Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Senkinga av lastebåten «Ferndale» i Krakhellesundet
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002

Det var ofte krigshandlingar i traktene ved Ytre Sognefjorden. Her var det mange skipsleier som kryssa kvarandre og trafikken av båtar på veg syd og nordover var tett. Engelske fly var rett som det var på farten for å ta båtane, spesielt dei som frakta krigsmateriell. I oktober 1944 fekk ein 10000 tonnar oppleva eit slikt angrep ovanfrå. 

Skipet heitte «Ferndale» og var heimehøyrande i Oslo. Etter angrepet måtte dei prøva å finna ein stad å landsetja båten. Dei søkte inn i Krakhellesundet, men landskapet her er lite egna for slikt. 

Dei valde ein holme, Seglsteinen, i sundet. Medan båten la seg til der, kom på ny tolv fly frå Air Force for å fullføra «verket». Dei vart møtte av seks tyske fly og det vart harde trefningar. Eit av dei engelske flya vart skote i brann og styrta i fjellet på Losna, og flygaren omkom. «Ferndale» var lasta med poteter frå Polen og var på veg nordover til dei tyske festningsanlegga i Nord-Norge. Potetlasta i «Ferndale» vart eit kriselager for folk i Solund og i traktene omkring. Om kveldane tok folk seg utover til båten, og med lykt sorterte dei og henta ut dei beste potetene, dei som ikkje var skada av sjøvatn. Andre brukbare varer, som maling o.l, vart og henta opp etterkvart. 

Framleis ligg det att store delar av skroget til denne kolossen frå Oslo. Sportsdykkarar har hatt mange spanande turar ned i båten for å granska det som var igjen der. For nokre år sidan kom familien til flygaren som omkom i Losnefjellet til Eivindvik for å sjå staden der krigen tok ein av deira kjære. Dei etterlatte kom heilt frå Australia til Gulen for å minnast den unge flygaren. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal