Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kultur
Kåseri

 

 
Ikkje nett ein duft av lavendel
Forfatter: Anne-Karin Misje
Publiseringsdato: 06.08.2007

Det var ein dag her for to veker sidan at eg oppdaga at mi entusiasme for landleg idyll, fred og ro i Sogn og Fjordane hadde møtt si første reelle utfordring. Eg fekk ei venninne på besøk, og vi var på biltur rundt i det fantastiske landskapet sogningar er så velsigna å leve i. 

Som entusiastisk høgutdanna tilflyttar til fylket driv eg nemlig ein privat vervekampanje blant single bergensvenninner med store studielån og lausarbeidarstatus ved Universitetet i Bergen. 

-Sjå kor vakkert det er her, slår eg entusiastisk ut med armane mens vi køyrer gjennom kulturlandskapet og nyter synet av pent stelte garder, velstelte sauer, nusselege smålam og ikkje minst; havet og dyrelivet ved sjøen. Sjølve FjordKysten. 

På slike turar er eg som ein reiseleiar på akkord, og messar om frisk luft, ro om kveldane, hyggjelege naboar og flotte turterreng. Hittil har eg verva to venninner til Sogn og Fjordane frå mitt eiga institutt – noko som sjølvsagt ikkje styrkjer mi eiga framtid ved den institusjonen. Høgskulane er no skarpe konkurrentar til universiteta og tappar desse stadig for rekruttar med førstekompetanse. 

-Kvifor flyttar du ikkje til Sogndal og tek deg jobb på Høgskulen? klaga eg til ein venninne som sutra over høge husleiger og usikre jobbtilhøve i by’n. 

-Eg ORKAR ikkje pendle, eg orkar IKKE pendle, eg ORKAR IKKJE PENDLE, freste ho på ein måte som sa meg at ho for lengst hadde innsett at ho ikkje hadde noke val. 

-Men det er veldig vakkert på landet, peip eg matt og tenkte på alt eg følte at eg hadde FÅTT ved å flytte frå byen og slå meg ned på landet. Frisk luft, nattero, og ikkje minst; fråver av trafikkaos og tilløp til blind vald kvar morgon over ein parkeringsplass. Eg trivst. Eg må berre innrømme det. 

Men så var det denne bilturen som forandra alt og gjorde meg meir betenkt over mi nyvunne og opp til no relativt idylliske tilvære på landet. Vi hadde køyrt over fjellet og kom ned i ein dal då det starta. I førstninga var eg ikkje bevisst kva det var so plaga, men etter kvart sneik det seg – bokstavleg tala – inn eit slags ubehag i tilværet. Først såg eg på bikkja, dernest skulte eg og veninna mi mistenksame på kvarandre før vi festa blikket stivt på vegen med bivrande nasevengjer. 

Ein feit eim vaks fram frå ein først antatt lokal kjelde i baksetet der pelsdyret låg, til å romme heile verdsrommet. Dritlukta var GLOBAL og fylte ikkje berre bilen, men truleg heile Vestlandet. Eit kjapt blikk vart veksla før vi begge - og i samme sekund – HEIV oss over knappen som effektivt skalkar alle luker inn i kupeen og lukker ute all lukt. GYLLE!! hylte vi i kor og såg desperat på kvarandre. Aircontitionen gjekk for fullt, og ganske snart var varm og kvelande møkkalukt redusert til…litt redusert og noko kjøleg møkkalukt. 

-Korleis held dei ut med det, kviskra veninna mi fortvila. Eg som no følte meg som ein reiseleiar på visningstur der det nettopp har blitt oppdaga at det er hol i båten, og at redningsvestane ligg att på land, meinte at folk på landet vart tilvend stanken og at det difor ikkje var fullt så ille for dei som for følsame naser frå by’n – skarptrente til å snuse seg frem til rette balansen i caffe latten. 

Etter nokre minutt opna vi luka att for å sleppe inn frisk luft – berre for hylande å skalke att at rundt neste sving, der nok ein bonde dreiv og gylla. Det gjekk i eitt, og etter ein stund var vi ør av oksygenmangel og måtte berre sleppe inn luft – ispedd gylle nok til å legge heile grenda i narkose. 

-Det lukter jo f…skjære meg drit overalt! kvein venninna mi til slutt fortvila og med tårer i augo. Eg måtte berre innsjå det. Vi var fanga. I Gylleland. Eg kunne ikkje anna enn å seinke hovudet. Eg hadde tapt. Livet på landet hadde vist si mest brutale skuggeside og det var ingenting eg kunne bidra med for å glatte over. Her lukta det rett og slett drit, og det lukta kor vi enn snudde og vende oss. 

Seinare heime hos lokale vener spurde eg frua i huset om det berre var meg som reagerte på gyllelukta. Sånn sida eg var frå by’n og slikt, og hadde freista eit skjerma tilvere so langt. Men då var det som om demninga brast hos frua. Nei, det hadde no ALDRI vore så ille so no! Aldri hadde ho gått så TIL gyllelukta som i år! Og det var no UTGJORT at naboen måtte til med gylla NETT då ho hadde hengt ut vasken! Og ikkje berre lukta det ute – det seig inn gjennom veggane og HANG SEG I KLEDA! 

Så eg er ikkje åleine. Det er ikkje berre byfrøkna so e for fin i nasen. Dei innfødde hatar det og! Men dei lever med det. Og då kan eg klare meg og. Eg skal overleve gylla nokre dagar til. Men det er ikkje nett ein duft av lavendel. 

---------------------------------------------------------- 
Anne-Karin Misje 
Innflyttar og finnasa Bergensar 
GULEN 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal