Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

   

 
Minne frå barndommen og tida i lensmannsetaten 
Forfatter: Olav Bøe
Publiseringsdato: 27.06.2005

"Minne frå barndommen og tida i lensmannsetaten" er ein artikkel Olav Bøe skreiv som sitt bidrag til boka "Dei tok si tørn... av Ingolf Austgulen. Boka kom ut i 1985 og det er pensjonistar i Gulen som fortel. I artikkelen hugsar han heilt attende til 1918, då han var tre år gamal og stabba kring på det fine Fureneset der han var fødd og oppvaksen. 

Olav Bøe (f. 11.07.15 - d. 20.11.90) kom inn i lensmannsetaten under krigen, og det er tida og livet frå før krigen som skil seg mest ut samanlikna med det livet den unge generasjon levde i 1985. Det er mangt frå den tida som kan vera til ettertanke for dei som er unge no. Bøe vart lensmann - først i Lavik/Brekke i åra 1959-65, så i Hyllestad, og endeleg i Gulen frå 1/2 1967. 


Olav Bøe

Minne frå barndommen og tida i lensmannsetaten

- Etter kvart som vesleguten lærde seg å gå, kom han seg også ned til dei store sjøbuene som var under bygging på Furnesvika. Det var moro for gutane å balansera på bjelkane etter kvart som reisverket kom opp. Det var slett ikkje ein ufårleg leik, for det var fleire meter ned til steinrøysa, men det gjekk vel. Buene vart reiste i samband med den sildesaltinga som føregjekk i stor stil på Furenes under leiing av onkel Ludvik Furnes.

Me miste far då eg var 4 år. Eg skjøna ikkje noko av det. Han låg med attlatne augo, og eg tenkte han berre sov. Midt i denne tragedia var eg einsam, for dei andre hadde så mangt å ordna med til gravferda. Mor fekk så alt for mykje på seg, med seks born og berre eit av dei konfirmert. Ein eldre mann, grannen Truls Furnes, tok seg mykje av meg den dagen. Eg har godhug for den mannen så lenge eg lever. 


Huset i bakgrunnen midt på biletet er heimen på Furenes, der Olav Bøe vaks opp. 

Det var meir enn boklærdom å henta i skulen 
Me på Furnes gjekk i skule på Brandanger, for det meste i søre stova hans Truls Brandanger og i søre stova hans Kristian Trædal. 

Den første lærarinna eg hadde var Guro Stedje, seinare gift Nygård og busett i Eivindvik. Så vart det Anna Sellevæg frå Sæternes, godt kjend av oss eldre i sundet. Ho hadde eit særleg godt lag med skuleungane. Ho oppmuntra, ho var rettvis, og ho fekk det beste ut av dei fleste som ville læra. 

Eg gledde meg til å ro til skulen på Brandanger. Det var langt frå vanleg den tid at ungane gledde seg til skulen, for skulegang var noko ein ikkje vørde på, det var noko ein måtte. Slik tenkte mange foreldre og. Lange og dårlege skulevegar gjorde sitt til slik tankegang. 

Leikeplass hadde me ikkje. Me gjekk til sjøen eller ein annan stad, helst slik at læraren ikkje såg oss. For det var ikkje alt som var bra av det me fann på. Særleg dei største var flinke til egla ungane mot kvarandre og helst få dei til å slåss. Det var viktig å få veta kven det var som var sterkast. Og dei som tapte måtte underordna seg. Naturleg nok gjekk dette ut over dei minste og dei som var litt truskuldige. Så var det å få dei små til å dumma seg ut. Dei som kom einslege frå avstengde gardar hadde lite å fara med dersom dei ikkje lydde overmakta. Rein mobbing var det, om enn i andre former enn i dag. 


Lærarinna Anna Sellevåg Li, som i svært mange år skula i Brandangersundet. 

Det var ikkje uvanleg at læraren på den tida gjorde skilnad på elevane. Det opplevde eg då eg kom på skulen i Fivelsdal. Det var eit kapittel for seg, med mange såre minne. Skulen var i Anders-Ivar stova den første tida, og me fekk ein mannleg lærar. 

Han hadde sine "gullkanta" elevar som fekk ta seg ut både i timen og elles. Andre hadde han uforståeleg noko i mot og kunne vera stygg og ufin med dei. Han nytta metodar som sette skrekk i dei det gjekk ut over. Var det ein elev som vart kalla fram til tavla og ikkje kunne rekna, så måtte han vera budd på å krympa seg under samanlikninga med dei "gullkanta" - som då sjølvsagt vaks i læraren og sine eigne augo. 

At ein fekk jarnteppe under slike forhold er naturleg. 

Læraren kunne seia til meg: "Forstår du ikkje dette, du som er son til ein lærar?" Dei som tenkjer seg om veit kva som kunne utvikla seg i ein gutetrave som hadde mist faren fire år gamal, og kva stengsler som vart sette for nyttig lærdom under slike tilhøve. 

Overgangen frå dei flinke lærarinnene på Brandanger til vanstyret i Fivelsdal heldt på å ta knekken på nokre av oss. Eg kvidde meg til kvar ein skuledag, mista matlysta, åt ikkje om morgonen eller på skulen, og sprang heim det fortaste eg kunne for å ta heile dagsmåltidet på ein gong. 

Berginga for meg var at læraren vart sjuk og fekk vikar. Me fekk den kjende læraren frå Gulen, Søren Randal, og han kunne kunsten å læra frå seg og halda disiplin på ein måte som gjorde at elevane vakna til innsats. Trong du hjelp kom læraren og sette seg ved sida og gav ei forklaring som gav resultat. Eg var i 10-års alderen på denne tida og fekk lyst på lærdom og gode karakterar. Det var ikkje snakk om å skulka skulen. Vart eg sjuk ein dag var det å møta i småskulen dagen etter og dermed få null fråversdagar. 

Den andre læraren vart frisk, og eg kvidde meg storleg til lærarbyte. Men eg hadde i mellomtida lært at han hadde sine store manglar som pedagog, og eg var på vakt mot "overgrep". Han prøvde seg, men la om taktikken då han skjøna noko hadde endra seg under vegs. Det vart ofte og mange vikarar. I alt hadde eg åtte lærarar i folkeskulen, og sju av dei minnest eg med hugnad. 

Tid for konfirmasjonsførebuing 
Endeleg kom siste skuleåret, og eg skulle gå for presten i Eivindvik. Me var fleire i same alder på Fivelsdal skule. Nokre fann det lettast å dra over Glenja og med båt derfrå til Eivindvik. For meg måtte det verta andre vegen; nord Brandangersundet. 
Med meg i robåten var Alfred Lid, Margit Brandanger, Ingebjørg Lid og Konstanse Kidøy. 

Det vart mange åretak den sommaren. Kvar veg tok om lag to timar, og var det nordavind vart det mykje slit. Men det gjekk like bra med oss som for dei som hadde gjort turane tidlegare år. 

Når me kom i prestegarden var dei fleste ungdomane frå Gulen ukjende for oss. Presten var Øystein Hovden som nyleg var komen; ein vaken og godt likt prest. 

Me opplevde mykje rart dei månadene me gjekk for presten. Det var namneopprop då me samlast, men ikkje etter det store friminuttet seinare på dagen. Ein dag fann øyingane ut at dei skulle droppa ettermiddagstimane. Dersom dei trudde Hovden ikkje skulle oppdage det, tok dei feil. 


Brandangersundet - utsikt frå Brandanger. 

Å leva i naud 
Fattigdomen var eit trist kapittel i bygdene våre frå første verdskrigen og langt ut i 30-åra. Eg opplevde mange triste hendingar på småbruk og plassar den tida. 

På handelsbua var det lett å registrera pengemangelen. Me sat gjerne på bua for å høyra kva folk prata om, og det var tydeleg at folk var i økonomisk heilspenn og ikkje visste si arme råd korleis dei skulle skaffa mat til folk og fe. 

Bytehandel var svært utbreidd i Brandangersundet. Dei var flinke med heimeindustri, og det var ikkje måte på kva dei kunne laga, alt frå kiper, gavlar, åleteiner til korger og ikkje minst halmsko. 

Me hadde treskofabrikk i Sellevågen, men det var også mange som laga tresko heime for å få nokre attåtkroner. Me kjøpte gjerne tresko med feil frå fabrikken, for 30-50 øre paret. Kloggar var mykje brukte, særleg på båtane. 

Det var ikkje lett å få avsetnad på heimeproduksjonen. Handelsmannen på Furenes hadde eit bra lager av bruksvarer som var vanlege på kysten. Når han skulle tøma lageret om våren leigde han gjerne ein reketrålar og lasta om bord alt som fanst. 
Båten såg ut som eit skjorareir då han seig ut Furnesvika. Etter ein 8-14 dagars handletur i Øygarden kom han til vanleg tom heim att. Då hadde handelsmannen gjerne vore heilt sør til Espevær. 

Kreditthandelen florerte. Mest alt vart seld på borg. Og det var når skulda skulle betalast at det floka seg. Svært mange greidde ikkje betala det dei hadde kjøpt av naudsynte varer. Verst farne var dei som ikkje var i stand til å skapa bytevarer. Dei svalt mange gonger. 

Mor mi, Lovise, hadde ein liten pensjon etter fat, som hadde vore lærar. Alt då var det pensjonsordning for dei statstilsette, og for oss var dette berginga. Men andre visste om desse kronene som mor fekk, og det vart til at somme kom for å låna. Det vart ein vane, og orsakingane var mange og rare. Som til dømes at dei hadde lagt portemonien att heime då dei bytte bukse for å ro til butikken. Mor greidde ikkje seia nei. Det hende avdrag vart betalte i form av lapping av skorne til oss ungane. 
 
 


I slikt ver må ein vera sjøsterk. 

Ut i arbeid 
Det vart sjøen for meg og, først som kokk på ein rekebåt. Mat og kaffi måtte dei ha når dei låg på feltet heile dagen. 
Fangstmåtane var meir tungvinte i 30-åra. Dei koka med kol og spyla med pøs, og hadde tunge kassar og utstyr. 

Så vart eg med rutebåten "Alstein" på masfjordruta ei tid. Kokkefaget låg visst ikkje for meg, uhell på mange vis fylgde med. Ein gong fall eg i leideren og fekk kokande kaffi over føtene. 

Eg var elles med brørne mine, Ludvig og Gerhard, på tre turar til Trøndelag på reketråling. Sjøsjuk var eg mange gonger. Det var på Stadhavet første gongen. Båten heiv seg svært, og i rommet hadde me eit fat som tok til å dansa. Eg måtte ned og låsa det så godt eg kunne. Då eg kom på dekk måtte eg mata krabben. 

Og så kom krigen 
På Framnes ungdomsskule fekk eg det klårt for meg at det var nyttig å læra mest mogleg skulle ein få noko ut av livet. No var tida inne til å gå skulevegen vidare. Det vart handelsskule i Bergen. 

Så skjedde det som sette ein stogg for skulegangen både for meg og andre. Krigen braut ut, og i Bergen var eg midt oppe i det. Eg melde meg til Raudekrossen for å hjelpa. Me måtte vera snøgt framme når det hende noko. Eg trur dei fælaste syna vart dempa litt av at fienden låg der og blødde for noko me ikkje hadde bede om. Båtar gjekk ned, hus raste saman, folk for over ende og vart skamslegne av lufttrykket frå bombinga. Eg var heldig og slapp uskadd frå det. 


Etter bombing av Skoltegrunnskaien, og dei tyske båtane som låg der. 
Olav Bøe var med i Røde Kors og tok del i redningsarbeidet. 

Eg var ikkje åleine som ville bort frå byen, men då måtte eg ha passersetel. Bror min Ludvig - som transporterte byfolk ut på landet - gav meg eit godt råd. 
- Skaff deg eit kort med eit rundt stempel på, sa han. 
Eg fann fram kaffikortet og synte det fram til vaktposten på Steinestø. 
Passer, passer ! sa mannen på tysk då han såg på kortet. 


Ei ueksplodert bombe i Helleveien etter flyangrep i Bergen. 

Lensmannen i Gulen hadde i desse dagane fleire vanskelege oppdrag. Distriktet nordafor Lindås var enno ikkje okkupert. 

Eg vart spurd om eg ville dra nord til Losna i Sognefjorden for å sjå nærare på den norske mineleggjaren "Uller" som var bomba i brann. Då eg kom fram var båten søkkt, og det tyske mannskapet var borte. Folket på Losnegard hadde stukke til fjells. Rapporten til lensmannen var heller tynn. 

Det heile roa seg ned etter som sommaren gjekk. Eg fekk tilfeldige arbeid med rekneskapsførsel for handelsmenn. No fekk eg til gagns nærkontakt med dei stygge tala som me ante låg i reskontro-bøkene og butikk-kladdane. Mykje elende fekk eg greie på. 
Mange hadde skuld som dei aldri ville greia å betala. Nokre hadde nok skortande vilje til å betala. Det var helst slike som hadde flytta frå bygda. Dei stakkars småbrukarane med store barneflokkar måtte betala skulda litt etter litt over mange år. 

Handelsmennene kom i knipe når dei ikkje fekk inn pengar. Dei skulle jo helst betala for varene dei fekk frå byen. Eg vil gå så langt som å kalla handelsbuene den tida for sosialstasjonar. Det var i alle fall langt frå handel slik me lærde det på handelsskulen, der kjøp og sal skulle gje forteneste og utvikling og framdrift. 

All den naud eg var vitne til i barne- og ungdomsåra borgar for den sosialisten som vaks fram i meg, og det samfunnsystem eg i ord og gjerning arbeidde for. 


Noko av det som vart igjen etter festningsanlegga i og omkring Rutledal. 

Eg vart verande i kommunen. Tok til i kraftlaget som var kome godt i gang med kraftstasjon og linebygging. Så vart det lensmannskontret, under lensmann Eikenes. Her vart eg verande i ei tid med stor spenning og med alle slag påbod, forbod, straffa vert den, skoten vert den, osb osb. Og det vart fylgt opp av naziveldet. 

Lensmann Eikenes var god nordmann. Han var alltid vaken for kva som var det beste for folket i kommunen. Ofte var det nære på at det gjekk gale. Ein skulle ikkje tru det, men me hadde svikarar også i Gulen. 

Det som var eit stort problem for dei fleste var alle radioane som var gøymde unna og som dei brukte for å høyra sendingar frå England. Påbodet var at apparata skulle leverast til lensmannen, som så skulle registrera dei og lagra dei innelåst på ein trygg stad. Slikt lager hadde me i prestebustaden til sokneprest Vatne og hjå kaptein Norstein i Eivindvik. 

Det var gromt å høyra nytt frå England, men farleg å gjera det til samtaleemne. Medan eg var lensmanns-assistent fekk me oppleva kva slikt førde til. Ein dag sto statspolitiet på Sandalsbryggja etter at ein svikar hadde meld frå om radiolytting. Heile eigedomen til bonden som hadde radioen vart granska. Dei lova han mild handsaming berre han ville koma fram med apparatet, men han visste at det berre var ord. Han sto i mot presset. Men politiet fann til slutt kartongen radioen var kjøpt i, og dermed hadde dei type og nummer for sjekking av lageret vårt. Jungeltelegrafen gjekk, og om natta hadde tre-fire karar sytt for å fjerna Sølvsuperen frå høystålet og fått han til slutt på loftet til presten. 

Me vart samde om at det var best lensmannen var på tenestereise dagen etter når dei tre karane frå statspolitiet kom for å sjekka lageret. Eg skulle ta i mot dei, og eg kunne spela og gjera meg dum om naudsynt. Eg sto vel heller ikkje så utsett til for straff. Eg bløffa så godt eg kunne og greidde jamen å få dei til å bita på. 

I Rutledal hadde me fått ein stor kontingent tyskarar som skulle laga festningsanlegg. Fleire hundre norske arbeidarar var sysselsette med dette. 

I denne tida var det mykje overfart frå Byrknesøyane til Shetland, og etterforskning av slik røming var høgt prioritert. Det var strengaste straff for dei som hjelpte til, og det skapte farlege situasjonar for slektningane til dei som rømde. Det vart mange turar til Byrknesøyane, og mange avhøyr i stovene der ute. Eg er overtydd om at Eikenes i desse farlege situasjonane berga mange frå straff og fangeskap. 

Men til slutt rauk lensmannen og. Statspolitiet var misnøgd med måten han utførde ordrane på. Me som sto han nær hadde vanskeleg for å fatta at han var teken. På reisa frå den tyske kommandanten i Høyanger til nye forhøyr i Bergen tok kapteinen - som hadde ansvaret for Eikenes - risikoen på å la han få nokre minutt på land i Eivindvik. Me prata saman og la ein plan for å berga han. Men han valde å ta forhøyret i Bergen, og det enda med eit opphald i konsentrasjonsleir i Tyskland. Han kom frå det med livet. Det same gjorde smed Toralf Sande i Eivindvik, som vart teken for anna illegalt arbeid. 

Krigsoppgjer 
Då krigen var slutt skulle svikarane og medlemane i nazi-partiet setjast fast. Då måtte gamlelensmann Bredvik ta over ansvaret. Han hadde gått av for aldersgrensa i 1937 og sa klårt frå om at lensmannsarbeid var han no for gamal til. Men dei som bad han kjende til at han hadde dei eigenskapane som trongst i ei slik vanskeleg stode. Eg var med frå første dag på oppryddinga, mellom anna etter den nazilensmannen Gulen hadde hatt ei tid, og det var ikkje lite som måtte gjerast. 

Eikenes tok over stillinga i Gulen då han kom attende. Seinare var han lensmann i Luster ei tid, og der etter i Vågå i Gudbrandsdalen. 


Eivindvik. Heimen til fam. Bøe ligg vakkert til i skogholtet over kaianlegget. 

Lensmann blant Gulingar 
I den tida som her er omtala vart alle tenestereiser i lensmannsdistriktet føretekne med båt. Det var mellom dei tyngste distrikta på Vestlandet i så måte. 

Det var alt vorte mykje betre då eg vart fast tilsett som lensmann, men det store omskiftet kom ikkje før vegen til Eivindvik var ferdig. 

Ellers er gulingane eit fredens folk. Eg kjenner mest alle familiane og veremåten deira. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal