Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Flyangrepet på rutebåten «Gula»
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002

Rutebåten «Gula» gjekk frå Bergen 14. november 1944 i rute B2 til Førdefjord og Dalsfjord. Ombord var det omlag tretti passasjerar, to av dei born. Været var lettskya og fint. Styrmann og los overtok vakta litt før klokka to. «Gula» låg då rett syd for Mjåneset. 

Då «Gula» la kursen mot Krakhellesundet, kom det fly nordfra, rett mot skuta. Klokka var ti minuttar over to om ettermiddagen. Det første flyet slapp nokre lyssignal og dukka ned mot båten. Dei første skota traff i sjøen framfor skuta så skumsprøyten stod. Dei prøvde og varsle med eit kvitt laken mot flya, men det var fånyttes. Fraktebåten «Sardinen» vart og angrepen av flya. 

Flya gjekk på nytt til åtak. Til saman seks gonger. Etter fjerde gongen var panikken i ferd med å bryte ut blant passasjerane. Dei ville ut for å kome seg i livbåtane. Losen stilte seg i utgangen for å hindra passasjerane i å storma ut på dekk der det hagla med kuler. Livbåtane vart gjennomhola. Snora til damskipsfløyta vart skoten av, slik at denne ikkje kunne brukast. Med sakte fart tok skuta seg inn mot land ved Riseneset medan dei mørke stålfuglane durte over dei. Skota hadde laga hol i nokre bensinfat og tjæretønner som stod på bakken og det oppstod brann. Nokre dyr strauk med i kuleregnet, blant anna ein hest som stod på akterdekket. 

For dei som ikkje kjende «Gula» kan det seiast at ho var både kvalenes og frydens skip for folk som trengde henne. Det er få skuter som er vorte så utskjelt og så elska som «Gula». I 1910 såg ho dagens ljos. Meininga var å klare kystruta Solund-Selje og det gjorde ho. 

Ei «rullebøtte» av dimensjonar var ho. Midtskipet stod som eit tårn til vers og folk sa at det skulle vera for at skipparen skulle augna land over båretoppane. Snakk ikkje stygt om «Gula» til ein gamal suling eller guling. 

Salongen var halvegs oppe i «tårnet» og var for «storingar». Denne tente også som offisersmesse. Det var «staua» forut under bakken som var staden. Berre Vårherre veit kor mange sildesteng som er drøfta der, og kor mykje andre si tru og meining om saker og ting har måtte unngjelde. Men i damesalongen sat kvinnfolka andektig, som seg hør og bør, langt vekke fra kallane. 

Attende til åtaket... Passasjerane på andre klasse måtte reddast akteover, over brønnen. Like etter tok det fyr på akterdekket, men der var det lettare å slokke. Dei slo av koblingslokket til vassleidninga og vatnet spruta utover. 

Forut var det verre. Brannen fekk ekstra god næring av tjære og bensin som rann utover dekket. Haugar med postsekker tok fyr og gjekk opp i røyk. 

Kaptein Jens Olav Helmers som hadde frivakt, sprang opp på brua og leia redningsarbeidet med å få skuta til lands. Alle som deltok i dette lempa brennande fat og anna over bord. Dei tok store sjansar då det heile tida var fare for eksplosjonar. Heldigvis var det godt vær, elles er det ikkje gått å vita korleis det hadde godt. 

Det var ein tysk militærforlegning ved Riseneset, og folka der gjorde ein fin innsats i slokningsarbeidet. «Gula» låg langs fjellsida og dei fekk plankar i land som passasjerane kom seg over på. To kvinner i salongen midtskips, mista livet. Ei var i live då dei frakta henne på land, men døydde like etter. Mange var hardt såra, ein styremann spesielt. 

Til Riseneset kom lege Hallvard Natvik frå Eivindvik i full fart med doktorbåten, tilhøyrande John Hellesund. Med seg hadde dei sjukesyster Orlaug Svaberg. Frå Risneneset batteri vart det rekvirert sanitetspersonell frå Nesje Fort på andre sida av Sognefjorden. Sanitetsbrakka til dei tyske militære på Riseneset batteri vart teken i bruk til behandling av dei såra. Om bord i «Gula» var det ein del tyske marinegastar og mange av desse fall i sjøen under redninga ved stranda på Riseneset. Utpå kvelden var elden under kontroll og utruleg nok var dampmaskina intakt, og dei kunne gå frå land for eiga maskin. 

Skøyta «Havblink» frå Haveland, eigd av Henrik Haveland, hadde ulike ruter for selskapet F.S.F., og ved angrepet på «Gula» låg båten i Eivindvik for tur innover Sognefjorden. Over telefonen kom det melding om angrepet, og at dei måtte kome til unnsetning. Dei drog til Riseneset for «full maskin», og etter at dei såra hadde fått førstehjelp, vart dei tekne ombord i «Havblink» og kursen vart sett mot sjukehuset i Høyanger. 

Johan Haveland, son til Henrik, var på den tid 13 år. Han var ofte med på turane. Han likte å farte, og opererte gjerne som kokk ombord. Johan Haveland gløymer aldri denne turen med dei sterkt såra innover fjorden til Høyanger. Det verste var synet av alt blodet som låg att i presseningane i rommet der dei såra hadde lege. 

Det var eit under at ikkje fleire gjekk med i dette kuleregnet frå omlag 20 fly med slepp av fire bomber i tillegg, som heldigvis ikkje traff. «Gula» var ikkje fortapt, - den kom seg inn til Sognefest, og etter ei stund seig den på syd mot Bergen same kvelden. Rett nok svaia maskina mistenkeleg på fundamenta og pumpene måtte brukast heile vegen, men fram kom dei. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal