Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Evakuering frå Bergen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002

Ludvig Bøe frå Furenes i Gulen var vaktsoldat på Bergenhus Festning under krigsutbrotet 9. april 1940. Han opplevde det slik : Tidleg om morgonen vart det mykje aktivitet på festninga. Dei tyske frigsfartya hadde teke seg innover mot Bergen. Festninga på Kvarven hadde ikkje makta å stoppe dei. 

På Bergenhus var det ikkje stasjonert militære styrkar, berre vaktmannskap. Regimentet IR-9 og Stabskompaniet med fleire hadde sine administrative kontor her. Vaktmannskapet fekk ein heller travel jobb med å redde unna viktige militære mobiliseringskartotek m.m. Minst mogeleg av dette måtte hamne i fiendens hender. 

Ludvig Bøe var no på eiga hand og måtte ta sine eigne slutningar, m.a. om han skulle la seg ta til fange eller kome seg unna. Han stakk av, tok seg innover Tyskebrygga, smatt inn i ein skipshandel som selde klær og kjøpte seg ein diger kjeledress. Denne trakk han utanpå uniforma og stakk militærlua i lomma. I kjeledress vandra han vidare innover torget for å finne ut av situasjonen dei første timane av krigen. 

Folk ville bort frå Bergen 

Han vart snart klar over kva som var viktig å foreta seg, kva som ville hjelpe folk slik situasjonen var. Bombinga av dei tyske krigsfartya var alt i gang. Båtar som låg rundt hamna, ved Skoltegrunnskaia og ute på fjorden, var viktige mål for dei allierte. Dei engelske flya fekk treff og senka den store kryssaren Kønigsbreg. Dette tapet hadde nok tyskarane ikkje rekna med. 

Ludvig Bøe fekk det for seg at han måtte ha tak i motorkutteren sin Delfin som låg på Furenes. Med den ville han straks ta til med å evakuere folk, gje dei hjelp til å kome seg ut av byen. Bort frå den store faren som hadde meldt seg med bombing og andre krigsoperasjonar. 

Same dagen som krigen braut ut, 9. april 1940, hoppa han ombord i ein fraktebåt som skulle nordover til Sognefjorden. Han kom seg heim, starta opp Delfin og drog attende til Bergen for å kome i gang med å frakte folk bort frå byen. Han hadde fått med seg nokre familiemedlemmar som ville hjelpe til. 

Det varte ikkje lenge før dei hadde full last ombord, med folk som ville nordover til Gulen.området. I rommet hadde dei proviant til handelsmenn i Gulen, som ville ha tak i mest mogleg forbruksvarer i den spente situasjonen. 

Grossistane hadde heller ikkje noko i mot å få mest mogleg ut frå sine lagre, då ein god del av desse var plassert i områda rundt Byvågen. Risikoen for brann var overhengande. 

Det vart mange turar både til og frå Gulen. Dei gjekk sørover til byen om kvelden og natta, utpå ettermiddagen gjekk turen attende nordover. Farefulle turar forbi minefelt og andre områder der ein kunne sette livet på spel. 

Forbruksvarer i alle variantar fekk dei med seg på turane, til stor nytte for handelsmennene i Gulen. Likeså kundane, som ville sikre seg mest mogeleg av alt. Ein visste jo ikkje noko om utfallet av krigen som no var komen tett inn på. 

Alle som var så heldig å få vera med Ludvig Bøe ut av byen, følte seg svært letta og var svært takksame for det initiativ og den vilje til å hjelpe, som han og hans mannskap viste. 

Sikre matvarer i nord 

Etter eit par veker, vart Ludvig Bøe kontakta av salssjef Botolf Sandnes hjå daglegvaregrossisten J. E. Mowinckel i Bergen. Sandnes var frå Nyborg i Gulen og kjende Ludvig frå tidlegare og visste han var godt kjend nordover kysten. Då han vart kalla inn til grossist-kontoret, var alle sjefane i firmaet med for å diskutere. Ludvig vart fortald at J. E. Mowinckel og mange andre grossistar hadde sine engroslagre i Bodø og byane nordanfor. Trondheim var alt hærteken av dei tyske troppane, men Bodø var framleis fri. 

Oppdraget gjekk ut på å dra nordover med salssjefen for Nord-Norge, Botolf Sandnes og prøve å sikra seg nordlandslageret, disponere varene på lageret slik at dei ville kome til nytte for norske borgarar i nord. Dei rekna med at tyskarane hadde planar om å beslaglegge varer av dette slaget, for dei hadde mista ein god del i overfarten frå Tyskland, frå Skagerak og nord langs kysten. Med på denne turen var og bror til Ludvig, Gerhard, som var veteran frå fraktefart langs kysten, og svogeren Alf Nerdahl. 

Ludvig og Gerhard var også godt kjende i fjordane langs kysten, då dei hadde dreve mykje med reketråling og kjende godt til både ytre og indre leier. Dei smaug seg nordover, prata med folk på handelsstadane for å få kjennskap til kvar tyskarar og våre eigen heldt seg, og så staka ut kursen. Dei passerte allierte, tyske og norske båtar langs kysten og spenninga var ekstra stor då dei freista å gå klar dei tyske vaktfartya. 

Risikabelt var det og med dei mange minefelta langs kysten. Eit feilskjær ville kunne få store konsekvensar. Det gjekk bra, dei kom fram til Bodø og oppdraget deira vart fullført med godt resultat. Leiarane i firmaet Mowinckel i Bergen var godt nøgde. 

Den 27. mai vart Bodø by bomba i grus av tyske fly. Delfin var framleis i byen, mannskapet gjekk frå borde og la seg under betongkaia i havna. Ludvig var oppe i byen, men måtte ta beina fatt og kome seg ned til havna att og slutte seg til flokken som heldt seg i skjul for bombene. 

Gulingane klarte seg, men Bodø vart fullstendig jamna med jorda under dei massive angrepa. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal