Marinemuseet kommandørkaptein Stein Moen reiste til Karlskrona for å forsikre seg om at det var den tidligare KNM "Hitra". Og det var det!!!. - "Eit sørgeleg syn" var den første kommentaren frå Eidsheim då han stod framom den stolte skuta som berre hadde baugen og framdekket over sjøflata.

"Hitras Venneforening" blei stifta - og begynte straks arbeidet for å få KNM "Hitra" heim til Noreg og restaurert. Pengar blei samla inn, informasjon, delar/reserverdelar og teikninger o.l. kom frå marinen, privatpersonar, England og spesielt frå Shetland og USA.

I 1983 blei skipet frakta heim, nærare bestemt til skipsbygger Gunnar Oma og Oma baatbyggeri på Stord, som hadde fått i oppgåve å restaurere fartøyet til original versjon. Pengar til restaureringa var skaffa ved innsamlingar og bevilgning av stortinget. Det tok nær fire år å setja fartøyet i stand. Tirsdag 24. mars 1987 blei "Hitra" igjen sett på vatnet - og på frigjeringsdagen 8. mai 1987 vart "Hitra" overlevert til Vestlandets Sjøforsvarsdistrikt. Ved overleveringa var skipssjefane frå krigens dagar, Ingvald Eidsheim og Leif Larsen, til stades.

Flytande museum
Sidan det har KNM "Hitra", eller VSD-16 "Hitra" som skipet heiter i dag, - reist langs vestlandskysten som eit levande museum til minne om Shetlandstrafikken under krigen. KNM Hitra er i dag eigd av Marinemuseet i Horten - og er den einaste ”Shetlandsbussen” som framleis er under sjøforsvarets kommando. Skipet, med base på Haakonsvern ved Bergen, har besøkt Shetland tre gonger, - Scalloway, Mr. Jack Moore, "Crown Prince Olav Slipway" og mange personar frå "Shetland Norge venneforening". I 1997 gjekk turen og til Karlskrona. 

Shetlandsbussens venner 
Venneforeninga SHETLANDSBUSSENS VENNER blei etablert den 30. mars 1995. Foreninga sin viktigaste formålsparagraf er å sjå til at «Hitra» blir tilknytta iht Stortingsinnstilling nr. 169 av 1984-85. 

Bilete viser to kjemper, side ved side, i Matre under Kraftspela 2004 - KNM "Hitra" og D/S "Oster". Foto: Scandion. 

Data på "HITRA" EX SC-718 (USA)
Dimensjonar: 111 ft 6 3/4 tommer x 18 ft 8 tommer x 6 ft 
Depl. (vekt): 125 tonn (d.w.)
Byggemateriale: Pitchpine (can.furu) på eikepant.
Maskineri: Til 1999: 2 x 16 sylindrete diesel stjernemotorer på 1250 HK m/vertikalstående veivaksel type GM Detroit. 
Frå 1999: 2 MTU 8V 183 TE 72 hver på 550 HK 
Fart: Maks. 22 knop (i dag går vi med 15 knop som maks- og marsjfart). 
Rekkevidde: 2500 nautiske mil med 10 knop 
Bemanning: 23 - 25 mann (i dag 10 mann tilsammen) 
Bestyrkning: 1 stk 6 punder (57 mm) Hotchkiss MK VII sjømålskanon. 
1 stk Bofors L/60, 40 mm luftvernkanon. 
2 x 2 stk 20 mm Oerlicon maskinkanoner. 
2 stk 0.5’’ (12,7 mm) vannkjølte Colt mitraljøser. 
Den førstnevnte kanona manglar i dag. 

Slik enda historia for dei to andre shetlandsbussane :
KNM "Hessa" havarerte på kysten av Bohuslän.
KNM "Vigra" sokk i nærleiken av Malmø. Den gjorde då teneste som sandlekter.

Heidra med minnesmerk
Ingvald Eidsheim og ubåtjagaren KNM "Hitra" vart laurdag 25. august 2007 heidra med kvar sin bauta på bryggja ved Eknesvågen. 
Det er Eknesvågens Vener som har sett opp minnesmerka - godkjent av Lindås kommune 10.05.2007.
Skulptøren Arne Mæland frå Os har utforma minnesmerka, - som vart avduka av forsvarsministar Anne-Grete Strøm-Erichsen. 


Minnesmerka på bryggja ved Eknesvågen. Foto: Terje Opdal


Foto: Terje Opdal

Foto: Terje Opdal

Informasjonen på minnesmerke over til høgre fortel dette:

Shetlandsbussen Hitra
Det einaste norske krigsfartøyet som er teke vare på frå den andre verdskrigen. 

Med vanlege, norske fiskeskøyter og sivilt mannskap hadde Noreg frå 1940 etablert eit illegalt og svært viktig samband mellom Storbritannia og Noreg. Denne nordsjøfarten vart etter kvart organisert som ei halvmilitær spesialeining med base i Scalloway på Shetland. Tidleg i 1943 vart dei ubeskytta skøytene påførte så store tap at trafikken måtte innstillast ei tid. Shetlandstrafikken vart sett på som så viktig at Noreg i august 1943 fekk overta tre ganske nye, amerikanske kystubåtjagarar. Etter modifisering og opplæring starta Shetlandsgjengen opp att verksemda si med dei tre fartøya i november 1943. Fartøya kunne koma opp i 22 knop og hadde ei rekkjevidde på 2500 nautiske mil. Dei hadde eit mannskap på 24, og dei hadde fleire hurtigskytande kanonar til å verna seg med. Hovudoppgåva deira var frakt av våpen, forsyningar og spesialsoldatar til Noreg og frakt av spesialsoldatar, agentar og andre flyktningar tilbake til Shetland. Til saman gjorde dei tre Shetlandsbussane 115 suksessfulle ekspedisjonar. Hitra, ex USN SC-716 gjennonførte 45 slike tokt. Ingvald Eidsheim hadde kommandoen på 43 av desse tokta.
Etter krigen heldt Hitra fram i tenesta som kystoppsyn og kystvakt for Sjøforsvaret som KNM Hitra fram til 1953. Etter dette vart Hitra ei stund brukt som skulefartøy for ein sjøgutskule, før ho vart selt vidare og til sist vart liggjande som eit gløymt vrak i Karlskrona.
I 1981 fann ein att Hitra og etter ein lang rednings- og restaureringsaksjon kunne det 8. mai 1987 heisast kommando som museumsfartøyet KNM Hitra. Stortingsmelding nr. 169 av 1984-85 seier at fartøyet formelt høyrer til Marinemuseet, men det skal seglast av Sjøforsvaret som eit museumsfartøy.


Foto: Terje Opdal

Kjelde:
Litt historie om "Shetlandsbussen" KNM Hitra av Orlogskaptein Niels Otto Børresen (skipssjef).
www.stord-maritime.museum.no
www.mil.no

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no