Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kultur
Kåseri

 

 
Ei ferge på kvar strand
Forfatter: Anne-Karin Misje
Publiseringsdato: 22.08.2007

– eller ein farse i opptil fleire akter. Ein ting du blir ein racer på når du flyttar på landet er å ta ferjer. Og bur du mellom fleire fjordar og eit utal fjordarmar som ein gjerne gjer i Sogn og Fjordane – det ligg liksom litt i namnet – så kan du gjerne fleire ferjeruter på rams etter rein hugs. I alle fall gjeld dette dei innfødde. 

Eg gjer det ikkje. Eg har ikkje ein avgang i hovudet og må sjekke ruter kva eg fer. Det tok ein lang stund før eg skjøna dette med ferjerutene i Sogn og Fjordane. Spesielt når det gjaldt passasjerferjene i skrint befolka områder. 

Ta til dømes Ytre Sogn. Første gang eg skulle sjekke kor tid ferga gjekk, og tok føre meg ferjeruta trudde eg at eg hadde fått problem med synet. Eg vende ruta att og fram, snudde ho opp ned og prøvde speilvend, men nei. Heile ferjeruta stod for meg som ein likning med eit utal ukjende og eg skjøna ingenting. Den såg ut som ei ferjerute med kolonnar og tider, men det var så få av dei at dei liksom ikkje gav nokon meining for ei byjente. Eg er vane med kolonnar av rutetider og bussar som går fleire gangar i timen. Kvar dag. Heile veka. Og utan stans. Ikkje so på landet. 

Her var det riktig nok eitt og anna tal. Men mest var det bokstavar og teikn. Og berre dei lokale skjøna kva dei tydde. For det var x og y, I og A, stoppar på signal, avgang dagleg 11:45, gjeld ikkje onsdag, fer av garde på torsdag og kjem att på sundag. Dette skjøna eg etter kvart var heilt normale angjevingar av kor tid ferga gjekk. Men i like stor mon kor tid og kor ofte han ikkje gjekk. Og det sto mest om det siste. 

Eg skjøna raskt at skal ein ha ein sjanse til å klare å tolke ferjerutene i Ytre Sogn må ein ha budd her i minst tre generasjonar. Alle kolonnane begynte med ”dagleg unntatt”. Så var det litt x og y att og gjerne ei stjerne for å gjere kaoset komplett. ”Dagleg unntatt” verkar som ein standard angjeving av rutetider i Sogn og Fjordane, og det er mest eit under at folk kjem seg rundt. 

Bilferjene er ikkje betre. Her gjeld det andre utfordringar enn kor tid ferga går, eller kjem, eller om den kjem i det heile. Med mine ruteferdigheiter gjer den ofte ikkje det. 

Tryggleik er ein utfordring for meg når det gjeld ferjer. Eg får Titanicfølelsen kvar gang eg køyrer på ferga. Eg pleidde å få den på Melderskin. Den har snart skrubba baugen opp annakvar strand langs vestkysten, og er ikkje nett min favoritt. Så fekk eg den på Eidfjord. Den fekk eg hetta på ein gong den prøvde å treffe Skipavik 4 gonger i bølgjer og vind mens den krenga faretruande. Lita ferje, tung last og litt ute og køyre med fordelinga av innhaldet i ballasttankane. Eg såg føre meg eit nytt Rocknesvelt - denne gongen i Fensfjorden og med meg om bord. Eit par slike episodar seinare og eg har no panikk frå eg køyrer ombord på ferga til eg er trygt av igjen på Mongstad. Tida får vise om det kjem seg med Etne, men eg er slett ikkje sikker. 

Melderskin gjer meg i alle fall kald av skrekk, og eg unngår han kvar eg fer. Eg hugsar ein gong eg ana fred og inga fare på ferjelemmen i Bruravik. Melderskin gjekk jo ofte mellom Os og Stord, så eg var heilt ubudd på den langt inne i Hardanger. 
-Melderskin! Her? gispa eg skrekkslagen mens Titanicfølelsen kom sigande. Eg tykte eg kunne høyre dei fire første taktane av Skjebnesymfonien i det eg køyrde om bord. 
Eg såg for meg lause leidningar og lekkasje i hydraulikken, passasjerar i redningsvestar og ungar som grein. Og ikkje minst; Arild Sondre Sekse på TV. Med smilande Vestlandfjes messande på ”Bare roleg – dette er HEILT NORMALT”. 

Eg syns i grunnen ikkje Arild har den heilt store beroligande effekten på meg. Det er liksom alltid noko som skurrar når han kjem på skjermen og fortel om alt som er normalt i HSD. For når Arild kjem på Dagsrevyen berre veit du at noko er gale. No ligg ein eller anna ferje i drift ein stad på Vestlandet – eller står planta i ei ferjelem. I forgrunnen har du Arild som smilar - i bakkgrunnen sinte passasjerar, skrekkslagne ungar og ei ferje som duppar midtfjords i fri drift. Heldigvis er det no ein stund sidan siste episode av føljetongen om festlege lag om bord som resulterte i strandhogg for full musikk. 

”Berre roleg det e heilt normalt” er liksom ikkje dekkande når det e snakk om bremserøyr so har røke, slik att ei ferje ligg i drift midtfjords og passasjerar må evakuerast. Elles når 90 meter ferje står parkert i hagen utafor eit hus. Det kan umulig vere heilt normalt at kapteinen må velje om han vil parkerer doningen i fjæresteinane eller plante den i kaia for full musikk, med det ubehaget dette ofte medfører for dei reisande. Det eine høyres ikkje betre ut enn det andre i mine øyre, og begge alternativa verkar veldig lite normalt for meg. Det kan umuleg vere heilt normalt at ei ferje går på grunn i Sunde med eit navigasjonssystem som viser at den er på veg til Cape Town. 

Eg syns det så sørgjeleg sjeldan kjem gode nyhende frå Arild. Eg undrast på om han ville tatt informasjonsjobben i HSD hadde han visst kva han gjekk til. Overgangen frå koselige Vestlandsrevyen til dramaserien HSD må ha vore tøff, og eg skjønar godt at dei har alliert seg med Gaia og skifta namn til Tide. 

Eg og ein venninne har diverre ikkje den heilt store tilliten til Arild lenger. Difor har vi no utvikla vårt eige varslingssystem på sms. Det byrja med at vi varsla kvarandre når det skjedde noko med Melderskin. Det tikka difor i Tide og Utide inn meldingar hos meg av typen: 
-Har du høyrt det? Melderskin har gått på grunn- igjen! Då var det Ingeborg som hadde følt med på nyhenda. Ho krydra gjerne sms-ane med faktaopplysningar: 
-Visste du at Melderskin er 89,85 meter lang? tikka det inn 
-Ikkje no lenger, tasta eg då gjerne attende. 

Vi lurar no på om vi skal utvide meldingstenesta og legge den ut til abonnentar. Og vi vurderar om vi skal opne for å legge inn andre ferjer og, slik at folk kan halde seg oppdatert døgnet rundt. Eg ser for meg ei meldingsteneste til liks med sms- tenester for UPkontrollar, fotoboksar, tollarar og liknande. Slik kan alle med ferjeskrekk legge inn den ferga dei er mest redd og til ein kvar tid oppdatere seg på kor den er å finne- til lands til vanns eller på fjellet. Eg ser nesten for meg grunnlaget for ei ny næring knytta til denne meldingstenesta. 

Elles føler eg meg tryggare på dei nye gassferjene. Eg vonar vi får ein til Gulen. For det legg ein dempar på helga å køyre ferje med Skjebnesymfonien ringande i hovudet ein fredags kveld. Med tida vonar eg at Gulen vinn i lotto og at politikarane set av midlar bru. I mellomtida held eg meg på landjorda når eg skal til by’n. Kunne dei no berre bli ferdige med Romarheim… 

Anne-K. Misje 
Innflyttar med pent brukt verdikort 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal