Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Gulatinget
Gulatingseminaret
Gulatingsparken
 
   
GULATINGSPARKEN 
Publiseringsdato: 02.01.2006

Magnor Midtun har lang fartstid i å skrive interessante og treffande prologar til små og store hendingar i Gulen. Prologen «Gulatingsparken» var den fyrste programposten under Gulatingseminaret då Gulatingsparken på Flolid vart offisielt opna laurdag 27. august 2005. 

GULATINGSPARKEN 

No har det verkeleg hendt, 
Gulatinget har fått sitt monument ! 
Etter drøftingar og prat i over 100 år 
i dag me lukkelege rundt i parken går. 
I lang tid 
med pengemangel og plasserigsstrid 
stod prosessen mest i ro, 
men ei ulmande glo 
røyksignal utover landet sende, 
folket sine historiske kjensler tende, 
minna omatt og omatt 
om den kultur- og sogeskatt 
som i farne tider 
vart skapt under våre lier. 
På Gulatinget sine vollar, 
i ly av øyar og runde kollar, 
vart bygt opp eit demokrati 
av stor verdi, 
ja mange lærde folk seier no 
at norsk folkestyre si vogge i Gulen stod. 

Me kjenner det historiske drag 
særleg sterkt i dag, 
sogeminna strøymer gjennom oss 
som ein brusande foss. 
Me er stolte av vår ætt 
som stridde for lov og rett. 
Gulatingslova sine idear og ord, 
med vyrdnad dei for 
vide utover jord. 
Ja her oppe i nord, 
ved munningen av Sognefjord, 
me har ein kulturarv rik og stor. 

Bygda var nok samlings-og heilagstad, 
der folk til sine gudar ofra og bad, 
gjennom hundrevis av år 
og då gamle Gulating vaks fram i bygda vår 
kom folk her for sine saker å føre, 
heilt frå Agder i sør til nord på Sunnmøre, 
frå Valdres, Halling- og Sætesdal. 
Bøndene samla seg i hundretal, 
heilt frå Vesterhavsøyane reisa gjekk 
før der dei eigne tinglag fekk. 

Her løyste dei sine tvistemål, 
her dei tende sine offerbål, 
sine varer vende, 
møtte ven og frende, 
frette nytt, 
ringar vart bytt. 

På smekre langskip dei kom over bylgje, 
hersar staute med mangment fylgje, 
solide knarrar førde kjøt og brød, 
tenarar, trælar, øl og mjød. 
Under veitsler ved kveld 
vart møy festa bort, træl seld. 
Det vart blota til Odin og Tor, 
kristendomen møtte motstand stor, 
men nyetrua vann fram til sist 
og folket døypte til Kvite Krist. 

Trauste lagrette- og nemndarmenn, 
utan vesker med papir og penn, 
måtte med tanken og tunga seg greie 
når dei retferdige domar skulle seie. 
Dei gjorde si plikt med omhug og flid, 
som løn fekk dei fri reise, niste og grid. 
Når kongen kom vart tinget sett, 
på vollen dommarane skilde rangt og rett. 

Ein viktig person var lovseiemann, 
alle måtte kunne stole på han, 
det var gamal sæd og skikk, 
han kunne lova til punkt og prikk, 
sytte for at tingfred fekk rå 
så lenge drøftingane held på. 
Når tinget så var til ende, 
folket fredfullt heim han sende. 

Kva tid sist på lovseieberget her han stod 
er det ingen som kan seia sikkert no, 
men eg trur for visst 
han var både lei og trist, 
han skjønte nok då 
at tinget vart flytta herfrå. 

Men her ved dette nye minne 
vil me i tankane alltid tilbake finne 
til det gamle Gulating 
og alt som hende der omkring. 
Eit mektig anlegg har me fått, 
storslått, stemningsfullt og flott. 

Vår sak ”i mørkre lenge låg,” 
inga framdrift nokon såg, 
Ei lita von folk omsider ana, 
politikarane kom på bana, 
ordførar Byrknes satsa friskt og stort 
og no skjedde ting ganske fort. 
Det vart arrangert Håkonarspel 
der gulingane deltok med liv og sjel. 
Gulingen lett og glad 
såg Gulatinget bli tusenårsstad. 
På saka blei det verkeleg fart, 
planarbeidet fekk sin start 
og lukkelegvis det ordna seg slik 
at oppdraget gjekk til Bård Breivik. 
Han laga plansjar over Gulatingsparken 
- me ”såg” konturane i ”marken”. 
Framifrå prosjektleiar Martine Rød 
løyste si oppgåve med kløkt og glød. 
Roy Nerdal, vår lokale entrepenør, 
stødig styrde maskinene sine klør. 

Vollar vart drenerte, 
steinstøtter plasserte, 
berg avgravde, 
bjørker nedsagde, 
solid scene bygd av stein, 
lufta for knott gjort rein, 
der buskar og blåbærris før fekk gro 
er det blitt fin parkeringsplass no, 
fagre gråsteinsmurar, 
eldsirkel og skulpturar, 
fjellet vart tribune stor, 
på plenane grønt og mjukt graset gror. 

Dei endringar me fekk 
fint inn i terrenget gjekk, 
det er gledeleg å sjå 
at landskapet er teke godt vare på. 
I vakre kveldar fuglar syng i tusental 
i naturen sin prektige songarsal. 

Alt kan me fredfullt nyte, 
la sogesusen inn i sjela flyte, 
falle til ro 
i stemning lun og god. 

Me takkar alle for det de ytte, 
vonar mange vil parken nytte. 

27.08.2005. 
Magnor Midtun. 

------------------------------------------------- 

Det fyrste brudepar vigsla på tusenårsstaden vår 
i dag som rette ektefolk lukkelege i parken står, 
Njål og hans fagre Linn 
har her i ekteskapet låst seg inn. 
Me varmt dykk helse vil 
og ynskjer hjarteleg lukke til ! 

03.09.05. 

 
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal