Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Attraksjonar
Lokalhistorie
Gulatinget
Gulatingslova
Gulatingseminaret
Gulatingsparken
Gulatingsprisen

 


Tingveggen. Foto: Scandion

Gulatinget

Gulatinget er ein av dei viktigaste institusjonane frå eldre norsk historie. Ingen kan sikkert seie når det fyrste Gulatinget vart halde, så langt attende i tida går ikkje vår skrivne historie. Men vi veit at Alltinget på Island frå tidleg på 900-talet, hadde Gulatinget som førebilete. Frå området frå Lyngør i sør, til nord for det som i dag er Ålesund, kom det sendemenn til tingstaden i Gulen. Gulatingslova gjaldt òg for fjellbygdene i Valdres og Hallingdal og vestover til Færøyane.

Gulatingslova vart rekna som ei av dei friaste og mest demokratiske lovene i Europa for tusen år sidan, og lova kom til å setje sitt preg på mange andre lover. Dei lovene vi har i Noreg i dag er framleis tufta på dei gamle Gulatingslovene. 

Til det årlege Gulatinget møtte kongen, hersar, bønder og deira lovseiemenn. Tinget vart styrt av kongen sin Lagmann og dei utsende lovseiemennene. Gjennom tingingar vart lovane til. Saker vart ført fram og rettsavgjerder fall. Dei vart vedteke med våpentak: Ved slag av våpen mot våpen. Slik kan vi tenke oss at Gulatinget vart halde.

Gulatinget vart halde i Gulen (Eivindvik og Flolid) like sør for munninga av Sognefjorden, inntil det vart flytt til Bergen mot slutten av 1200-talet. Då var Gulen nordlegaste bygd i Hordaland fylke, men i våre dagar er Gulen den sørlegaste kommunen i Sogn og Fjordane fylke. 

Av Gulatinget kjem nemninga «Gulating lagmannsrett». Lagmannsretten har hovudsete i Bergen. Kjelde: Nynorsk wikipedia

Artiklar
Frå Gulating til Storting

Gulatingseglet
Denne teikninga viser det som er igjen av Gulatingseglet, og er det einaste avtrykket som finst av seglet. Avtrykket står i Deplomatrium Norvegicum 662 og er datert 23.06.1421. 
Stampen til seglet er truleg mykje eldre og vart nok brukt på gamle Gulating. 

Seglet har stor sigillografisk interesse og verdi. I tillegg til Frostatingseglet er dette det einaste seglet vi no har avtrykk av frå dei gamle, kjende tingsetene i landet.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no