Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

             
Dyktige jordmødre på Mjømna 
Forfatter: A.F
Publiseringsdato: 30.10.2002


Emma Iversen f. Rasmussen

Jordmor Emma Iversen f. Rasmusen 5/1-1898 var frå Vaksdal. Etter å ha hjelpt bror sin på garden hans, reiste ho til Bergen der ho tok utdanninga si som barnepleierske og sidan jordmorskulen. Ho var jordmor i Lavik distriktet nokre år. Så søkte ho stillinga som jordmor til Mjømna og kom her til 2. februar l929. 

Overtok stillinga etter svigermor 
Det viste seg seinare at jordmora ho søkte den ledige stillinga etter, vart hennar svigermor, Marie Knutsdotter Kvist frå Vik i Sogn som var med dei første jordmødre her i distriktet til 1929. Marie var gift med Gjert Iversen Mjømna som var den første som dreiv handel her på Mjømna. Ho døde i 1939. 

Emma vart gift med sonen til Marie og Gjert, handelsmann, postopnar og D/S ekspeditør Alf Iversen. Dei fekk 3 døtre. Emma Iversen hadde heile ytre distriktet. med rekna Brandangersundet, men vart ofte henta av folk lenger inne i fjordane. 

Fødsler spør ikkje om tid, ver og stad 
Det var ikkje alltid like enkelt å ta ut i allslags ver for jordmora vinternatta i snøstorm og kuling. Fødslane skjedde som oftast om natta. Den første tida som jordmor vart ho henta i robåt. Emma i bakskoten i saueskinpels og karane rodde på spreng for å komme tidsnok. Seinare vart det båt, med hus (lugar), men sjø og uver var ikkje roligare for det. Det var ikkje enkelt forbi Kittelsneset mot Fensfjorden i kuling. Så ho fekk mang ein “blå bak”. 

Det var ikkje bruer eller bilar i hennar tid. Før ho reiste “på jobb” sa ho til oss barna at me måtte be for ho at det måtte gå godt. Og det har det gjort. for ho hadde ingen av konene som døydde i barsel. 


Marie Knutsdotter Iversen f. Kvist 

Ei natt rutebåten Værøy var på veg frå Bergen ringte telefonen: “Er jordmora heime? Me har ei kone om bord som treng jordmor. Er no på Fensfjorden på veg til Mjømna”. Dette paret skulle til Solund på besøk, men hamna på Mjømna. Det vart ein stor fin gut som vart fødd her. 

Ein gong kom eit ungt “splintepar” om natta og banka på døra. Kona var sjuk og trengte sårt jordmorhjelp. Mor var ikkje heime, var nett reist på ferie. Berre me barna og ei butikkhjelp var heime, og kva kunne me gjera? Måtte på bygda etter hjelp, medan me venta på “nabo jordmora”. Om morgon ringte me til mor at me hadde ei barselkone i huset. Ho kom heim om kvelden. 


Ein typisk skyssbåt i tidlegare år.

Ei natt skulle ho til Lid. Det var eit forrykande ver så skyssbåten gjekk berre til Tunsberget. Derifrå måtte ho gå over fjellet til Lid med jordmorkufferten i ei hand og lommelykta i den andre. Men heldigvis gjekk det godt. 

Fødestove i eigen heim 
Frå 1951 tok Emma mot fødande kvinner i heimen sin. Hadde då ei fødestove og det var veldig “populært”. Så mang ein guling-suling vart fødde her. Det kunne vere opptil 2-3 fødande som var her og til dei reiste heim glade og fornøgde med barnet sitt. Mange av konene kom til ho for undersøkelse i svangerskapet, og ho kunne ofte sei om det vart gut eller jente. 

Elles reiste mor rundt på ymse stader og vaksinerte barna for “koppar”. helst om vår/sommaren. Av og til fekk me barna vere med. 
Mor (Emma) likte godt å strikke og brodere og var med i kvinneforeiningane her. 
Mor var glad og lett til sins og var godt likt av pasientane sine og av folket her. 

Aktiv til det siste 
Mor døydde plutseleg av hjerneslag. Samme dagen kom det ein kar for å hente ho til kona si som skulle føde. Han fekk nesten sjokk, som me andre. 

Emma Iversen var jordmor i distriktet her i 35 år, frå 2/2-1929 til ho døde 28/7 - 1964. 
--------------------------------------------------------- 
Kjelde: Denne historia er fortalt til Ingolf Austgulen - og henta frå heftet MJØMNA OG ØYANE. (2002) 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal