Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Kultur
 

    

    
Peila av NGIR
Tekst: Anne-K. Misje (17.09.08)
 
   
Ein ting som små kommunar er flinke til, men som mange storbyar bokstavelig talt stinkar i,  er resirkulering av boss. Dette førar til at læringskurva vert rimeleg bratt for innflyttarar og hyttefolk som av ymse grunnar vel å slå seg ned i til dømes Gulen. For Gulen er god på resirkulering. Her er folk godt oppdradd og skolert i kjeldesorteringa si edle kunst. Ikkje so med innflyttarar og hyttefolk, vane som dei er med å stappe bollar, bleier, plast og glas i same spann. Så dei sukkar no gulingane når kommunen flyt over av byfolk som ikkje kan kjeldesortering. 

Sjølv var eg analfabet kva angjekk kjeldesortering når eg flytta hit. Eg prøvde meg fram på måfå ein stund, men skjøna raskt at eg mangla føresetnadene for resirkulering. Alt var ein salig vase og til slutt gav eg opp - og haldt fram som eg tidlegare hadde gjort. Ein stund trudde eg at eg kom unna med det - heilt til eg ein dag skulle hente bosspannet - og oppdaga at eg var ferska. A-menneskja på NGIR (Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap) hadde på eit eller anna ugudeleg tidspunkt i løpet av natta sjekka tilstanden i nett mitt bosspann, rynka på nasen og fatta vedtak om bøtelegging. 

Ufordrageleg friske og opplagde hadde dei fått det føre seg å ta stikkprøver. Eg hadde fått restavfallet mitt peila og målt, og utfallet var nedslåande. Gass var oppdaga og resultatet var med knallhard presisjon blitt avlese med for høg konsentrasjon at metan. Eigaren av bosset – meg – vart tilskrive og bøtelagd. Det var i det minste slik eg følte det der og då. Eg sto skulerett pr. notat på sokkeleisten og vart gradert som menneske ut frå resirkuleringa mi. Som ikkje på langt nær haldt mål. Eg fekk ein leksjon i korleis kjeldesorteringa mi i framtida burde sjå ut og slikt som dette, med eple, skal og syltetøyglas i same dunk – var under ein kvar kritikk. 

Kva vert det neste? tenkte eg der eg sto med ein brun kompostdunk i neven og no mest ikkje torde setje han frå meg. Fengselsstraff for å ha hivd urein plast i plasten? Vittige vener spøka med at strafferamma for bosskriminalitet no var auka til 21 års sikring på Quantanamo, men for meg var dette ramme alvor. Komposten min var for lengst blitt jord og eg såg føre meg eit tilvære der eg vart svartelista hos NGIR. Kva skulle eg då gjere med bosset mitt? 

Alle skjønar jo at det ikkje fungerar med ein sånn svær dunk til matavfall for einslege karrieredamer som ofte et ute. Eg hiv oppi eit eple i veka og det var truleg eit halvt år sidan dunken sist vart tømt. Eg tør ikkje ein gong sjå oppi, og langt mindre lukte, når eg for syns skuld ein gong eller to i året listar meg skramlande ned klokken halv tolv om kvelden for tømming, saman med dei andre  naboane og dunkane deira. Det er stort sett her eg treff på dei og kan slå av ein prat om…boss, resirkulering, og verdas elende elles.

Det ser ut til å vere almen semje om at tida rundt midnatt er akkurat rette augneblinken for å setje ned bosset. Det er i alle høve då dei kjem snikande og vågar seg ut dei som bur i kring meg. På same måte som at alle veit at bosset må tømmast før klokka åtte om morgonen. Det berre må det. Det er reglar for slikt hos NGIR. Tømmer ein bossdunkar etter det kan jo kva som helst skje. Dow Jones kan stupe (nokon har fuska noko valdsamt med tidane i det siste og sjå berre no!) jordas gravitasjonsfelt kan verte forstyrra, Bondevik kan kome att som statsminister, og pensjonsfondet kan ta slutt. Det seier seg sjølv at det er ingen som ynskjer ein slik utvikling. Difor må bosset tømmast før åtte. Til evig tid. Dette er noko alle veit. 

Som tidlegare bosskriminell fekk eg no kurs på teknisk avdeling i korrekt handsaming av avfall. Eg vart utstyrd med plastsekk til plast og ein lita dunk til matavfall. Eg fekk (gratis!) ein rull organiske poser til dunken – poser som i dei gode gamle dagar faktisk passa til dunken. I tillegg hadde eg ein pose for glas og metall, ein pose for pant og ein dunk for restavfall. Eg var klar. Alt var såre vel. Tilværet var sortert etter kategori, og universet var i fullkomen balanse. Eg var nøgd med meg sjølv og følte eg hadde grepet på dette med miljøvern. Det plaga meg litt at eg kjørde SUV, men eg resirkulerte no i alle høve! 

Men så; etter ein stund med harmoni og gode vanar begynte idyllen å slå sprekkar. Og det gjaldt i hovudsak matavfallet. Eg baksa med posen som no ikkje lenger passa i dunken. Han sprakk og rivna, eg banna og sverta, men posen var for liten og sprakk. Før eg hadde kasta noko i han. Dessutan var han så organisk at han forvitra rett for augo på meg. Eg rakk nesten ikkje hente eplet. Hadde eg salat i posen ein dag, rotna posen raskare enn salaten. Alt eg hadde å hive i den store kontainaren var graps, og eg kunne like godt spart meg. Når eg endelig med mitt hushald hadde samla nok matavfall til at det var verd å bry NGIR med, var det meste alt kompostert – og eg kunne like godt snudd og gått heim att. 

Og ikkje nok med det. I tillegg til ein gammal hund og to halvville kattungar som gradvis reduserar det som ein gong var ein møblert heim til eit fullkome kaos, hadde eg no eit uttal små floge som budde heime hjå meg. Desse flytta inn omtrent samstundes med biodunken som no er parkert utaføre. Men flogane bur att sjølv om dunken har flytta. Eg skjønar ikkje kvar dei kjem frå. Og dette kan umogeleg vere sunt. Eg har delt hus med mykje rart, filmskaparar, teikneserieteiknarar, mentalpasientar, teknikarar og politikarar – men aldri floge, og i alle fall ikkje i det omfanget eg no opplever. 

Så no tenkjer eg å ringe NGIR og klage. Eg klandrar kravet om resirkulering for flogeinvasjonen. Eg vil søkje fritak frå delar av resirkuleringa så lenge det forbetrar miljøet i verda generelt, men meir forsurar miljøet i heimen. Så får dei peile meg til det lir av dag. Det gjer dei jo uansett. Det er det dei er betalt for. Men matavfallet mitt får dei snart tilsendt pr. post. Då kjem det i alle høve fram i tide. 

Anne-K. Misje
Resirkulert Bergensar

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredakt?r: Magne Opdal