Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Englandsfarere, handelsflåten og marinen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 07.09.2002

I året 1941 strammar det seg til på mange felt i Norge. Arrestasjoner av motstandsfolk rundt om i landet aukar på. Ein venta og vona på invasjonen som skulle kome frå England, men vona om den vart mindre etter som tida gjekk. Sterke rykte gjekk om innkalling av den norske ungdomen til pliktteneste for okkupasjonsmakta. Ein kunne ikkje sjå bort frå at ein og kunne bli send til fronten saman med dei tyske troppene. 

På Byrknes gjekk der ein del ungdomar av «beste kaliber», og desse kom saman for å drøfte situasjonen. Nokre av dei hadde vikla seg inn i illegalt arbeid. Dei hadde hjelpt folk på flukt vestover, og elles andre ting dei kunne bli straffa for. Dei fleste av desse ungdomane var i 20 års-alderen. 

No bestemmer dei seg, dei vil fare til Shetland! Motivasjonen er klar, dei vil vere med å delta i motstanden der borte frå, i von om at vi snarare kunne få ut hærmakta heime i Norge. Trygve Birknes er berre 18 år på denne tida, men han har alt sin eigen motorbåt, og er sjølv ein dyktig kar på sjøen. Båten til Trygve vert gjort klar til overfarta. Utstyr til motor og båt vert lasta ombord, og den 15. august 1941 går «Notmann» SF 255 G ut frå Byrknes. Dei «smyg» seg forbi holmane og set kursen for Shetland. Ombord er der i alt 10 ungdomar, og båteigaren er truleg den yngste som til då legg ut på ein dreg slik «seilas». Ut til det ukjende, fulle av optimisme og kampvilje. Nokre kom inn i den norske marine, andre i handelsflåten. Dei fekk så visst prøve både viljen og modet i tida som kom. To av ungdomane, Trygve Birknes og Knut Edvardsen vart mannskap på den prektige jagaren «Svenner» som den norske regjeringa i London hadde skaffa seg. Jagaren «Svenner» var i første linje ved invasjonen på Normandie-stranden men vart torpedert nær stranda og sokk på kort tid. Ombord i jagaren var der 230 marinesoldater, og av desse kom der bort i alt 34, men dei 2 frå Byrknes redda livet. 

Det lyser respekt av handlinga til dei som drog frå Byrknes. Dei ofra sine beste ungdomsår, med tap av m.a. utdaning, som andre i det vesentlege fekk med seg sjølv om det var krig. Nokre av dei kom aldri heim att. Dei sette livet til i kampen for fedrelandet. Etter fredslutninga i 1945 fekk dei fleste sine velfortente medaljer. Nokre av dei frå Byrknes vart blant dei mest dekorerte i så ung alder. 

M/B «Notmann» - SF 255 G - drog frå Byrknes 15. august 1941 med 10 personar og kom til Lerwick 16. august. Skipper og eigar av båten var Trygve Birknes. 

Desse var med: 
Trygve Birknes, Byrknes. 
Knut Edvardsen, Byrknes. 
Ragnvald Haugen, Byrknes. 
Peder Sletten, Byrknes. 
Håkon Karlsen, Byrknes. 
Georg Lydersen, Byrknes. 
Olav Wagtskjold, Bergen/Byrknes. 
Sundt, Bergen. 
Strand, Bergen. 
Norli, Bergen. 

Handelsflåten 
Med over 1000 norske skip i alliert teneste. 

Folket i kystsamfunna har alltid vore vestorienterte - mot havet, fiskebankane, Shetland og Island. Den norske handelsflåten har alltid hatt stor rekruttering av ungdomar frå Vestlandet. 

Familiane til dei som var i utanriksfart vart sjølvsagt svært ottefulle då krigen braut ut i 1939. Dei hadde søner og ektemenn der ute... Etter at Norge vart okkupert i 1940, og heile den norske handelsflåten gjekk i dei allierte si teneste vart det ei fæl tid. Båtar vart torpedert utan varsel. Det var ingen ting som heitte å ta omsyn til dei som var ombord. Det var dei norske lastebåtane som frakta det meste av alt krigsmateriell som måtte fram, og mest all frakt av olje og bensin frå USA over Atlanteren til England vart ført på norske «kjøler». Mange norske skip gjekk til botnen etter torpederingar. Ein del av sjøfolka redda seg i livbåtar og på flåtar. Etter at desse var komen til alliert havn igjen var det å mønstre på nye båtar til nye oppdrag på dei store hav. Den norske handelsflåten med sine over 1000 skip hadde den aller største betydning, og vart utslagsgivende for at kampen vart vunnen. 

Frå Gulen var det mange som var med på fleire torpederingar og skipsforlis av andre årsaker, men som overlevde. Etter mange år fekk dei kome heim i 1945. Tapet av sjøfolk i handelsflåten var stort. Frå Gulen var det familier som misste to av sine søner i denne farten. Desse var brørne: Adolf og Harald Sande, 1941, og Gunnar og Adolf Byrknes, 1940-41. 

Liste over dei som kom bort i den norske handelsflåten frå Gulen og Brekke. 

Krossvoll, Klaus Olsen, maskinist, Gulen. Født 17. desember 1918 i Gulen, s. av Ola Klausen Krossvoll, f. 1883 i Gulen, d. 1920 s. st., og Sygni Sørensdatter f. Kjelby, f. 1888 s. st. Middelskole. Var maskinist på svensk D / S «Rudolf», og omkom 3. desember 1939 då skipet sank etter eksplosjon forårsaket av mine eller torpedo utenfor Englands kyst. 

Byrknes, Gunnar Mikalsen, sjømann, Gulen. Fødd 11. mai 1918 i Gulen, s. til Mikal Andreassen, f. 1871 i Austrheim, og Amalie f. Søreide, f. 1884 i Fjaler. Var motormatm på M/S «Norne» og sette livet til 1. august 1940 då skipet var torpedert utanfor Pentland Firth. Broren Adolf mista livet på sjøen 1941. 

Takle, Ivar, fyrbøter, Gulen. Født 19. september 1900 i Brekke, s. av Ola Nes. d. 1940 i Brekke, og Ingeborg f. Takle, f. 1872, d. i USA. Var fyrbøter på D/S «Diana» som gjekk frå Milford Haven 26. september 1940 og forsvant på reise til Plymouth. Vrakgods fra skipet dreiv i land 7. oktober 1940. 

Villesvik, Jakob Amandus, lettmatros, Gulen. Født 7. februar 1918 i Gulen, s. av Nikolai Råke, f. 1897 i Solund, og Matilde f. Villesvik, f. 1894 i Gulen. Var på D/ S «Samnanger», og omkom 21. desember 1940 då skipet blei torpedert av tysk u-båt i Sør-Atlanterhavet, på reise frå Oban til Sierra Leone. 

Sande, Adolf Leonard, tømmermann, Gulen. Født 28. september 1913 i Gulen, s. av Andreas Bertin Johansen Sande, f. 1884, og Elina Josefine Hansdatter f. Kittelsvik, f. 1885, begge i Gulen. Begynte som sjømann på fylkesbåtane i Sogn og Fjordane, og drog i utenriksfart i 1938. Seilte i alliert fart til han falt overbord og druknet 26. februar 1941 under ein storm, då skipet var på vei fra Bermuda til Europa. Broren Harald omkom same året. 

Sande, Harald August, fyrbøter og donkeymann, Gulen. Født 12. november 1909 i Gulen, s. av Andreas Bertin Johansen Sande, f. 1884, og Elina Josefine Hansdatter f. Kittelsvik, f. 1885, begge i Gulen. Var fleire år lemper og fyrbøter i lokalfart, og drog i utenriksfart 7. april 1940. Segla i alliert teneste, og omkom 13. mars 1941 då D/S «Samlanes» blei minesprengt ved Lizard Head, Comwall. Broren Adolf omkom same året. 

Byrknes, Adolf, sjømann, Gulen. Født 2. juni 1921 i Gulen, s. til Mikal Andreassen, f. 1871 i Austrheim, og Amalie f. Søreide, f 1884 i Fjaler. Var fiskar til han drog til sjøs 1939. Gjekk i alliert teneste. Sette livet til 2. mars 1941 då D/S «Augvald» vart torpedert i Nord-Atlanteren. Broren 
Gunnar mista livet på sjøen i 1940. 

Midttun, Hjørleiv, radiotelegrafist, Fana. Født 13. juni 1907 i Gulen, s. av Otto J. Midttun. f. 1854 i Gulen, og Nikoline f. Mølmesdal, f. Lavik. Gift 1938 på Nesttun med Ellina Forthun, f. 1912 i Bergen. Folkehøgskole, radioskole. Var radiotelegrafist på FL /K «Kosmos II», som då krigen braut ut, gjekk til England og seinare seilte i alliert fart. Omkom 28. oktober 1942 då skipet blei torpedert på vei fra New York til Clyde. Broren Johan ble vart henretta i 1941. 

Byrknes, Endre Bernhard Einebærholm, fyrbøtar, Gulen. Fødd 26. januar 1918 i Gulen, s. til Kristoffer Einebærholm, f. 1889 i Gulen, og Anna f. Birknes, f. 1894 s. st. Drog fil sjøs 1939, og var ute under heile krigen i handelsflåten. Var med på tre torpederingar, to gonger 1940 og ein gong 1943. Miste livet 27. februar 1946 på D/S «Hodnaberg» då skipet gjekk ned utanfor Hals ved danskekysten etter minesprenging. Gravlagd i Gulen. 

Med norske skøyter og norske marinefarty i krigsoperasjoner. 

Mange av dei som valgte å fare vestover - og dei som måtte flykte på grunn av motstandsarbeid kom inn i den norske marine. Skøytetrafikken mellom Shetland og Norge var - som vi veit stor. Her var det bruk for karar som var dugande til sjøs. Mange frå Byrknes var med her - også på marinefartya fann dei sin plass i teneste for landet vårt. Den norske regjeringa i London hadde etterkvart fått utbåtjagarar og større krigsfarty med i den norske marine. 

Torpedering, minesprenging og flyåtak sende mange av desse skipa til havsens botn - og folket med. Vi veit at mange av dei unge modige menn aldri kom heim. Dei fekk ei våt grav. Takk vere dei vågale turane over Nordsjøen som desse var med på, vart mange av deira landsmenn redda unna «herrefolket» sine arrestasjonar og tortur. Ved sin innsats, mot og vilje var dei med på å gi oss freden attende i 1945. 

Navn på dei som sette livet til: 

Sletten, Peder Reidar, dekksmann, Gulen. Fødd 27. januar 1921 i Gulen, s. til Bertin Bergesen Sletten, f. 1889 i Lindås, og Anna, f. Pedersen, f. 1887 i Gulen. Dreiv gardsarbeid og fiske og hjelpte flyktningar å koma over til England. Måtte sjølv røma til England 1941 og kom inn i den norske marine. Sette livet til 18. november 1942 då korvetten «Montbretia» krigsforliste i Atlanterhavet. 

Byrknes, Arthur, fiskar, Gulen. Fødd 1. september 1917 i Gulen, s. til Lyder Andreassen, f. 1882, og Sina f. Sørensen, f. 1890, båe i Gulen. Var med i kampane i Valdres 1940. Drog til England 1941 og vart send i serleg ærend frå Scalloway på Shetland til Noreg. Kom bort med skøyta «Sandøy» på veg til Noreg i desember 1942. Båten vart truleg søkkt av tyske fly utanfor Træna. Omtala saman med broren Georg i Bergens Tidende i januar 1945. 

Byrknes, Georg Norvald, fiskar, Gulen. Fødd 9. oktober 1921 i Gulen, s. til Lyder Andreassen, f. 1882, og Sina f. Sørensen, f. 1890, båe i Gulen. 
Drog til England 1941 og gjorde teneste i Den norske marinen der. Sette livet til 4. januar 1943 då minesveiparen «Bodø» gjekk på ei mine utanfor Aberdeen etter tokt på norskekysten. Omtala saman med broren Arthur i Bergens Tidende i januar 1945. 

Birknes, Olav Leonard, sjømann, fisker Gulen. Født 7. desember 1906 s. st., s. av Karl Severin Endresen, f. 1871 i Gulen, og Martha f. Torbjørnsdatter, f. 1870 i Bremnes. Var matros på M/S «Uranus» av Bergen. Dro til Shetland på en motorskøyte i mai 1941, tok med seg ein gestapist fra Bergen. Kom inn i Den norske marine. Omkom 22. april 1943 på tilbakeveien til Shetland etter eit tokt på norskekysten med motorskøyta «Gullborg». 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal