Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Modalen
Næringsliv
Kraftverk

 

 
Hellandsfoss kraftverk
Foto: Scandion

Hellandsfoss kraftverk er eit elvekraftverk som ligg i Modalsvassdraget omlag 5 km frå kommunesenteret Mo. Anleggsarbeidet starta i 1990, og i 1992 vart kraftverket sett i drift.

Hellandsfoss kraftverk er eigd og drive av Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap AS (BKK) .
 
  

 

 
Gummiluka ved Almelid
Foto: Scandion
 
Inntaket til Hellandsfoss kraftverk er regulert av ei vassfylt gummiluke - ei gummipølse som ligg tvers over elveløpet. 
Den regulerer vasstanden slik at den er konstant. Gummiluka var den første av sitt slag i Noreg.
 

Laksetrapp
Foto: Scandion.
 
Like ved Hellandsfoss kraftverk har BKK bygd ei laksetrapp med ei høgde på heile 34 meter. Dermed kan laks og sjøaure komme forbi fossen på veg opp elva. Laksetrappa, som vart bygd i 1983, har ei total lengde på 388 meter. 265 meter av trappa er rør av glassfiberarmert polyester med diameter på 2,2 meter. I røra er det montert tersklar med overfallsåpningar med ein høgdeforskjell på 40 cm mellom kvar terskel. Røra har opningar slik at dagslys slepp inn i kvar enkelt kulp.

Bilete viser del av dei nederste 78 meterane som består av ei open kulpetrapp støypt i betong. Øverst i laksetrappa er ein 45 meter lang tunnel. Trappa har ialt 90 kulpar.
 

FAKTA OM HELLANDSFOSS KRAFTVERK 
Nedslagsfelt
Tilsig
Driftstunnel lengde
Tverrsnitt
Fallhøgde
Yting
Turbin
Midl. årsproduksjon
313,7 km2
940,5 mill. m3
1,5 km
45 m2
70 m
31,5 MW
Francis
151 GWh


Illustrasjon: Miljøstatus i Hordaland. (http://hordaland.miljostatus.no)

Kjelde: 
bkk.no
dirnat.no
Miljøstatus Hordaland

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal