Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Gard og grend

 

 
Brandangersundet gjennom 100 år
Forfatter: Ingolf Austgulen. Foto: Scandion
Publiseringsdato: 16.09.2006

Livet i Brandangersundet dei siste hundre åra er prega av to ting: Naturalhushald og nøysemd i mange, mange år, så ein omsnunad som førte til delvis fråflytting og endra livsstil frå 1950-åra og fram til i dag. 

Her kan du lese om: Livet på gardane - Rutebåtane -Sellevåg - Treskofabrikken - Eidsaga-Eide Mølle - Sildefiske - Ludvik Furnes - Minner frå heimstaden Furenes. 
 

 
Kvardagsliv i Brandangersundet 

Livet i Brandangersundet dei siste hundre åra er prega av to ting: Naturalhushald og nøysemd i mange, mange år, så ein omsnunad som førte til delvis fråflytting og endra livsstil frå 1950-åra og fram til i dag. 

Det som prega landsbygda for 100 år attende, var dei store barneflokkane. Slik var det og i Brandangersund. Dette førte til store ungdoms kull, som slett ikkje hadde det så heilt enkelt. Det var smått om arbeid. Men dei små gardane hadde trong for arbeidshjelp, så om ungdomane ikkje kom seg ut i arbeid, var det endeleg nok å hengja fingrane i. Slit var det vanlege, alt som skulle gjerast vart utført med nevene. Vassbering, slått, torvtaking, garnbøting og mykje, mykje anna. Men livet var ikkje fattig av den grunn. Det baud då på avveksling no og då. 

Då rutebåten byrja koma til faste tider, vart kaien eit samlingspunkt. Der fann folk kvarandre, der freitte dei nytt, og der kunne det falla mang ein god og saftig replikk. 

Fritid 

I helgane samlast ungdomane på sine faste plassar. Dei tykte det var triveleg å koma unna dei daglege pliktene, og dei fann alltid noko å prata om. I så måte kan vi minnast den gamle songen: «Dei bygdarfolk, dei bygdarfolk, dei heve so travel ein sumarbolk». Der heiter ein strofe: «Dei bygdarborni dei lengtar so hardt, at helgi ho koma skal snart». 

Og i helgane vart det tid til ringleikar på grasvollane, til ein svingom til felespel, og til trekkspelmusikk når det instrumentet kom på mote. 

Fjellturar om sommaren var populært. Austgulstølen var attraktiv i si tid. Men elles vitja fjellfolk mange andre stølar når dei først var på tur. Og dei fekk god mottaking, dei fekk smaka på rjomekolle og søtmjølk, og dei fekk seg ein godprat med budeiene. 

Ein tur på sjøen var heller ikkje av vegen. Kunne ein få leiga seg motorbåt og reisa til andre bygder, var det god avveksling, ei fin helg. 

I stor-helgar kunne folk samlast i store flokkar. Læraren var den som førte an når 17. mai skulle feirast. 
Skulehus vart bygd på Fivelsdal i 1924. Og frå då av kom 17. mai-feiringa inn i faste formar. 

Jonsokkvelden var mykje folk ute og feira midtsommar. Då var det om a gjera å ha det største jonsokbålet. Kvar grend hadde sitt bål. Jentene kokte rjomegraut og bar den til bålet når det var om å brenna ned, og så sat ein der og hadde det sværande triveleg. 

Læraren var eit kulturelt midtpunkt i bygda. Ein av dei som her skal nemnast, er Olav Rutledal. Han skipa songkor der ungdomen hadde eit fint og triveleg tilbod. 

Ein annan lærar, Georg Årdal, fyrste læraren ved Fivelsdal skule, skipa barnelaget «Vårblom». Laget vart skipa heime i stova hjå Anders-Ivar ein snøversdag av verste slag. Men alle skuleborna, pluss nokre nykonfirmerte ungdomar kom til stova denne dagen og vart med i barnelaget. Seinare vart det skipa ungdomslag. Fyrste formannen der var Tor Oppedal. 

Men vi skal sjå litt attende på kvardagslivet heime på gardane. Travle hender var i sving frå morgon til kveld. Og alt som kunne nyttast og vendast i pengar, vart nytta. Nokre laga halmsko, nokre batt kiper. Spinning, veving og strikking var noko dei aller fleste kvinnene bala med. Ein måtte vera mest mogeleg sjølvhjelpne. 
Karane var ute og hogg seg materiale til kiper. Furua vart nytta til kipespilar, spraken vart brukt til å bitta sjølve kipa med. 

Kleda vart laga i heimen. Veven vaks i lange vinterdagar. Om kveldane vart arbeidet gjort i lys av parafinlampa. Men lampa vart ikkje kveikt opp før det var heilt mørkt. Difor hadde ein alltid eit bel der ein kunne kvile: 
Skumringstimen. Dei vaksne tok seg ein liten «dupp» medan borna fortalte skrøner og gissa gåter.

Heimefisket vart noko av eksistensgrunnlaget for familiane. Etter kvart vaks tanken på å skipa notlag. Lars Bendiksen og Lars Furnes hadde ei tid bruk i lag. Nothuset vart plassert på grensa mellom Fivelsdal og Furnes. 
Men når fellesbruket vart oppløyst, kjøpte Fivelsdal nye nøter og hadde eit bra utbytte. 

Baste Fivelsdal, Nicolay Fivelsdal, Hans Trulsen Merkesdal og Elias Svardal sto for bruket. Det vart oppløyst i 1950-60-åra. Storsildfiske om vintrane vart og ei god inntektskjelde for folk i bygdene her i mange år. 

Elles var telefonarbeidet ettertrakta. Det var tungt arbeid med mykje slit, men det gav i alle høve bra innkoma. Ole Merkesdal var styrar ei tid. Karane måtte bera telefonstolpane på skuldrane. To av telefonarbeidarane vart alvorleg skadde i 1912. Det var 22 år gamle Ivar Merkesdal og 50 år gamle Ivar Fivelsdal. Dei kom ut for ei sprengingsulukke som gjorde dei begge blinde. Ivar Merkesdal gjekk seinare på Dalen Blindeskule i Trondheim og lærte seg snikkaryrke. 

Skule og handel 

Skulehus vart reist på Fivelsdal i 1924. Krinsane Rørtveit og to delar av Svardal vart samla til Fivelsdal. Frå eldre tider hadde dei krinsane omgangsskule med kvar sin lærar. 

Svardal krins omfatta frå tidlegare tider Merkesdal, Svardal, Glenja, Brandsdal og Westervik. Det var lang veg frå Merkesdal til Westervik, så sume tider låg skuleborna borte. Etter kvart fekk krinsane ei anna inndeling. 
Framleis heitte det Svardal krins, men Glenja og Westervik vart lagt til andre krinsar. Og det vart strid om krinsdelinga. Rørtveit og Svardal hadde lærar som arbeidde 14 dagar i kvar krins. Skulen vart lagt hjå dei som hadde store stover. 

Det var forretning på Fivelsdal ei tid. Den var i Tinnvika hjå Mikal Fivelsdal, og held fram til kring 1915. 

Johan Eriksen Fivelsdal dreiv forretning i Garvika til kring 1917. Etter at desse slutta å handla, måtte folk til Skjerjehamn for å handla, til Ingvald Austgulen starta handel på Furenes kring 1922. 

Vegbygging har det vore i bygdene. Vegen Fivelsdal - Glenja vart påbyrja i 1935, men vart først ferdig i 1954. Det vart og arbeidd veg frå kaien over garden Fivelsdal dei åra. 

Det vart riksvegsamband då vegstykket Glenja - Eide vart ferdig i midten av 1960-åra. Då vart det og ei heil omlegging av trafikken. No vart båtrutane nedlagt, trafikken gjekk med bussar over land. På slutten av 1960-talet vart det og veg frå Fivelsdal til Furenes. 

Brensel 

Heilt opp til etterkrigstida i 1945 var det vanleg å brenna torv i heimane. Alle som eigde jord fekk seg tildelt torvmyrar, noko som var sett på som ein sers viktig ressurs. Det hadde ein viss sjarm å vera med på torvtaking, det var eit arbeid utanom det vanlege gardsarbeidet. 

Karane starta opp arbeidet med torvskjæring tidleg om morgonen. Kvinnfolka gjorde seg ferdig med sitt heime, koka maten, tok den med seg til torvmyra der alle hadde måltid ute i det fri. 

Til nonsmat vart kaffien kokt på gruva attmed torvmyra, han smaka svært bra sjølv om det var litt røyk og litt røyksmak stundom. 

Torvtaking var hardt arbeid. Først måtte torva stikkast ut, kastast opp på bakken, trillast utover på berg og turkeplassar, og tilslutt «krakkast», det vil seia at torvene vart reist på høgkant så dei turka på begge sider. 

Det finst ein del skog som folk nytta til eige bruk i Brandangersundet. 

Bryllaup og gravferd 

Både bryllaup og gravferder vart haldne i heimane, og det var noko som kravde mykje arbeid. Matlaging i dagevis måtte til, og matskikkane var ganske tradisjonsbundne. Det vart slakta og brygga og bakt til bryllaups, brygging var det også ei tid når det skulle haldast gravøl. 

Bryllaupsfestane varte to-tre dagar, som oftast, og det var noko folk visste å feira skikkeleg. Ein som heitte Lars Bendiksen skulle gifta seg, og skyta salutt bryllaupsafta, han var uheldig og skaut av seg eine tommelen. 
Men festen vart ikkje avslutta av den grunn. Brurfolket vart vigde i Eivindvik dagen etter, og festen fortsette. 

Kosten til gravferda var som regel saltsprengd fisk, poteter, flatbrød, smør og mjølkesuppe før dei drog avgarde den lange vegen til Eivindvik. Etterpå vart det ete sosekjøt og dessert, kanskje og kveldsmat i tillegg. Noko av all denne matsjauen vart borte når motorbåten kom, og det vart lettare å koma til og frå kyrkja i Eivindvik. 

Rutebåtane 

Lindås Masfjorden Dampbåtlag byrja å gå innom Fivelsdal i 1904. I nokre år vart båten borda med storbåt på fjorden (sundet), men i 1908 sto Fivelsdal kai ferdig til bruk. Den vart bygd på dugnad av folk frå Fivelsdal, Merkesdal, Svardal, Storenes og Rørtveit. 

Det var inga vegsamband til kaien, slik at varer og gods som skulle hentast og sendast til byen og strilelandet, måtte bringast fram til kaien på ryggen, med hest, eller i båt. 

Før dei fekk fast rutesamband til Fivelsdal måtte ein om Skjerjehamn. Baste Fivelsdal og Nicolay Fivelsdal hadde postføringa denne vegen i nokre år. Nic. Fivelsdal vart tilsett som postopnar på Fivelsdal i 1904. 

Mikal Fivelsdal som budde rett ovanfor kaien var dampskipsekspeditør Etter han vart Hans Merkesdal ekspeditør, og i dei siste åra rutebåten stogga på Fivelsdal var Nils Fivelsdal ekspeditør. 

Furenes vart teken opp i ruta frå 1925. Det var ikkje lett å få ruta forlengd til Furenes, fordi reisetida ville bli auka for dei som skulle til og frå Masfjorden. Ruteselskapet kunne heller ikkje leggje skulda på det tronge farvatnet, fordi Furenes hadde teke i mot utenlandske tusentonnarar i sildetida. 

Fyrlykter vart sett opp på øyer, holmar og nes. Mange åretak i allslags vér vart det, for dei som skulle sjå til lyktene. Gardbrukar Edv. Rørtveit hadde mange strabasiøse turer til Rørtveitneset. Berge Storenes og seinare Ludvig Storenes kveikte lyktene på Langøya og Brattholmen. Ungdomane Birger og Alf Storenes kom forresten bort begge to på ein slik tur til lyktene, jula 1938. 

Like viktig var det at ekspeditørane på Fivelsdal og Furenes var presise med kailyktene (blank og raud/framme og akter) på kaien. Parafinlyktene var seglingsmerke for rutebåtane i allslags vér. Når så lyktene blåste ut, eller ein ikkje fekk påfylt nok parafin, så var det ikkje greitt å vere kaptein / styrmann på rutebåtane i dette farvatnet. 

Mannskapet og offiserane på rutebåtane var med å skape eit fint miljø, så vel om bord som ved landligge. (Furenes var overnattingsstad i dei fleste rutene.) I 30-åra var det D/S Austrheim, D/S Lindås og D/S Masfjord som trafikkerte, seinare kom D/S Lygra til. Ved samanslutning med Alversund - Manger Dampbåtlag etter verdskrigen, kom mange andre båtar med i rutene. 

Om sommaren hadde Brandangersundet for det meste direkte ruter til og frå Bergen i helgene og ellers med korrespondanse for det meste i Mastrevik og på Fonnes. Då var det M/S Alstein som var travaren - forøvrig ein liten, men koseleg rutebåt. Seinare kom Finnås, Aktiv, Fedje, Askøy o. a. 

Sæternes var stoggestad for F. S. F. rutebåtane. M/S Sandøy og seinare M/S Lærdal trafïkkerte der. Lid var også stoggestad i nokre år. B. N. R. rutebåtane gjekk bortom Brandanger når det var krøter eller tyngre last. 

Dyretransporten til og frå rutebåten er ei historie for seg. 
Alt levande; oksar, kyr, kalvar og geiter måtte førast i båt. Faste kyrebåtar var «Rolfen» og seinare «Porat», men og andre deltok i denne farten. Som regel gjekk det bra, men det hendte nok at dyra hoppa over bord. Då var det berre å ta dyra på slep å komme seg til land. Om bord i rutebåten brukte ein for det meste sælar i vinsjen. 
Det hendte at ustyrlige oksar hoppa av, og endte livet i lasterommet, og ikkje - som tenkt - på slaktehuset i Skuteviken. 

Å vere båteigar, kjørekar på slike krøterreiser var ikkje berre moro. Båten blei som ei gjødselbinge etter slike turar, og med unnagjort vårpuss eller anna reingjering, var det ikkje noko lystbetont å ta ut på slike turar. Men det vart 10-kronarar av det, og det sette skysskarane pris på. 

Vegen Eidsbotn - Glenja var ferdig omkring 1965. Ruteselskapet måtte no til med omlegging av trafikken fra sjø til land, i vårt område slik som i Nordhordland tidlegare år. Ein omladning frå buss til skøyter på Fivelsdal vart planlagt, og nytta ei kort tid. Men etter sterkt press på kommune og fylke vart vegen Fivelsdal - Sellevåg prioritert, og sett ut på tilbod. I 1968 var vegen kjørbar. Etter opninga av vegen var det bussar og varebilar som tok over med korrespondanse med ferjer Duesund - Sævråsvåg. Rutebåtane vart sakna av mange. 

Så kom bilen, hyttebygginga fekk fart på seg og Brandangersundet har nok forandra seg mykje etter den tid. 

I tåke og snøkave var det ikkje lett å ta seg fram i Brandangersundet, med dårleg merking og skikkelege fyrlykter. Rutebåtane tok nok grunnen av og til, men det gjekk bra. Takka vere forstand og aktsomhet frå dei på D/S brua. Likevel hadde ein eit forlis ved Fivelsdal. I 1934 gjekk Midthordland på grunn med full fart. Ingen menneske kom bort, men forliset var dramatisk nok. Kaptein Anfinn Iversen - den mest kjende av alle kapteinar i selskapet, fortel her om denne laurdagskvelden på ruta til Furenes: 

Det var ein gråvers laurdag i april månad i 1934. Lindås - Masfjorden Dampskipsselskap hadde leigt «Midthordland» ei tid, og denne dagen skulle båten gå i rute til Fedje - Byrknesøy - Furenes. Vanleg avgangstid frå Bergen var kl. 14.30, og normalt ville ein vera framme ved Furenes rundt midnatt. 

Det var litt av ein tur dei hadde dei som skulle reisa dit den gongen. Båten gjekk fyrst i full Fedjeruta, så over fjorden til Byrknesøy, tok til att å gå på sør-aust til Sandebygda, inn Brandangersundet til Fivelsdal, og så endeleg fram til Furenes. 

Dagen var som ein vanleg laurdag flest, bra med last og reisande. Rett før båten kom til Lygra banka det på døra til Iversen sin lugar. Han hadde frivakt og låg og strekte seg på køya. Det var Reinhardt Rudolfsen frå Lygra som kom inn. Rudolfsen hadde ord på seg å vera «synsk», og såg ofte ting som kom til å henda. Denne dagen kom han for å åtvara Iversen, og han sa: «No ska eg seia deg noke, Anfinn. Du ska vera veldig varsam i kvedl, for eg har sett at båten ikkje kjem fram te endestasjonen». 

Iversen ville veta meir, men Rudolfsen sa: «Me snakkast Øve heljæ». «Så kjem no ikkje eg bort då», sa Iversen, og dorma vidare. 

Kvelden kom. Det var månemørkt, regnyr, stor landskugge og liten sikt. Ruta var så å seia ferdig. Sandebygda var tilbakelagd, og no bar det inn Brandangersundet til Fivelsdal. Så var det berre denne stoppestaden og rett til Furenes, der ein kunne få gå til ro. 

I byssa gjekk «trisa» - ho Anna og dei to døtrene hennar, Hildur og Margrethe - og leita etter ein omnsring. 
Det merkelege hadde hendt: Omnsringen som skulle brukast til kaffikjelen var bortkomen. Ingen kunne finna han. Gjentene var sure og søvnige etter ein lang dag, men mora var unådig. Det skulle vera orden i sakene. 
Ringen skulle vera på plass og kjelen klar til frukosten neste morgon. Og så leita dei vidare. 

I maskinrommet var det lognt og varmt. Maskinen arbeidde traust og roleg. Farten var normal, godt og vel 9 mil. Maskinisten såg på klokka, ho synte 23.05. «Vi er vel snart i Fivelsdal no», grynta han. Kvar augneblink kunne telegrafen gje melding frå brua, og då måtte ein vera klar med hovudventilen. Roleg drog han fram snusøskja og fylte godt innpå. Fyrbøtaren tørka seg med sveitteduken etter at han hadde brote opp fyren og slengt nokre sleiver inn i fyrgapet. Han tenkte på kona og alle borna. No hadde dei vel lagt seg, og var vel longe sovna. Ja, ja, det var eit bask å få endane til å møtast, men fekk han berre vera frisk så skulle det nok gå. I dei siste vekene hadde han kjent seg noko trøytt og sliten. Men det gjekk vel over. Han fekk ta ein dag om senn, og no var snart denne dagen slutt. Så hadde han no natta og neste føremiddag til å kvila seg på. 

Ut frå «floren» kom ein av matrosane. Han hadde nett vore inne og gjeve eit par smågrisar varm mjølk. 
Grisungane skulle ha vore lossa på Fedje, men diverre vart dei gløymde der. Han hadde fyrst ergra seg over at dei skulle ha grisungane ombord heile helga, så i eit lite sinne hadde han spent til kassen. Men som den godhjerta mannen han var - og den pliktoppfyllande - skulle ikkje grisungane svelta eller lida naud medan han og selskapet hadde dei i si varetekt. Han hadde ansvaret for dei, og så fekk det heller våga seg om han fekk dette ekstrabryet. Grisane var no godmette og velnøgde, og han hadde endå til stått ei lita stund og klått dei bak øyro og godprata med dei før han stengde døra for natta. 

På brua stod kapteinen sjølv. Det var den nygifte Albert Hodneland, og denne helga hadde han den unge kona si med seg. Han hadde kjempa på heile vegen for å koma snøgt fram til Furenes, slik at kvelden og natta kunne bli litt lenger saman med henne som hadde vorte han så kjær. Ein løynd smil gleid over andletet. Han gledde seg til natta. Rormannen styrde. Han hadde ingen annan ting å gleda seg til enn å få sova. Og det skulle bli godt. Veka hadde vore lang. Arbeidstida var aldri under 63 timar, men det hende også at ho kunne vera oppe i 84. 

Eit lys kom fram or nattedimma. Det var lyset frå kailykta på Fivelsdal. Hodneland let enno båten gå eitt minutt rett fram, så gav han ordre om hardt styrbord. Rormannen opptok ordren, og båten svinga. No bar det rett på lykta. Var det augo som bedrog kapteinen? Var ikkje lykta litt høgt oppe for å vera kaien? I mørke og regnyr ter alt seg meir uklårt enn i godver, og båten heldt fram etter same støde kursen. Då small det. Baugen på «Midthordland» gleid oppover glatte sleberget så gneistane fauk. Der stod skuta og dirra. 

Anfinn Iversen - som hadde vore med unggjentene for å leita etter omnsringen - vart kasta mot skottet på styrbord side. I ein augneblink stod det stille for han. Så kom han seg på føtene og sprang alt han vann fram mot baugen. Derfrå hoppa han i land med landtoget og fekk benda det rundt noko han fann i mørkret. Det var seglmerket på Skogsneset. Det var nemleg der båten hadde teke land, berre nokre få meter frå ytste neset. På ei merkeleg vis heldt landtoget. Båten som no tok inn vatn atterut, seig i fyrste omgang ikkje ut. Han vart hangande, men vart lågare og lågare på atterenden. Ingen hadde gått til ro. Ein leider vart sett frå baugen og ned på holmen, og på mindre enn eit par-tre minuttar var alle berga. Då seig «Midthordland» stille og roleg ned i djupet, medan det frøste av kolrøyk og gneistar då skorsteinen nådde sjøflata. Men ytste baugen vart hangande over vatnet. Trossa heldt. Det var alt som viste att av den stolte skuta. 

Frå Fivelsdal kom ekspeditøren og eit par mann til sprengroande. Dei berga inn heile mannskapet og dei to passasjerane - ein reisande frå Furenes og den unge kapteinfrua. Det bar mot land. Brått rykte det til i ein av matrosane: «Grisungane», ropa han. Grisungane, ja. Godmette hadde dei sovna inn, og i ein døs etter eit godt måltid varm mjølk seig dei stilt og roleg ned i djupet. Eit kort liv var over, og det var to julegrisar mindre på Fedje. Matrosen som hadde gjeve dei mat og stell anka seg: «Stakkars grisungar. Eg kunne ha berga dei, men i farten gløymde eg dei heilt av». Ei verbarka hand tørka noko bort frå eine augnekroken, så la han seg på årane og rodde mot land. Der fekk dei husrom til dei vart henta av «Austrheim». 

Kva var så årsaka til uhellet og totalforliset av «Midthordland»? For det fyrste var leia så og seia utan lykter å sigla etter nattetider. Dessutan var kvelden mørk med svak regnyr, og lyskastar fanst ikkje ombord. Noko slikt var ukjent. Det var oljelampar ein hadde til rådvelde, og så ei dekkslykt. 

Det var ekspeditøren si lykt på kaien som skulle visa veg. Men båten var litt tidleg i ruta, og ekspeditøren - som til vanleg måtte stå og frysa medan han venta på båten - var seint ute. Kvifor hadde han sett lykta frå seg ? 
Vi veit det ikkje. Folk var blyge på den tida og snakka ikkje om alt. Men det mest trulege er vel at på vegen mot sjøen kjende han at han skulle «træ av på naturens vegne», og at han sette lykta frå seg på vegkanten medan han utretta ærendet sitt. Dette tok gjerne litt lenger tid enn han hadde rekna med, og frå innsida av vegen der han hukte seg ned såg han ikkje båten. Men føraren på båten såg lykta, og så gav han styrbord ror ein halv minutt før han skulle. 

Kva var det som gjorde at omnsringen kom bort? Ingen fann han, men livet til dei tre kvinnene som hadde lugaren sin nede atterut vart i alle høve berga. Ein slump eller eit tilfelle, eller var det eit inngrep frå høgare makter? Kva veit vi? Dei som var med under forliset trudde i alle høve sitt.

Sellevåg - Treskofabrikken 
© Inge Sellevåg 

«Ringe til Korn, Maadelig Jordart, Meget tungvunden. Har ofte ligget øde». Så stod det i matrikkelen i 1723 om garden som ein møter når ein kjem inn i ei lita bukt på austsida av Brandangersundet. Den gongen eigde ei som heitte Gjertrud de Fine bruket. Det gjekk å livberge seg med 5 kyr, 3 ungnaut og 6 sauer, og jorda gav halvanna tønne havre. Som attåtnæring vart det seld litt brennevin, heiter det, truleg til sjøfarande som drog gjennom sundet. 

Det er ein lun stad der sola vermer godt attmed bergveggane og den skogkledde ryggsida som reiser seg bak gardstunet. Men idyllen ein fin sommardag er opp gjennom tidene blitt vend til meir ugjestmilde omgivnader når haust og vinter har sett inn. Før vegsambandet til Furenes kom i 1960, var Selevåg ein etter måten isolert plass, der det må ha vore balsamt å bu og leve i eldre tider, til dømes når bukta ofte var islagt om vinteren. Det er ikkje underleg at garden ofte hadde lege øyde fram til 1700-talet, og seinare skifta han og eigar fleire gonger før den noverande Sellevåg-ætta kom dit i 1870. 

Selevåg er det offisielle stadnamnet som er nytta i bygdeboka for Gulen. Det har samanheng med det gammalnorske Selvågr som kjem av dyrenamnet «sel». Det må altså ha vore ein våg der det var vanleg at selar søkte inn. Uttalen er «Sællvåjinn», medan andre skrivemåtar før også har vore Sellevog og Sellevaag. 

Kor lenge det har budd folk på garden er uvisst. Den tidlegaste sikre brukaren ein har, er ein bergensar som heitte Johan Dich (eller Dirch) frå 1664. Kva ein byens borgar gjorde på ein plass som dette veit vi ikkje, men truleg satsa han på å drive gjestgiveri og litt handel for å «profittere» på ferdsla gjennom Brandangersundet. 
Det gjekk vel kanskje ikkje så bra, ettersom han forsvinn frå soga i 1665, året etter at han er nemnt i skattemantalet (sjå Skjerjehamn). 

Den neste kjende brukaren heitte Kolbein, og garden gjekk vidare til sonen og sonesonen hans - Philip Kristoffersson - som dreiv den fram til kring 1705, då han vart verje for nokre barn i Furenes. Til denne tid hadde det og vore husmenn i Selevåg, og son til den tredje og siste husmannen som fanst der, overtok bruket etter Philip Kristoffersson. Han heitte Endre Pålsson Selevåg og dreiv bruket til han døydde i 1723. Anne, enkja etter Endre, gifte seg same året opp att med ein Jens Persson Brandanger. Han var på si side enkjemann etter å ha vore gift og busett i Furenes eit år. Den første kona hans var dotter til Gregorius Kristoffersson, bror til den nemnte Philip. 

Jens Persson vart verande i Furenes dei første åra av det nye ekteskapet, men flytta til Selevåg i 1728 og var gardbrukar der til 1742. Etter han fekk Anders Baltarsson frå Sætenes bygselbrev på bruket. Han var ein mann som hadde sett seg i så stor skuld og gjeld at han vart tvinga rettens veg til å flytte frå garden på Sætenes. 

I 1770 kom ein mann frå nedre Austgulen til Selevåg - Hans Ottesson Austgulen. Han var gift med Alis, ei enkje frå Myre på austsida av Eidsfjorden, og dei hadde i nokre år drive bruket på Myre før dei no ville prøve ein ny stad. Med desse «innvandrarane» blir garden frå denne tid verande i same ættelinja fram til 1868. Det vil seie, Hans og Alis hadde ikkje eigne barn, men to fosterdøtre, begge fødde på Haveland. Den eldste av dei. Ingeborg, førte drifra vidare. 

Ingeborg vart gift to gonger, og ei dotter frå første ekteskapet. Anna Torkjelsdotter, tok over etter henne og gifte seg med ein kar frå Kjellevoll, Ivar Ivarsson. Anna og Ivar, som hadde fire barn, dreiv bruket i Selevåg i åra 1830-1847, eller på den tida Henrik Wergeland reiste gjennom Sogn (1832), for å bruke ein populær referanse. 

Eldste sonen - Ivar Ivarsson nr. 2 - tok over garden i 1847 og dreiv den til 1858. Han gifte seg med Lucie Hermundsdotter Haugland frå Brekke, og dei fekk sju barn som levde opp. Ingen av dei vart verande i Selevåg, men slo seg ned andre stader i distriktet. Sonen Ludvig for endå så langt som til Austlandet. Han flytte til Moss i 1884 (22 år gammal), så ein må gå ut frå at det finst ei slekt på dei kantar som altså kan spore røtene sine attende til Selevåg. 

Ivar Selevåg selde på si side bruket i Selevåg i 1858 til bror til kona, Ola Hermundsson Haugland, som var handelsmann i Fonnevika. Ivar og Lucia vart buande som kårfolk på garden og tok seg truleg av drifta, noko Ola sjølv neppe hadde tid til. Han døydde alt i 1866, medan Ivar døydde i 1905 og Lucie i 1915. Bygdeboka seier ikkje noko om korleis Ivar og Lucie levde dei siste åra, men sidan folketalet på bruket i 1875 var heile 11 personar, kan ein gå ut frå at dei budde på kår i Selevåg saman med barna og etter at EndreTorkjelsson, bestefaren til Edvin Sellevåg, kjøpte garden og førte den inn i ei ny ætt. Uthuset ved sida av hovudbygningen er blitt omtala som «kårstova», seiest det. 

Endre Torkjelsson, ættefaren til den noverande Sellevågslekta, vart fødd på Asheim i 1837 og starta som landhandlar på Lovisendal i Brekke. I 1869 gifte han seg med Anna Olsdotter Brekke, og i 1870 kjøpte han Selevåg for 400 spesialdalar (1600 kroner) av Tor Jonsson Knarvik. Seljaren hadde berre budd der vel eit års tid og flytte no til Stølen, ein gamal husmannsplass i Eivindvik. 

Det eksisterer eit fotografi av Endre, utan at vi kan seie når eller i kva samband det vart tatt. Bildet gir inntrykk av ein traust og sindig kar i sine beste år. Driftig var han og, må ein tru, for ved sida av gardsarbeidet sette han i gang eit møllebruk for å utnytte fossen som høyrde til eigedomen. Endre dreiv mølla fram til 1899. Då selde han fossen og jordstykket ikring til Jon Arnoldsson Kahrs, son til ein brukseigar på Gryta av Bergensætt. 

Kahrs la så grunnlag for ei ny næringsdrift i Selevåg som har gitt arbeid til mange menn der i åra seinare: Han starta Bergens Træskofabrikk. Takka vere dette tiltaket vart det og vilkår for to huslydar på staden. Torkjel Olai, eldste sonen til Endre, kjøpte eit bruk på Sætenes. Attåt gardsdrifta var han formann på treskofabrikken i 38 år og dreiv og landhandel på Sæternes frå 1927- 1943 (han døydde i 1948, 75 år gammal). Joachim, son til Torkjel, arbeidde og på treskofabrikken, og han slo seg ned i Selevåg og overtok og fabrikken med tida. 

Joachim kjøpte ei hustomt på ei halvøy nede ved sjøen. Tomta fekk namnet Skoglund, og han oppførte eit bustadhus der 1939, etter å ha gifta seg med Marie Johanne Olsdotter frå Merkesdal. I 1952 fekk han kjøpe eigedomen til treskofabrikken og dreiv den etter kvart vidare som sagbruk. Joachim og Marie fekk fire barn, og eldste sonen - Magne Sellevåg - har i dag bygd nytt bustadhus og held fabrikkdrifta ved lag. Joachim Sellevåg døydde i 1983 (79 år) medan Marie levde til 1991. 

Tilbake til hovudbruket - Endre og Anna hadde fem barn. Eldst var dottera Berte Barbara, som flytte til Solund, så følgte Torkjel Olai og Ingeborg Monsine, ho slo seg ned i Ynnesdal, og deretter Eilert August, som i 1908 overtok bruket etter faren. Endre døydde i 1915, medan Anna levde til 1937 og vart nitti år. Dei hadde også ein tredje, yngre son - Olav - som gifte seg med Mathilde Birgersdotter Randal og vart buande på Neset i Furenes. 

Eilert August Endresson og Ingeborg Hermundsdotter Austgulen, som han tok til kone, fekk fire søner: Edvin, Herman, Irgen og Edin. Herman (f. 1910) busette seg på Li, Irgen (f. 1915) flytta til Reksteren i Sunnhordland og Edin (f. 1919) til Bergen. Edvin (f. 1909) tok over garden i 1946. Han var då blitt gift med Gudrun lvarsdotter frå Svardal. Alle som voks opp i Selevåg etter at treskofabrikken vart starta. var i kortare eller lengre periodar innom denne arbeidsplassen. Så og Edvin, men frå 1920 hadde garden fått ei anna attåtnæring - postbodruta for området ved Brandangersundet. I 1930 tok Edvin over denne ruta etter faren. 

No er det vel eigentleg ikkje rett til å kalle det attåtnæring, for det var ei krevjande rute som fylte arbeidsdagen og vel så det, ut tidleg om morgonen og til Skjerjehamn, heimom att til middag og så ein ny tur. Det vart kveld før den karakteristiske postbåten til Edvin kunne roe seg ved kaien. For ei lang og tru teneste som «sjøpostbud», som vel også er ei rettare nemning, fekk Edvin i 1977 Kongens fortenestemedalje. 

Men om Edvin, med hjelp av ei sterk kvinne rettnok, måtte ta seg av gardsdrifta i tillegg, hadde han og overskot til andre gjeremål. Han var ei eldsjel på så mange måtar, levande interessert i politikk og kommunalt styre og stell, trufast venstremann og med fleire kommunale verv med åra - ikkje berre medlem av kommunestyret i Gulen, men og forsorgstyret, skulestyret, soknerådet og edruskapsnemda. Frå plattforma i kommunepolitikken kjempa han og for sin eigen stad og for å skape framtidskår der. Han utretta noko av eit livsverk etter slike mål då han fekk semje for at det skulle byggjast veg frå Furenes til Selevåg. Attmed denne vegen ligg samfunnshuset, og det og var ei sak han talte varmt for. Dei to samfunna måtte knytast saman. 

«Har ofte ligget øde» - han ligg ikkje øyde i dag, garden Selevåg. Einar Sellevåg. son til Edvin, held han i hevd, sjølv om han no har busett seg i Bergen og har sitt yrke innan kystfarten. Likevel, Eilert og Ingeborg er borte, og på kort tid døydde og først Gudrun og så Edvin i 1977, alle dei som gav plassen ein spesiell lun atmosfære og alltid gjestfrie tok i mot tilreisande familiefolk. Dei budde der og forma staden i si ånd. Her var godt humør og mykje latter, slik eg kan hugse det fra ungdomsåra då sommarbesøk i Selevåg, med fleire timar lange båtturar frå Bergen, var ei oppleving fin som nokon utanlandstur. 

Det var som om staden miste noko av seg sjølv når desse menneska brått var borte. Men «Sællvåjinn» ligg der framleis, og no kan ein komme dit på atskilleg kortare tid og køyre heilt til gards med bil frå byen. Det er ingen fare for at han skal gli attende i isolasjon og fråflytting som rådde der i eldre tider. Det vil dei med fast tilknytnad til plassen, og hyttefolk som har slått seg ned der, sikkert sørgje for. Vi andre som har røtene der, vil bere med oss mange gode minne frå besøk der og alltid kunne vende tilbake med ei nær kjensle. 

Eidsaga - Eide Mølle 

Frå omkring år 1700 har det vore kvern og maling av korn på Eidsaga - Eide Mølle. Frå Svardalsvatnet, Langevatnet (begge av ein viss størrelse etter våre tilhøve) og Litlevatnet renn vatnet ut ved Eidsaga. 

Fuse Erichen frå Store-Matre i Masfjorden slo seg ned på Eidsaga i byrjinga av 1900, og dreiv mølla og sagbruket der. Ved sida av utførte han stamping av tøy. Veving var vanleg i den tida, og han Fuse på Saga stampa så gjerne. 

Fuse med huslyden flytta attende til Masfjorden i 1920-åra. Så overtok Olav Sellevåg drifta av mølla og saga i nokre år. Han budde då på Furenes (på Neset) og hadde ein liten motorbåt til å køyre til og frå Saga, ei lengd på ca. 6 km. Sellevåg var blant dei første som fekk slik motorbåt i distriktet. 

Martin Kvinge, og ein Masfjording, kom så til Eidsaga og busette seg der med familie, og dei dreiv det stort ei tid. Nytt bygg for saging av tømmer vart ført opp, ei svenske-skøyte populært kalt «Potta» vart sett inn i transporten av korn og mjøl. På Saga malte dei til langt ut på kveldane. 

Hjalmar Areklett var førar av «Potta», og det var eit meisterstykke. Etter å ha vore på fjordane, og så finne vegen heim og inn til Sagevika var nok ikkje enkelt. Smale sund med eit utall av «fluer» - (grunner) utanfor innlaupet. Kraftige lommelykter (stavlykter) på ca. 50 cm. lengde var alt dei hadde å hjelpe seg med. 

Eidsaga har hatt noko romantisk over seg. Idyllen på Saga ein sommarkveld må opplevast. Den gode ange av røss og porslyng, fisken som vaker på vatna og på Sagevika, ålegraset, elvesusen i maledur og sagekvin. Og så den store fisken som alltid var å fange i Sageelva. Her var det fiske med stong, med garn og det var dorging frå båt. Slik var det ! 

Kvar sommar kom der båtar roande inn til, skøyter med tømmer for leigesaging, og båtar med korn for maling til mjøl. Dei fine turistane kom og oppom, og dei la seg gjerne til for nokre dagar. 

I krigsåra var Eidsaga og mølla eit matkammers for mange «Gulingar» og «Strilar». Mølla gjekk både dag og natt, mest om natta, då ein malte svart som dei sa. Å være kontrollør for Statens Kornforretning, som skulle ha alt registrert, var nok ikkje enkelt i dei åra. Det fekk Ingvald Austgulen føle, og det vart mange nattetimar på Eidsaga før papir og skjema stemte slik at ein kunne venta å få dei offentlege sine stempel på, og med det få fortsetje kornmalinga. 

I 1950 åra vart det rolige tider på Eidsaga. Det vart slutt med kornmalinga og det tok slutt med tømmersaginga. 
Men byfolka kom og dei er der kvar sommar endå. Trygve Kvinge som slo seg til i bustadhuset på Sageneset, har i mange år dreve småfiske ved sida av anna arbeid. Han har hatt evne og anlegg og vist vilje til å skape det rette miljøet på plassen, og alle som kjem finn seg vel til rette og trivast godt. Sjølvsagt beror dette mykje på deira eiga framferd når dei legg seg til i båtar, i telt og i hyttene som no er byrja å koma på holmar og nes. Sløvåg med ferjeleie ligg no berre få kilometer unna. Med veg der i frå rundt vågane til Eidsaga ville her bli plass til mange fine landstader. Kan vi vente eit initiativ frå grunneigarar og kommune, så vil nok kjøparane melde seg. 

Sildefiske 

Dei som hadde notbruk for vintersildfiske sat til vanleg om hausten og fram til jul og sette i stand nøtene til sesongen. Likeeins vart notbåtane sett på sjøen i god tid, dei måtte vere tette til nota skulle om bord. 

Ved juletid var ein ikkje uredd for at silda kom under land, og folk som skulle vere med måtte hyrast i god tid. 

Mellom jul og nyttår måtte sekken pakkast for ein tur på 12-15 veker. Lossementa var så ymse, det var ikkje alltid så høgt under dekk. Var rommet lite, måtte sjølvsagt mannskapet trengje saman. I ein større båt var det mannskap frå fleire bruk, kan hende opp til 25 mann. I ein slik båt var det langbord, eit forut og eit bak i rommet. Som regel var det ein høg karm over luka til rommet. 

Det var alltid dobbel køy, madrass av halm som ein tok med seg, og køyklær heimanfrå om ein ville liggja godt. 

Det hende at kokken måtte koke middagen på ovnen som stod i rommet. Men til vanleg stod byssa på dekk. Det var ei slik som vart sett på land etter sesongen. Middagen var felles, og kvar mann gjekk etter sitt som vart opp-pakka av kokken. Det gjekk mest på sild og poteter og fisk. Suppe var alltid til attpå-mat. Helgemiddagen var som regel kjøt og ertersuppe. Den andre maten held ein seg med sjølv, berre kaffi var felles. 

Det gjekk mykje på skipskavring, som den vart kalla. Ein fekk oppvege kvar sin pose. Det var ein tynn sekk, som vart hengd under dekk over køya. Han vart seig mot slutten, og myglesmaken var og der kan hende. Men ein levde seg inn i det, og ein tykte det var kos å kome om bord. 

Etter ei sur våkenatt med hardt arbeid, og ein var gjennomvåt, kunne det smaka godt med både mat og søvn. 

Fritid var det mykje av. Då gjekk det mykje på kortspel, men det gjekk sakleg for seg i eit godt kameratlag. 

Oljeklær og vottar kom ikkje i rommet, det måtte vere på dekk. Vottene var jamnast hardfrosne om morgonen, då var det til å bløyte dei i sjø og tråkke dei mjuke. Tørre vottar kom ikkje på under sesongen, for ein held betre varmen når dei var våte. Og når dei kom i silda, kvarv dei seg i hop og vart som filt. Ein måtte ha store vottar på sildefiske. Dei vart kalla «vavottar». 

Vintersildefiske var ei hard og kald påkjenning, og det verste var at ein aldri visste om det vart noko betaling for innsatsen dei kalde vintervekene ute ved havgapet. I mange år kom dei heim fattigare enn då dei drog ut. 
Men kanskje neste vinter eller vår, med eit anna notlag og ein annan notbas kunne gje dei «nothundane» lut å ta med heim (d.v.s. ein del av fangsten). 

Sildesalting på Furenes 

Ludvik Furnes bygde opp store sjøbuer på Furenes for mottak av sild og salting for eksport. Det heile starta i 1915 og varte i nokre år framover. 

Store båtar kom for å hente silda i tønner når den var ferdig til utskiping. og eksporten gjekk for det meste til Tyskland. Vi minnast at fleire båtar var så store og stakk så djupt at dei ikkje kom under land. Lastinga føregjekk då ute på vika og tønnene vart frakta på store flåtar o.l. 

Det var helst vaksne som fekk seg arbeid på Furenes i sildetida, men ein og annan tenåring fekk seg jobb med, og dermed litt lommepengar. Løna var ca. 1 kr. timen. Det var uvant og tungt arbeid for ungguten, så då tønna var full av sild og skulle kulast bort, gjekk det av og til galt og tønna med silda for andre veger. Ludvik Furnes sa aldri noko om det, han hjelpte heller til for å rette opp skaden. 

Nokre damer var og med i gjengen, men dei var for det meste med på saltearbeidet. På den tid måtte silda kverkast før ho kunne eksporterast. Kverkesaks vart då brukt. Store dungar med kverk samla seg, men dette vart gjerne overteke av arbeidsfolket og nytta til husdyra, som kyr og sauer. Etter omattlegging av silda måtte den lakast på ny. Skifting av lake var ein sers viktig operasjon som kravde sine fagfolk. Då som no var det kvalitet som var avgjerande for omsetning og god samhandel med oppkjøparane. 

Det var ein kraftig stimulans at tiltak som sildesalting på Furenes kom i gang desse åra. Det var lite med fortjeneste/inntekt i Brandangersundet elles i denne perioden, så ein 100-lapp var store pengar. 

Nedgangstider kom, og Ludvik Furnes måtte innstille drifta, og store tap fylgde i kjølvatnet. 

Ludvik Furnes 

Eit namn kjem vi ikkje utanom når vi skal skrive om bygdene ved Brandangersundet. Namnet er Ludvik Furnes. Han levde frå 1883 til 1966, og han sette mange spor etter seg i heimbygda si. Mange såg han som eit reint oppkomme av energi og tiltakshug, av godt humør og arbeidslyst. 

Ludvik vart fødd på Furenes. Han måtte ta over farsgarden i ung alder. Garden stelte han godt, men det var langt frå einaste levevegen hans. Han var mellom anna på fraktefart langs kysten. Men skikkeleg fart i det han stelte med vart det då han kring 1915 bygde opp store buer og kaiar på Furenes. Han fekk heile folket i arbeid med sildesalting. Livet på Furenes vart som eit eventyr. 

Utanlandske båtar på 3-4000 tonn kom til Furenes for å henta sildelaster. Furnesen sjølv måtte ut i open sjø for å losa båtane inn Fensfjorden, forbi Sande og inn Brandangersundet. Og «sogningen» klarte seg. Vi veit ikkje om framandkarane måtte læra seg sognemål, eller om Furnesen etter kvart plukka opp nokre utanlandske gloser. Handel vart det i alle høve. 

Men sildeeventyret tok slutt. Ludvik Furnes fann likevel eit anna gull i havet, og det var reka. Professor Hjort hadde funne mykje reke langs kysten, og Ludvik fann ut at her var noko som kunne gje råstoff til ny handel og nye arbeidsplassar. 

Det var to karar med dampbåt frå Haugesund som først trålte etter reker i vår kommune. Desse tok hamn på Furenes, og det var då den initiativrike Furnes,en fekk lysten på dette fiske. Han spurde om å få vere med ein dag, men svaret var nei. Dei såg vel kva som lyste i augo på karen som stod på land. Furnes,en gjekk heim, men han hadde ein plan klar i løpet av natta. Han tok robåten, rodde og segla, og då Haugesundskarane var vel i gang med tråling i Mjømneosen, så var Ludvik i farvatnet. Han fulgte godt med, og noterte seg trålefart. 
Utstyret, notmasker, trålpose og skovlane vart sjekka i mørke kvelden etter at karane hadde lagt seg til ro. 

Han skaffa seg dampbåt, han konstruerte seg sine eigne nøter. Mange driv rekefiske den dag i dag. Men Ludvik Furnes vart den som sette det heile i sving, og han fekk tilnamnet «Rekekongen». 

Rekefiske er ikkje noko enkelt fiske, ein kan ikkje fiske eller tråle kor som helst i ein fjord eller ved kysten. Det er på stader med glatt, fin sandbotn med tilstrekkeleg trålelengde ein kan ta reka. Trålelengde er strekning å tråle på utan knausar og rask på botnen. 

Så var det heile i gong. Båt vart rigga til, nøter rekvirert, montert på kaien, og ein strekte vaiere nordover sundet på Furenes-vika. Gamle komfyren vart tatt ut av kjellaren, sett på dekk, og fyringsved og kål vart lasta om bord. Dette var kokeriet. 

Etter at Ludvik Furnes fekk sans for dette fiske, utvikla næringa seg storslagent på Furnes og elles i ytre Gulen. 

Så kom gutane til. Så snart dei var konfirmerte var det å lære, notbøting, montering, notere seg mé i fjella, nes og holmar. Dei vart fagfolk på området. 

I 18-20 års alderen fekk dei sine eigne båtar, fôr oppetter og nedetter, men mest oppetter kysten. Til Trøndelag, Nordlandskysten, Troms og Finnmark. Det var «Start», «Sleipner , «Kapp , «Delfin» og «Sjøgutt» med dei tre vi kjenner så godt: Håkon, Einar, Leif, Bjarne Furnes og Ludvig og Gerhard Bøe. 

Rekefisket var noko som opptok Ludvik Furnes heilt og fullt. Han reiste heilt opp til Finnmark, og i tillegg til fisket dreiv han laksehandel med samer og finner. Han var mellom anna innom Russland på handelsferd. 

Havfiske hadde han og fått tid til i tidlegare år. To rekefabrikkar, ein i Bjørnør på Trøndelagskysten og ein i Vadsø kom til med hans initiativ. 

Dei som fekk høyra Ludvik Furnes fortelja om ferdene sine, fekk mykje å minnast. Han var ute for mange farlege situasjonar, men han kom alltid heim att. 

Jacob Sæternes hadde og sin reketrålar i desse åra, og Henrik Glosvik kom til med «Solblid». Hans Tredal, tidlegare storbonde, starta reketråling nokre år med. Men desse drog ikkje så langt til vanleg. 

I mange fjordbotnar ligg nok kostbare reidskaper, tapt ved forsøk på god fangst. Men slik er no ein gong fiske. 

Rekebåtane frå Furenes lyser opp når dei velrigga kjem forbi. Det skuldast godt vedlikehald og at interessa for båt og motor er stor. Om du dreg til Måløy, Flora eller Sogndal, ein Furenesbåt vil du finne ved kaia. Og dei er populære når dei kjem til lands med nykokte reker, og måker kring seg. 

Når krigen kom var det ikkje så enkelt å fiske reker på kysten og i fjordane. Men etter at det første urolege krigsåret byrja fiskinga igjen. Ei rik utvikling kom med påbygging av båtane, forlenging, og nye styrehus med bysser. Seinare kom ekkoloddet og radaren og så dieselmotoren. Stim og gass til koking, trålevinsj og blokk vart dreven med motoren. 

Krigstida 1940-45 vart ei spanande tid for Ludvik Furnes. Han kunne ikkje drive fiske som før, avdi kysten var farleg med miner og vrakerestar. Han byrja då med sagbruk, trelasthandel og båtbyggeri. På Fureneset vart det i desse åra påbygd, ombygd og forlengd mange båtar, dei fleste frå 40-60 fot lange. Men eit nybygg vart det og, på heile 70 fot. Denne skuta fekk navnet «Sjøleik», og vart seld som fiskebåt til ein frå Trøndelagskysten. 
Skipstømmermann og leiar for båtbyggeriet var Ragnvald Kalheim, som seinare etablerte seg i Djupevika på Lid. 

Ved sida av båtbyggeriet, som dei faglærte stelte med, nytta Furnesen tida til etablering av kassefabrikk og oppkjøp av tang, som under krigen var ettertrakta til stormøllene i Osterfjorden. 

Etter krigen skaffa han seg ny båt, og var igjen budd på å ha havet som leveveg. Men diverre svikta synet. Skulla han setja seg ned og mysa ut ovet havet ? Nei, Ludvik Furnes, som no var nære på 70 år, plukka fram pågangsmotet sitt att, og starta med reinsking av reker. Det laga seg straks 10-15 arbeidsplassar for kvinner i bygda. Men Ludvik Furnes sjølv var den første som stilte opp om morgonen og den siste som gjekk om kvelden. Det hadde tidlegare ikkje vore avsetnad på reinska reker, men Furnesen fekk i stand prøvesending til Sverige, og seinare vart det eksport. Han vart støtta av firma i Bergen, og store kvanta reker gjekk til eksport frå den vesle bygda i Gulen. 

Ludvik Furnes hadde aldri tid til å ofra seg for politikken. Men han hadde ei hjartesak, og det var veg fram til bygda. Den vegen fekk han diverre ikkje oppleva sjølv. Like før han døydde, sa han til dei som stod ved senga: «Gje aldri opp, stå på!» Og det var noko av hans eige motto for det rike livet han levde. 

Mange av dei som hadde første reis med Furenesbåtane, finn du no i handelsflåten, i marinen, i Veritas, ja attpå til i USA og Canada. Dei fekk med seg ei fin tid på fjordane og norskekysten med reketråling. Ei tid med godt samhald, mykje arbeid, men allikevel meiningsfullt. Det er ikkje lenger det gode fiske på fjordane, og båtane ligg mykje i ro. Dei ventar og, kan hende på betre tider. 

Fortøyningsboltar på holmar og skjer finn vi den dag i dag. Dei fortel si soge om den gongen Furenes var eit handelssenter. 

Minner frå heimstaden Furenes 

Eg vaks opp i Fureneset der far min var handelsmann. Minna frå barne- og ungdomstida er naturleg nok prega av den heimen eg vaks opp i. På den tida var familiane meir samansveisa enn dei er i dag. Det foreldra stellte med, angjekk barna på ein heilt annan måte enn det ville ha gjort i vår tid. Det at far min var handelsmann, var i praksis det same som at heile familien var ein handelsfamilie. Ungane måtte ta del i livet på butikken frå dei var i stand til å knyta sine eigne skoreimer. 

Eg fekk rutebåttidene, mjølkeprisane og brødprisane inn med morsmjølka. Minna frå Fureneset vert nok sterkt prega av at eg opplevde verda frå innsida av disken, om ein kan bruka eit slikt uttrykk. 

Rutebåten var vår kontakt med omverda. Vegen kom først etter at eg var flytta heimanfrå. Ulet som varsla at båten var i anmarsj, vart og signalet til guten om å ta flaggermusløkta og gje seg i veg til kaien. Der møtte vi dei kjende andleta om bord,og dei ombord såg med glimt i augene på oss gutar som sprang føtene av oss for å ta trossa mest mogelegt elegant, utan å få ho «i fleisen». 

På kaien var det ikkje berre gutungar. Heile bygda var på beina, sjølv om dampen kom seint på kvelden. Der stod dei i strikkejakkene sine, kallane gjerne litt sidrumpa, og følgde med i alt som vart lasta og lossa. Og ikkje minst: Kven som reiste og kven som kom. Stundom kom det byfolk på vitjing, med merkelege klede og ei annleis framferd. Men det var berre spanande og slik det skulle vera, tykte vi. 

Eg minnest dei svære raude brødkassane frå Hestdal på Litlebergen. Dei vart lossa med omtanke, for brøda var noko vi stunda etter. Vi ungane hadde jobb med å finna fram brødposar til dei som skulle ha brød med seg heim att om kveldane. Og eg minnest enno den velsigna gode lukta. Det undrar meg at brødet kunne lukta så omnsferskt etter fleire timars transport. Og så dei skillingsbollane. Dei var digre som tallerkenar. Den gongen spara dei ikkje på mjølet. 

Men dampen romma mykje meir enn brødkassar. Frå det godhjarta lasterommet vart det lossa mjølsekker, salt, parafin, kaffi og mais til hønsene. Og det kom i land tobakk til mannfolka, sysaker til kvinnfolka, kloggar og støvlar og mykje, mykje meir. 

Og på butikken måtte alt stablast på plass. Vi hang det under taket og vi stuva det inn i krokane. Og vi måtte ha litt av eit minne for å hugsa kor alt var stabla vekk. Men sjølv om vi stort sett hugsa kor den minste ting var å finna, så hende det likevel at det dukka opp overraskingar når vi ein og annan gong hadde storopprydning. Vi må nok seia at det vart ein god del meir svinn i butikkane enn det er i dag, med oversiktlege reolar og hyller, og med færre vareslag å halda styr på. 

På eit vis var butikken som eit lite torg, der vi ungane sat på sidelina og følgde med folkelivet. Og det var mange som slang innom. Når eg tenkjer på det no, var folk meir ulike den gongen. Dei var kvar for seg meir originale, folk fekk utvikla sin eigen stil utan påverknad frå korkje TV eller radio. Og det var ikkje grå kvardagsmenneske som stod framfor disken. Når eg no ser attende, kunne ein reint sosialt dela dei opp i fire kategoriar: Fiskarar/gardbrukarar, kårfolk, arbeidsfolk og til slutt folk som levde på fattigkassa. 

Eg har mange såre minne om dei som levde på fattigkassa. Dei hadde store problem med å få den månadlege stønaden til å rekkja i hop, og det var som oftast mange munnar å metta. Handelsmannen måtte stundom plukka vekk varer som var lagt fram på disken når ikkje tilskotet frå kommunen strakk til. Det var ikkje trivelegt å sjå slikt, korkje for ungane bak disken, eller for dei ungane som måtte gå den tunge gangen til handelsmannen utan å ha noko å betala maten med. 

Elles opplevde vi butikken som eit knutepunkt for bytehandel. Folk kom til handelsmannen med smør, egg, gamalost, spann, ambarar, fisk, sild, tresko, ull, filler, og skinn. Det var mange gonger livlege ordskifte før prisane vart fastsett. Og stundom hende det at folk tok varene sine med seg att, og slong døra att etter seg i storsinne. 

I Brandangersundet var heimeindustri med produkta kiper og gavlar svært dominerande. Frå dette distriktet vart folket på kysten frå Haugesund i sør til Måløy i nord forsynt. Reketrålaren Delfin vart kvar vår lasta for vidaresalg til handelsmenn på Strilelandet, Øygarden, Sund og Austevoll. 

Utanfor butikken levde bygda sitt eige liv. I byrjinga av veka gjekk rekebåtane ut på feltet tidleg om morgonen, og dei kom att i slutten på veka. Andre båtar kom og för, alle hadde sine ærend dei skulle utføra. Vår båt vart kalla «Bukken» på folkemunne, enno om han heitte «Rolf». Det var ein tendens til at båtane fekk «utnamn», og dei namna var ikkje alltid smigrande. Namn som «Bukken», «Geita», «Brya» og «Råtestokken» var å finna på dei båtane som eigde heime i Brandangersundet, sjølv om eigarane hadde gode namn på dei. 

Det vart eit svare liv då fisket etter brisling og småsild (mussa) var på sitt beste. Då kunne det vera 30-40 notlag i Brandangersundet på ein gong. Om det var mest kav på sjøen eller på land skal vera usagt. Det var i alle høve eit eventyrleg liv. Når eg no ser att Brandangersundet er mykje av eventyrglansen forsvunne. Eg er byrja å dra på åra, eg har ikkje barneaugo å sjå livet med. Men det er i alle høve sikkert at livet i sundet er mykje stillare enn det var. Og folk er blitt meir like kvarandre, originalane er vekke. 

Likevel er eg knytt til Brandangersundet med solide røter. Den oppveksten eg hadde har gjeve meg noko ingen kan ta i frå meg. Det er godt å ha rike minne om den staden ein vaks opp. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no