Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kultur
Kåseri

 

 
Eit liv i køntryland
Forfatter: Anne-Karin Misje
Publiseringsdato: 28.07.2007

 
Det er ein ting eg som bymenneske busett på bygda har merka meg, særlig dersom eg tek meg ein tur ut ein laurdags kveld. Eg har oppdaga eit visst handikap hos meg sjølv som ikkje representerte noko problem før eg flytta på landet, men som no verkar hemmande på min sosiale utfalding og ikkje minst; integrering. 

Det gjeld dette med swingen. For ein ting som er bankers på landet ein laurdags kveld er at nesten uansett kva slags musikk som vert spelt, så dansar folk swing. Eller i alle fall pardans. 
Og her er eg vanhjelpen. For yngre folk i byn dansar ikkje pardans. Urban ungdom som eg…ein gong i tida var, er oppvaksen med diskotek der alle dansa individuelt, og til langt mindre rytmiske tonar enn køntry. Byungdom lerar difor ikkje å danse pardans. Det er ikkje ein naturleg del av almendanninga i byane. 

Så med mindre dei har gått på Hildemors Danseskole, har ikkje byungdom lært pardans. Og dei lærer ikkje å danse swing om dei ikkje har tatt eit swingkurs på Rocken Rolf. 

Vel, eg og Birthe gjekk i Symjeklubben. Eg har lært både bryst og crawl og er mest som ein delfin i vatn. Men eg er mest like mykje av ein delfin på dansegolvet og det er ikkje nett noko vakkert syn. Så swing har blitt min nemesis i livet. Og swing er ikkje vidare behageleg når du ikkje kan det. 

Eg vart oppbudd til dans ein kveld på ein lokal tilstelling og må sei at det nok er det mest ubehagelege eg har vore utsett for. Eg minnest at eit langt rekel av ein kar drog meg frem på golvet og starte med å dra meg mot seg. Deretter dytta han meg resolutt i magen så eg vart sendt mot veggen, før han i siste liten, og med eit nytt rykk, drog meg attende. Berre for nok ein gang å dytte meg i magen og sende meg vekk att. 

Med eit høve forsvann han til sida, og eg skjøna det var meininga at eg skulle snurre rundt under armen hans. Eg er ein relativt høg dame. Eg er heller ikkje av dei nettaste, og vippar galant ein lettvektar av brygga om han vert frekk. Det seier seg sjølv at eg ikkje er den enklaste å snurre om eg ikkje vil. Og det er sjeldan eg vil. Eg tykkjer denne forma for sosialt samkvem mest er eigna til å misse verdigheita, og eg unngår å danse swing som best eg kan. Men sjølv eg må stundom ut og lufte vetet ein laurdags kveld, og då er utsikten til å måtte danse swing eit fortvilande tilbakevendande problem. 

Noko av utfordringa er at ein som dame må kunne la seg leie. Eg er sjølv ein leiartype og utprega individualist. Kvar vending vert difor ein forhandling med mykje fram og attende før det vert til noko som liknar på dans, og eg må overtalast til å stole på dansepartnaren. Eg er utstyrt med ein grunnleggande mistillit til omverda, og vil helst gjere alt sjølv. Så dette er for sosial trening å rekne. 

Ei anna utfordring er sjølve musikken. Eg klarar ikkje danseband, og får angst av klisjéprega køntry, listepop og 70 talsmusikk. Eg futtar stadig gjennom bygda med gangster rap på fullt i bilen, og er heilt tydeleg eit musikalsk framandelement i mitt nærmiljø. Eg kan leve med det, og det ser ut til at nærmiljøet ber over med meg. Det skjønar kan hende at eg treng musikk med trøkk i skal eg rekkje ferga. Og eg har ofte ei ferje å rekke. 

Men der er håp. Eg vaks opp med ein far som likte Willie Nelson. Eg kan bruke det for å overleve på landet. Men eg kjenner at standarden sakte men sikkert vert seinka, og at hesterocken treng seg på. 

Det toppa seg ein dag på jobb. Eg var på veg frå kjøkkenet med ein fersk kopp kaffi då eg plutselig tok meg i å nynne på strofa: ”Eg køyrer Granada, jada, det ekje nokke Lada” midt i korridorane i Gulen kommune ein elles vakker sommarmorgon. Eg bråstoppa. Stum av skam vart eg ståande med kaffien, mens eg kjente BygdeNoreg sige innpå meg og feste grepet. Dette kunne ikkje vere sant? Eg som var pønkar i mine ungdomsår! Med Bauhaus og Deutsche Amerikanische Freundshaft monotont dunkande i veggane. Kva hadde skjedd? Eg vart redd. Dette vart med eitt alvorleg for identitet og sjølvkjensle. 

Det er ikkje det at eg ikkje kan identifisere meg med teksten. Eg skjønar godt at det kan vere stas å køyre Granada – hell, eg drøymer sjølv om ein 57-modell Chevy Bel Air! Eg likar V8ar motorar som bråker og skjønar dette med bil. Men hallo?? Vassendgutane?! Kva blir det neste? Christer Sjøgren? Å frivillig bli med på hjortejakt? Å vakne om morgonen og nyte lukta av nyspreidd gylle? Å koseprate med kyr når eg passerar dei på beitet? I staden for som no å kjefte nervøst eller snakke til dei som om dei har føresetnad for å forstå kva eg seier. To tonns dyr med ein hjerne på størrelse med ein lommebok… 

Nei, her må eg passe meg. Elles blir det campingvogn og fast plass på Breim før eg får sukk for meg. Og det får vere grensar for integrering. 

------------------------------------------------------------ 
Anne-K. Misje 
Innflytta Bergensar med snev av køntryangst 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal