|
Gulen kommune
Oppretta som eigen
kommune i 1837 under namnet Evenvik. Kommunenamnet
endra til Gulen i 1890
Kommunenr.: 1411 Fylke:
Sogn og Fjordane Adm.senter:
Eivindvik
Flatevidde: 596 km² Folketal
2 336 (2008) Målform Nynorsk
Kystkommunen
Gulen ligg heilt sørvest i Sogn og Fjordane på grensa til
Hordaland, og mellom Sognefjorden og Fensfjorden.
Landarealet på 596km² inneheld ein variert
og spennande natur med 1500 øyar, holmar og skjer, og eit fastland
som er prega av små dalføre på kryss og tvers i landskapet.
Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot Nordsjøen
i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust,
mot Stølsheimen.
Dei 2500 fastbuande bur spreidd i landskapet, og fordeler
seg ganske jamt i dei fire skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik
og Byrknes.
Kommunikasjonane nord- og sørover er gode. Frå
kommunegrensa i sør er reisetida omlag 1 time med bil til Bergen,
medan det tek under 1½t å køyre til Bergen eller Førde
frå Oppedal fergekai nordaust i kommunen. Snøggbåtar
tek deg trygt og raskt til Bergen, Fjordane og Indre Sogn. |