Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Dristige menn - dristige operasjoner
Forfatter: Ingolf Austgulen
 Publiseringsdato: 20.08.2002

Toralf Sande hadde verkstad og slipp i Eivindvik. Her starta han opp i 1929. Alle som hadde trong for å få noko reparert, det vere seg bønder som båtfolk, søkte smeden og slippen i Eivindvik. 

Toralf Sande var ein hjelpsam mann og ein ekte «jøssing» frå første dag den 9.april 1940. 

Han var fagmann både i smedyrket og i mekanisk arbeid, og hadde tidlegare vore tilsett i Televerket som m.a. «toppmann», d.v.s montering i stolpane. Kurs ved Kongsberg Våpenfabrikk hadde gjeve han kunnskap om våpen av ymse slag. 

Sande var på mange felt involvert i illegalt arbeid i krigsåra 1940-1945. Han gøymde unna ein radio og lytta på England ei god stund, noko som var strengt ulovleg og kunne føre til arrestasjon. Radioen vart gøymd i potetkjellaren, i ein tom eplekasse, blant ein stabel fulle potetkassar. 

Sande vart heller ikkje spart for Gestapo sine rassiar. Dei var hjå Sande og sjekka overalt, også i potetkjellaren. Her gjekk dei over kassane, men til alt hell vart ikkje radiokassen plukka ut og kontrollert. Gestapo sine folk stod nær radiokassen medan Sande stod ein to-tre meter unna og bivåna det heile i sterk spenning. Det vart etterkvart ei sterk påkjenning, og fru Sande likte ikkje alt det som radiolyttinga førte med seg. Sande tok difor apparatet med seg til kyrkja. Her vart ein kjellar under sakristiet brukt til lytterom. 

Men folkesnakket skulle ein passa seg for under krigen. Sjølv om Sande var både kyrkjetenar og gravar og hadde eit arbeid å gjere ved kyrkja, merka folk seg at han gjekk ofte opp dit. Det vart igjen flytting av radioen, denne gongen til ei hytte på ein holme. I hytta kom det rotter inn. Dei gjekk laus på radioen og etter ei stund vart den stum. 

Illegalt arbeid i Gulen

I Eivindvik var det fleire som var involvert i illegalt arbeid. Lensmannen Jacob Eikenes, som var nær nabo til Sande, motarbeidde okkupantane det han kunne. Og distriktslegen i Gulen, Hallvard Natvik, var sterkt engasjert i arbeidet for å hjelpa rømlingar til Shetland. Meir enn andre stader langs kysten, kom og gjekk båtane mellom Shetland og Solund. Den innsatsen som øyfolket i Solund gjorde i krigsåra redda mange liv. 

Sande var ein god medhjelpar og kontaktperson i denne tenesta. Men til slutt hende det som alle frykta. Sande vart arrestert. I Sogn vart ei stor gruppe i det illegale arbeidet opprulla og Sande avslørt som kontaktmann i Ytre Sogn. 

Gestaposkøyta kjem til Eivindvik med 30-40 arrestanter frå Kaupanger og Sognefjordsområdet. Fangane vart sende vidare til Bergen. Dei sat stua i rommet på båten medan Gestapo sine folk heldt vakt på dekk. Det var ein svært nervøs stemning ombord. 

«Hitra», «Vigra» og «Hessa» var dei hurtigaste, norske marinebåtane. Desse båtane gjorde strandhogg langs kysten og med den høge farten dei heldt, var dei ikkje lette å angripe eller stoppe før dei drog til havs att. 

Fangane ombord i Gestaposkøyta hadde høyrt rykte om at ein av desse båtane ville kapre dei på veg til Bergen. Dette var grunnen til noko av spenninga ombord. Om kvelden kom ein båt tett opp til skøyta og fangane merka at det vart oppstyr på dekk med bråk og våpenrasling. Men noko kapring vart det ikkje, slik dei hadde vona. Kanskje det var til fangane sitt beste. Det kunne vorte kamp ombord, på dekket og i fangerommet. Det vart ei lang reise til Bergen, omlag 15-16 timar. 

For å skjule transporten, vart fangane sett i land ved slaktehuset i Sandviken. Kamuflerte bussar stod klar på kaien for å køyre dei til Gestapohuset i Veiten. Her venta harde avhøyringar med tortur og andre sterke midlar, spesielt for leiarane, som sat hardast i det. Deretter vart dei kasta inn på trange celler i Bergen Kretsfengsel. 

Nokre dager etter at dei var plassert i fengselet, kom Gestapo med ein av gruppeleiarane, Olav Riise frå Leikanger. Han var så ille medfaren at han døydde nokre timar etter. 

Fangane vart flytta frå Bergen Kretsfengsel etter nokre dager, til Espeland fangeleir, der dei vart verande til freden kom 8.mai 1945. Men tida på Espeland, vart hard for fangane. Leirkommandanten var ein sadist som likte å straffe og pine fangane. Det vart mykje straffeeksersis og straffearbeid for fangane enkeltvis og i grupper. Men han fekk sjølv straff etter krigen, då han fekk dødsdom for sine handlingar. 

Fleire arrestasjonar venta 

Heime i Gulen gjekk mange spente på om det snart vart deira tur til å bli henta til avhøyr. Ein av desse var Einar Furnes som hadde reketrålaren «Kapp». Han hadde avtale med Toralf Sande om å halde eit oljedepot for «rømningstransporten» til Solund. I tillegg gjekk han skyssturar, med personer i illegalt arbeid. 

Men Toralf Sande greidde å halde Furnes utanfor under avhøyra. Etter fredsslutninga kom det fram at Gestapo i Sogn hadde vore på jakt etter ein fiskekutter som opererte som ordonansebåt. 

Einar Furnes hadde til og med vore ein tur innover i Sognefjorden med ein viktig person i motstandsrørsla. Denne mannen måtte kome seg til Sogndal i eit svært viktig oppdrag. Sterk kuling hindra «Kapp» i å gå innover Sognefjorden, så mannen vart sett i land i Leirvik. Med hjelp frå dei «rette» personane, kom han seg til Sogndal landevegen. På dekket til «Kapp» stod det oljefat merka Sande, Eivindvik. Einar Furnes hadde flaks, som ikkje vart stogga, og med det slapp arrestasjon. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal