Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Askvoll
Fakta
Folketalsutvikling

 

 
Askvoll kommune

Oppretta som eigen kommune i 1837
Kommunenr: 1428 Fylke: Sogn og Fjordane Administrasjonssenter: Askvoll 
Flatevidde: 321 km² Folketal: 3 068 (2008) Målform: Nynorsk 

Kommunesenteret Askvoll har gitt namnet til kommunen som strekkjer seg frå Bulandet i vest til Førde kommune si grense i aust. Askvoll vart eigen kommune i 1837, men historia fortel at kommunegrensene har endra seg ein god del sidan den gang.

I 1862 vart kyrkjesokna Øn og Hyllestad skilde frå, til Hyllestad. Åtte gardar vart i 1888 overførde til Solund.
Området på sørsida av Førdefjorden, som hadde tilhøyrt Vevring, vart i 1964 lagt til Askvoll. Siste endring var i 1990 då Holmedal kyrkjesokn på nordsida av Dalsfjorden og garden Fossedal vart overførde til Fjaler. Samtidig vart området på sørsida av Dalsfjorden overført til Fjaler.

Funn av flintreiskapar fortel at det truleg budde folk i Askvoll for 6000 år sidan, dvs i steinalderen. Askvoll er rik på kulturminner frå bronsealderen (1500-500 f.Kr.) med helleristningsfelt og gravrøyser. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no